mandag 3. mars 2014

Til Skjolden 2. mars.

Det er ikkje kvart år ein kan sykle til Skjolden 2. mars.
Eller rettare sagt, ein KAN, men det er ikkje sikkert det er så smart hvis det er snø og is.

Det kan komme masse snø enda i vinter (vår), dei siste to åra har det t.d. snødd i mai.
Men no var det inga veg utanom. Været og temperaturen var såpass anstendig at det var kanskje ikkje altfor kaldt, og vi avtalte å ta årets første Skjoldatur.
Vi skulle eigentleg vore tre, men sistemann sende ei melding om at han trudde det var for kaldt.

Det er derfor ekstra hyggeleg å kunne fastslå at kulda var ikkje noko problem. OK, det var kanskje berre 4-5 grader, men eg har frose meir i juni for å sei det slik. Turen til Turtagrø våren 2012, eller til Styggevatnet i fjor sommar var langt verre.

Vi traff andre syklistar også. To på Nes (på veg opp bakken), og ein i Luster.
Noko vind fra alle retningar var det også, samt snøkavar borti Krokafjedli. Vinden snudde omtrent på ein femøring. På Nes var det kraftig motvind så vi låg i 24, medan berre eit par kilometer lenger inne kunne vi koste på i 40.
Inn mot Skjolden gjekk det rimeleg greit, sjølv om makkeren antaglegvis har trena bedre i vinter. Dessutan trengs det nokre mil på å få beina i gang. Spinning er ein ting, det å komme ut på asfalten er noko heilt anna.

Vi brukte 52 minuttar inn til Skjolden, og stoppa ikkje lenge, kun for å fiske fram ein bar fra baklomma. Utover fjorden kunne vi sjå at det var snøkavar langt nedover, og eg tenkte vi kom til å møte snø på vegen, noko som er litt guffent når ein syklar.

Men vi fekk ikkje snø på oss, derimot nokre dropar regn. Det tåler vi, for det var berre litt morgondogg som hadde klumpa seg litt.

Eg sluttar aldri å undre meg over at det er så mykje tyngre å sykle utover att, enn motsatt. Og eg tenker ikkje på vinden. Nei, på veg heimatt merkar ein bakkane på ein annan måte, t.d. den vesle stigninga opp til Gullringtunnelen, eller forbi Kvalsviki. Alle bakkane er kortare, men følgeleg brattare fra Skjoldasida.

Nesbakken er også vorte noko lenger og brattare i løpet av vinteren, det er eg sikker på.
Totalt stig denne bakken berre i ca. 1,4 km, og ikkje meir enn anslagsvis 70-80 høgdemeter, men det er rart med det. Når ein kjem på toppen så er ein nesten på makspuls likevel.


Fra Neshøgdi bruker ein alltid litt tid på å komme til seg att. Erfaringsmessig vert det ofte stor spredning opp denne bakken når vi er fleire som er ute og trillar, men i går holdt vi i lag heile vegen. Derfor vart det ikkje noko venting, og det var berre å rulle mot bøgdi att.
I utløpet av Råatunnelen var det kome ned noko is, men som lokalkjende er vi vel vande med det akkurat her.

Det vart ikkje noko djupe analyser denne dagen, det var nå blitt såpass kjølig at det ikkje var noko grunn til å stå ute å vente på å fryse.
Vi var einige om at det hadde vore ein grei sesongopning, sjølv det kanskje gjekk litt for fort etter min smak. Får håpe det betrar seg utover.

Litt statistikk:
Distanse - 50,3 km.
Snittfart - 27,98 km/t
Tid - 1,46,03
Toppfart - 52,2
Snittpuls - 147 (80%)
Makspuls - 176 (96%)
Kcal - 1315


Sidan eg ikkje har noko bilde, så legg eg ved eit fra ein av fjorårets finaste turer, fjorden rundt i juli ein gang.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar