lørdag 22. mars 2014

Milano - San Remo

Oppdatert 23.3.2014:
Så skulle det altså skje...
Ein norsk syklist går til topps i eit av sesongens aller største ritt.

Dette er ein sykkelprestasjon kun overgått av Hushovd sitt VM-gull i Australia, og faktisk ein av dei større norske idrettsprestasjonar nokonsinne.
Etter mitt syn er dette ein adskillig større prestasjon enn nokon av OL-gulla "vi" tok borti Sochi.

For Milano-San Remo er ikkje "berre enda eit sykkelritt".
Det er sesongens lengste eindagsritt, med over 100 års tradisjon.
Det går av stabelen i ein av verdas leiande sykkelnasjonar, og sykkel er stort. Det er ein verdsidrett med millionar av utøvarar.
Milano-San Remo er eitt av sykkelsportens fem monument, dvs. dei fem største, mest tradsjonsrike, lengste og tøffaste sykkelritt som er mogleg å vinne.
(Dei fire andre monument er forøvrig Ronde van Vlaanderen, Paris-Roubaix, Liege-Bastogne-Liege og Giro de Lombardia.)

Norske syklistar har vunne Het Volk, GP Lazio, Gent-Wevelgem og E3 Harelbeke, men dette er likevel mykje større.

Eg bøyger meg i støvet for Alexander Kristoff, og dette står for meg som årets norske idrettspresasjon, iallfall fram til han evt. vinn i Flandern Rundt eller Roubaix.

******************************************************


Så er vi omsider i gang med den artigaste delen av sykkelsesongen.

Mange meiner at tre veker i juli er årets høgdepunkt, men etterkvart som åra har gått er det vårklassikarane som er dei desidert artigaste for min del.

Vi starta eigentleg for tre veker sidan med Het Volk (OK, eg veit det heiter noko tungt og vanskeleg nå til dags) og Kuurne-Brussels-Kuurne, men det er med årets første "monument" at vi er i gang for alvor.

Milano-San Remo vart køyrt første gang i 1907, og har berre eit par årgangar som står blanke sidan den gang, endatil under krigen vart dette rittet køyrt fleire ganger.
Det ligg i navnet kor rittet går.... Fra storbyen Milano, ned til Middelhavskysten, og i mål i vesle San Remo, ikkje så langt fra gensa til Frankrike.
Rittet er for det meste flatt, høgaste punktet er Passo del Turchino på litt over 500 moh.
Denne stigninga vart lagt inn for nokre år sidan, liksom for å gjere det ein smule verre for spurtarane, som påd en tid dominerte totalt. Men Turchino ligg nesten 15 mil fra mål, og betyr eigentleg ikkje så veldig mykje for sluttresultatet har det vist seg.

Utover langs Middelhavskysten går rittet inn i dei såkalla "capi". Det er små bakkar, som kvar for seg ikkje gjer så mykje, men som til saman kan gjere at dei tyngste spurtarane ikkje heng med over dei to siste bakkane, Cipressa og Poggio.
Cipressa kjem 22 km. før mål, er ca. 5,5 km. lang og stig 232 høgdemeter. Det er m.a.o. ikkje så ulikt stigninga fra fjorden og opp Årøyane til Kvamshaugen.
Farten opp denne bakken er berre intens, men er likevel berre ein forsmak på det som ventar opp den aller siste bakken, nemleg Poggio som toppar ut sju km. før mål.
Poggio stig berre 160 meter på 3 700 meter, dvs. Nesbakken ganger to, men farten her er til å bli matt av. Det går utruleg fort, nettopp for å kvitte seg med dei beste spurtarane.
Nedatt mot San Remo er det ei ganske krevande nedkøyring, og nokre kjem garantert til å falle her. Det skjer alltid.

I motsetnad til dei nordlege klassikarane dei kommane helgane, så går Milano-San Remo berre på asfalt.
Så  det vi har er altså ei ganske flat løype, med lite bakkar (for proffsyklistar vel og merke), kun på asfalt... Kva er det da som gjer dette så uforutsigbart?

Det er lengda. Rittet er på 294 km. I tillegg kjem vel ei nøytral sone på 10-15 km....
Ryttarane skal altså igjennom over 30 mil, og sit på sykkelen i ca. sju timar.
Det er sesongens lengste ritt, og har vore det heilt sidan Melbourne-Warrnambool vart korta ned av UCI for nokre år sidan. (Dette australske rittet vart forresten køyrt første gang i 1895, og har vore på 300 km)

Det å sitte på sykkelen i 300 km. kan mange av oss klare, men det spesielle med San Remo er at det går fortare og fortare jo nærmare ein kjem mål. Dei laga som ikkje har dei beste spurtarane gjer alt for å få sine kapteiner over Poggio utan ein raskare konkurrent fra eit anna lag. Eit fascinerande skue.


I fjor vart rittet øydelagt av grisevær deluxe. Det låg snø på vegen, og det hølja ned i låglandet. Ryttarane er ikkje akkurat plaga med mykje kroppsfeitt, og dei braut i hopetall. I år er det meldt bedre vær, og arrangøren fekk ikkje med den stigninga som dei hadde planlagt på slutten. Det gjorde at dei beste spurtarane ombestemte seg, og ville være med likevel. Så får vi sjå om Cavendish og Greipel heng med over Cipressa og Poggio....

Favorittane må være dei to nemnde, men vi må og ta med John Degenkolb. Han heng med bedre over bakkane enn dei to andre spurtarane.
Og vi må ta med Sagan. Han klatrar fra alle sine spurtkonkurrentar, men er neppe like kjapp i ein rein spurt.
Eg nemner også Rojas fra Movistar. Han er i godt slag, og vart nr. fire i Paris-Nice, til tross for at han vert rekna som ein spurtar. Men hans problem er jo at han nesten aldri vinn noko som helst... Han blir vel nr. fire.

Norske? Fem stk. deltek. Kristoff imponerte i fjor. Han tåler distansen, er i godt slag, og tek bakkane minst like godt som Greipel og Cavendish. Men han har ikkje sjans mot Sagan oppover.
Hushovd er også med, og han har  sett bra ut i vår. Han må berre riste av seg dei 8-10 bedre spurtarane først.
Nordhaug er med for Belkin, og han er aggressiv nok til å kunne angripe i Poggio, og er ein god teknisk syklist som kan holde dei på avstand ned mot mål. Dessverre er det andre syklistar som er bedre enn han til akkurat det samme.
Fra Sky kjem Rasch og Edvald. Rasch har berre nokre veker att av si aktive karriere, og er som vanleg rein hjelpemann. Boasson har verka bortreist det meste av sesongen så langt, og eg må innrømme at eg ikkje ser så veeeldig lyst på framtida hans. Han verkar til å ha stagnert, men eg får håpe eg tek feil.
Han har aldri hengt med teten inn, og distansen har vorte hans hemsko. Men, han vart jo nr. 2 i VM for halvanna år sidan, så vi får håpe det beste.


Dette er litt av sjarmen med Milano - San Remo. Det er det klassikarrittet som er vansklegast å spå utfallet av. I dei andre vårklassikarane er det knapt ein handfull med favorittar, men denne italienske storfesten er vidåpen.

Rittet går søndag f.k. Reknar med at både Eurosport og TV2 sender nokre timar. Og hugs: Sjekk farten opp Cipressa og Poggio.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar