torsdag 27. februar 2014

Skal du sykle ritt i sommar?

Sjølvsagt skal du det.

Og det kan gjerne være for turen sin del, ikkje for å sette rekordar eller å slå naboen.

Her i Sogn bør det være obligatorisk for einkvar trimmande sjel å ta turen fra Lom til Sogndal første helga i juli, i det minste ein gang før ein dør.
Sognefjellsrittet skal til sommaren gå for 17. gang, og har blitt eit fint alternativ til storebroren Jotunheimen Rundt.
Sognefjellsrittet er "berre" 137 km, men har ein del stigning dei første fem mila, slik at ein vert heller gåen i beina når ein er komen opp til Sognefjellshytta. Der er det imidlertid ein populær matstasjon, og langt dei fleste stoppar her.

















Her er eit stemningsbilde fra i fjor, og det er meldt slikt vær i år også.

Naturen er eineståande på denne turen, og i finvær er dette berre ein heilt fantastisk tur.
No skal det føyast til at turen er minneverdig i drittvær også, men på ein litt annan måte....
Det er først når ein har sykla over Sognefjell i regn og snø at ein forstår kva ordet kulde eigentleg betyr.
Heldigvis varer ikkje det så lenge, for nede i Fortun er det gjerne som i ein bakaromn i forhold til fjellet. Eg har kome ned der i steikande sol, og nesten vorte lamma av varmen. Eg opplevde dei 35 gradene som meir plagsomme enn dei 2 pluss som var på fjellet.
NB: Dette var to forskjellige år. Trur det var i 2002 det var snø og slaps over fjellet, medan det var i 2005 at det omtrente kokte asfalt.

Er du redd for å komme sist?

Tull, du blir aldri sist. Og om du blir sist; Er det så nøye?
Turen fra Lom til Sogndal skal ha "reisa som målet", sjølv om du også får ein kotelett og ein kopp i Sogndal etterpå.
Eg vil gjerne utfordre alle dei spreke spinningdamene på Luster Treningssenter: Meld dikka på i samla flokk, og finn eit par likesinna å sykle med. Avtal at de skal sykle i lag heile vegen, det hjelper på moralen å ha nokon med seg. Ta det som ein tur i eineståande natur.

Hvis du er heilgal, så skal du sjølvsagt melde deg på Jotunheimen Rundt. Dette er imidlertid eit svært tøft ritt og skal ikkje prøvast før ein har trent mykje og lenge.
Det året eg køyrde, i 1994, hadde eg trent som ein gal heile våren og vinteren før, men mangla dieselmotoren til å tåle distansen og timane. Det hadde blitt mange turar på 7-8 mil, men det dug ikkje når ein skal over tre (og eit halvt) fjell, 43 mil og gjerne oppmot 20 timar på sykkel.


Eg vil også nevne Sognefjordsrittet fra Skjolden til Sogndal. Dette fine minnerittet etter ein av dei hygglegaste medsyklistar eg nokon gong har hatt gleda av å trille med, er eit must for alle som ikkje torer å ta starten fra Lom. Inntekta går til ei god sak, og det er eigentleg grunn god nok til å være med.


Andre ritt?
Det kryr av ritt. Altfor mange faktisk.
Trondheim-Oslo har jo ein drøss med variantar nå, og eg vurderte seriøst å være med på Dombås-Oslo, ca. 330 km.
Det vert ikkje noko av det denne sommaren, men forhåpentlegvis ein annan gang.

Så har vi jo Bergen-Voss, det er også obligatorisk for einkvar vestlending. Det er ca. 16 mil, og meir opp/ned enn ein skulle tru. Eit flott ritt i praktfull natur, men dessverre skjemma av eit enormt deltakarantall etter min smak. 5500 meir eller mindre rabiate bergensarar som trur at det er viktigast å stresse som ein gal gjennom Hardanger? Neitakk.
Men veldig bra arrangert, med godt vakthald og organisering.

I Nordfjord har dei nyskapinga Nordfjordrittet, ca. 13 mil. Her er det nok mykje meir stigning enn ein skulle tru, men Panoramavegen er verdt turen åleine. Arrangøren opplyser på sine nettsider at det er ca. 2000 m. stigning, dvs. ca. 100 m. mindre enn t.d. Bergen-Voss.
Men sikkert mest slitsom er alle fjordarmane ein skal rundt....

For min eigen del vert Voss-Geilo haustens hovudmål. Fantastisk flott tur i fjor under jomfruutgåva, men veldig slitsomt, verre enn eg hadde trudd.
16 mil totalt, og Måbødalen etter 8 mil var hardt nok. Det var også spesielt å sykle over Hardangervidda. I slutten av august vil det ikkje forbause meg eit sekund om vi kjem borti snø her. Noko som jo gjer det ekstra artig å komme til mål.
Eg kan framleis hugse jernbanebrua på Haugastøl, det var som eit berg.
















Dette bildet er fra gamlevegen ovanfor Eidfjord. Utruleg artig trase. Til neste år får vi håpe at gamlevegen opp heile Måbødalen er utbetra. I år måtte vi sykle gjennom ein tunnell på ein km. i motbakke, det var ikkje noko særleg, ikkje for oss syklister og GARANTERT ikkje for alle bilane som var på vegen...


Med ynskje om god trening i vår!





tirsdag 18. februar 2014

Topp 10 dopingunnskyldningar

Sidan det pågår eit idrettsstevne borti Russland om dagen, så passar det bra å referere feltet.dk sine ti beste/verste dopingorsakingar.

Feltet.dk er ei dansk nettside om landevegssykling ispedd litt om sykkelcross nå om vinteren.
Sida er ganske populær i sykkelkretsar, på det meste er det oppgitt over tre mill. treff på ein månad.

Men tilbake til doping, eit tema som unektleg høyrer sykkelsporten til.
Når det er sagt, så er inntrykket at sykkelsporten er ein av svært få idrettar som har gidda å gjere noko med problemet. Andre store idrettar, t.d. friidrett, symjing, tennis og fotball for berre å nevne nokre få, har ein laaang veg å gå her.


Orsaking nr. 10:
Adri van der Poel fra Nederland testa positivt på stryknin(!) i 1983. Stryknin er ei gift, som kan være dødeleg i litt for store dosar.
Van der Poel hevda at stoffet kom inn i kroppen hans via duer som hans far hadde skote på jakt, og deretter servert til middag.
Det høyrer med til historia at på den tid vart duer visstnok fora med strykninhaldig for, og neppe hadde noko særleg effekt på van der Poels sine prestasjonar.
Han vart da heller ikkje dømt for dopingbruk.

Orsaking nr. 9:
Frank Vandenbroucke er ein av dei største talenta som har vore i sykkelsporten siste 15-20 åra. Han var berre 24 år gamal da han vant storrittet Liege-Bastogne-Liege, kanskje det tøffaste av alle tøffe eindagsritt, i 1999.
Derfra gjekk karriera mildt sagt i bølgedalar, og han prøvde både sjølvmord og gjennomgjekk ekteskaplege problem dei neste åra. I 2001 vart huset hans ransaka, og det vart da funne dopingmidlar av type clenbuterol.
Forklaringa? Det var astmamedisin til hunden hans....
Vandenbroucke døydde i 2009.

Orsaking nr. 8:
Vi er fortsatt i avdelinga for clenbuterol, og vi skal fram til eit svært kjent tilfelle, nemleg Alberto Contador som testa positivt i 2010.
Det må føyast til historia at mengda clenbuterol som vart funnen var svært liten, så liten at det faktisk var berre eit dopinglaboratorium i verda som kunne påvise det. Hadde dette skjedd her til lands, så hadde det ikkje blitt oppdaga.
Men orsakinga hans vart klassisk: Det var nemleg ureina kjøtt som hadde inneholdt det ulovlege stoffet.
Biff fra Kina er rekna for å innehalde store mengder clenbuterol grunna foringa, men dette skjedde i Franrike...
Han vart utestengt i to år.

Orsaking nr. 7:
Gilberto Simoni var ein av dei beste klatrarane i Giroen for 10-15 år sidan. Han vant den italienske Grand Tour to ganger, men klarde aldri å hevde seg samanlagt i Touren.
I 2002 testa han positivt for, av alle ting, kokain. Ikkje berre ein gang, men to. Første gang tidleg på våren   i rittet Giro del Trentino. Da skulda han på tannlegen sin.
Nokre veker seinare, under Giro d`Italia, testa han på kokain atter ein gang. Årsaka nå? Jo, han hadde fått nokre drops fra si tante i Peru, og der brukar dei antaglegvis kokain slik som vi brukar sukker. Iflg. Gilberto vel og merke.
Han vart, merkleg nok, frifunnen, og kom tilbake året etterpå, og vant det italienske storrittet for andre og siste gang.

Orsaking nr. 6:
Raimundas Rumsas fra Litauen fekk sine "15 minutes of fame" i 2002, da han vart nr. tre i Tour de France. Samme dag som han stod på pallen i Paris, vart imidlertid kona hans stoppa av italiensk politi, med bilen lasta med 37 (!) forskjellige typar dop/medisinar.
Kona vart varetektsfengsla, og der vart ho ganske lenge, for Raimondas, som den gode ektemann han var, nekta å reise til Italia for å hjelpe. Han kunne nemleg havne bak lås og slå sjølv.
Men orsakinga for at kona hadde bilen full av godsaker var ein av dei bedre: Det var medisin og uthaldenheitsdop til hans sjuke svigermor i Litauen. Kona skulle altså køyre fra Italia til Litauen med 37 forskjellige typar dop....
Raimondas køyrde forresten for eit italiensk lag, og var busett der i landet.
Han vart tatt for EPO-bruk året etterpå under giroen, og påstod at det var laget som hadde dopa han.
Han har forlengst lagt opp (heldigvis), og er trenar for sonen sin, som også skal bli syklist.

Orsaking nr. 5:
Christian Henn fra Tyskland var også "uheldig" med godteri og svigerforeldre. I 1999 testa han positivt på testosteron. Dette vert gjerne nytta som muskeloppbyggande middel, men i Christian sitt tilfelle var det svigerforeldra som fekk skulda. Dei hadde nemleg gitt han ein urteblanding for at han skulle bli meir forplantingsdyktig. Sa han.
Han vart forresten far ikkje så lenge etterpå, og la opp som sykkelryttar.

Orsaking nr. 4:
Tyler Hamilton fra USA og tidlegare lagkamerat med han der amerikanaren som alltid "vant" i touren, hadde også ein av dei meir sære forklaringar på at han testa positivt.
Han vart tatt under Vueltaen i 2004 (dei positive prøvane hans fra Athen-OL 2004 måtte dessverre makulerast grunna prosedyrefeil), og forklaringa?
Jo, han hadde ein annan persons blod i sina årar, nemleg hans ufødte tvillingbror.
Den fantasifulle forklaringa hjalp imidlertid lite, han vart dømt så det susa. Hamilton har i ettertid vore eit nøkkelvitne i saka om US Postal og den organiserte dopbruken der.

Orsaking nr. 3:
Floyd Landis kjenner dei fleste sykkelinteresserte til. Det var mannen som "vant" Touren i 2006, men som berre nokre dagar etterpå vart tatt i juks. Jukset skjedde på ein makelaus etappe, dagen etter at Landis hadde kollapsa og tapt masse tid, samt samanlagtleiinga.
I løpet av natta fekk han ein kjempedose testosteron, og han var tilbake i toppen etter ein avsindig prestasjon, nesten for god til å være sann. Og det var han jo.
Landis skulda på eit naturleg høgt nivå av testosteron, dvs. meir mann enn dei fleste av oss, samt at han hadde fått ei lovleg sprøyte med cortison grunna ein hofteskade. Som om ikkje det var nok, så hadde han også drukke whiskey dagen før. Og whiskey fra amishmiljøet til Landis hadde kanskje også masse dop i seg???
Nokre år etterpå tilstod han alt saman, og han vart til sist mannen som endeleg avslørte Lance Armstrong.

Orsaking nr. 2:
Dario Frigo var ein italiensk toppsyklist for 10-12 år sidan. Han hevda seg i toppen i både Grand Tours samt kortare etapperitt. Han er ein av få syklistar eg har direkte mislikt, nettopp fordi det alltid var noko krøll med han.
I 2005, under Touren, vart bilen hans stoppa med ti dosar EPO.
Korleis skulle han forklare dette?
Enkelt. Han var ein svak sjel, og hadde slikt med seg, men han hadde aldri brukt det.
Yeah, right.

Orsaking nr. 1:
Vi skal over til terrengsykling, og til dameklassen for å finne den mest meiningslause dopingorsakinga.
Ivonne Kraft fra Tyskland vart tatt i 2007 for astmamedisinen fenoterol.
Men Kraft brukte ikkje slik medisin, så korleis var det da komen inn i kroppen hennar?
Det var mora sin astmamedisin som eksploderte i campingvogna hennar, og tilfeldigvis var Kraft i vogna, og akkurat da hadde ho sagt "ups" i rein forvirring over eksplosjonen, og vips! ho vart tatt for doping.
Ivonne Kraft vart merkleg nok ikkje straffa noko særleg for dette, kun utestenging fra rittet, samt ein advarsel fra det tyske forbundet.


Neste gang:
Morsomme bortforklaringar fra andre idrettsgreiner.



søndag 16. februar 2014

The Canyons

Eg har stor sans for bøkene til Brett Easton Ellis.
Derfor var det med ein smule forventning at eg skulle sjå ein film han har vore involvert i, nemleg den såkalla erotiske thrilleren "The Canyons".

The Canyons.png

Og når ein har forventningar, så vert nedturen desto større når heile greia er stort sett søppel.


Men først litt om "handlinga":
Tara (Lindsay Lohan!!) og Christian (Pornostjerne James Deen) spelar eit openbart vellykka par i det bedre strøk av byen. Om dagen verkar det ikkje som dei gjer noko som helst matnyttig, men om kvelden lagar Christian sine eigne filmar, gjerne med Tara i rolla.....

Ein del forviklingar følgjer, bl.a. drøssevis med fortrulege samtale to og to imellom.
For å sprite opp stemninga innimellom, så får vi sjå Lindsay meir eller mindre avkledd her og der, noko som eigentleg ikkje er så voldsomt spennande. Ho har tross alt blitt fotografert avkledd før.

Har eg høyrt.


Det erotiske elementet i filmen er like dampande som ei pakke skinke fra kjøledisken til Spar.
Thrillerelementet er totalt fraværande, det einaste vi håpar på er at ein eller annan seriemordar skal komme å knerte heile denne overfladiske gjengen som er med i filmen. Men antaglegvis vart seriemordaren sittande å prate fortruleg med psykologen sin eller noko sånt.
Spenninga er altså lik null.

Fins det i det heile teke noko bra med denne smørja?
Vel, James Deen er faktisk ein bedre skodespelar enn ein skulle tru. I pornobransjen er det som kjent ikkje berre Oscarkandidatar som deltek, men Deen kunne sikkert hatt ei framtid i mainstreamfilm, hvis han gadd.
Iflg. Wiki skal han, sin unge alder på 28 år til tross, ha delteke i over 1400 xxx-filmar, unekteleg ein prestasjon.
Og nei: Eg har ikkje sett nokon av dei.

Fallet til Lindsay Lohan er med denne filmen totalt. Ho gjer forsåvidt ein OK jobb, men det å i det heile teke være med i eit slikt meiningslaust makkverk må være det førebelse nullpunktet i karriera hennar. Det einaste som kan "toppe" dette, er hvis ho blir med Deen over i ein av bransjefilmane som han nok trives bedre i...

Dei andre figurane i filmen verkar til å være laga av papp.
Eindimensjonale irriterande bifigurar, som ein ikkje har sett før, og som ein heller ikkje vil sjå att i nokon annan film. Ever.


Så. Kvar skal ein få sjå desse knappe 100 minuttane? Det kjem neppe på ein kino nær deg?
Nei, heldigvis.
Filmen, som kosta 250 000,- USD iflg. wiki, var ein komplett fiasko da den kom ut i august i fjor. Det var sikkert ikkje så mange kinoar som i det heile tatt ville sette opp denne.
Så hvis du vil lide deg gjennom 98 minuttar drittfilm, så er YouTube staden å gå. Det at heile filmen ligg der fortel vel også noko om kor erotisk dette er.

Som over middels filminteressert kan eg med handa på hjartet sei at dette var ein gedigen nedtur.
Ellis kan neppe være særleg stolt over å ha vore med på ein slik katastrofe av ein film, og eg føresler at han for all framtid held seg til det han kan best, nemleg å skrive bøker.

Årets klaraste terningkast

onsdag 12. februar 2014

Ut på (sykkel)tur, aldri sur!!

Årets første utandørstur i ettermiddag!

Det var ikkje så langt, og heller ikkje fort, men vær og føre var av ein slik art det gjekk ikkje an å la være. Men eg traff ingen andre som var av same oppfatning.

OK; eigentleg måtte eg ut å trille fordi trimmen med den nyskipa sykkelklubben gikk skeis i kveld.
Kan ikkje rekke alt, for samstundes med trimmen var det eit spennande møte på skulen. Som eg ikkje var på.
Eg brukte terrengsykkelen, hadde nemleg planar om å sykle fram mot dynamittlageret og heimatt forbi Hagasanden.
Den har stått omlag ubrukt sidan i fjor haust ein gang, noko som er litt synd og skam, da det jo har vore mest snøfritt i to månader nå.
Fekk pumpa opp dekka, og trilla ut mot campingplassen for så å ta gangvegen fram forbi Pyramiden, idrettshallen og bort på Røneid. Alltid best å sykle der det ikkje er bilar. Dessutan var Runkeeperen satt på, i modus Mountain Bike. Dessverre skulle det vise seg at batteriet på iPhonen var litt for lite opplada, og det er iallfall sikkert at kulde er ikkje den beste medisin for dagens telefonar, 5 varme til tross.

Gamlevegen på Røneid har fått asfalt og gatelys siste åra, så det er reine velstanden å trille der nå.
Men kvifor er det ikkje satt opp rekkverk her?



Skulle ein bil køyre utfor her, og ned i vegen nedanfor så kan det umogleg gå bra.
Vel, eg hadde ikkje tid til å irritere meg over manglande rekkverk, og susa vidare opp mot sandtaket i kollosal fart. Over brua til skytebana.... og så var det is. Meir passande med skøyter der, og sidan eg ikkje hadde piggdekk, så var det samme veg tilbake. Tok turen borti Marifjøra, mest for å sjå korleis det stod til med den nye fine gang/sykkelvegen som vart anlagt der i fjor.
Som kjent er denne strekninga ein del rasutsatt, det var jo derfor dei bygde tunnelen!

Tok det med ro, og holdt god utkikk oppover fjellsida....
Litt is her og der var det, men ikkje noko stein som var gått i asfalten. Derimot hadde det ramla ned e blokk på eit tonn som hadde landa like ved, samt eit stort tre. Det dekka halve vegbana, men nokon har teke seg bryet med å fjerne greiner og røter, så det var ikkje noko problem å komme forbi.



Så da skulle eg ta bilde av rota, og da tålte ikkje telefonen meir. Utlada. Etter knappe ni kilometer og under halvtimen. Jaja. Det fins verre ting her i verda. IOC t.d.

Eg trilla forbi tunnelen, og stoppa for litt drikke.

Det var framleis bra lys, enda klokka var passert 1700, så eg bestemte meg for ein kjapp tur rundt bygda att. No forstod eg kvifor det hadde gått så lett bortover mot Fjøra. Vinden.

Sykla gamlevegen om Røneid bort til Stasjonn, nedatt, over Gamlebrua og opp gangvegen til kyrkja. Vidare opp Gardavegen og nedatt turstien langs Engadalselva. Fint å avslutte der, slik at ein kunne få gjørme seg til littegrann.


Konklusjon: Knappe timen totalt, og neppe meir enn 15-16 kilometer, men det er bedre enn ingenting. Beina kjendes bra ut til å være februar, spinningøktene har kanskje vore til nytte??

Det som ikkje kjendes så bra ut, var alle kiloane ein skulle dra med seg oppover bakkane. Dei må vekk. Iallfall ein del av dei, noko som blir ein tøff jobb, mat er jo godt.

Det er iallfall ingen problem å sykle ute når været er som nå. Sjølv om dette er minst halvannan månad før det normalt er mogleg å sykle ute, så går det fint an. Eg hadde på meg, som vanleg, litt for mykje klede.
Men skulle hatt noko bedre på skallen, buffen vart litt tynn.

tirsdag 11. februar 2014

"Heiberg: - Norge er i utgangspunktet kjent for å være arrogante"

Dette er overskrifta i ein artikkel på VG Nett i dag.

Og det har han jo heilt rett i. Berre ta ein kikk i spegelen, for den mest arrogante nordmann i desse OL-tider er jo nettopp Heiberg himself.


Det er pinleg å ha ein slik mann til å representere nasjonen i verdas mektigaste idrettsorganisasjon.
Sjølv om han sikkert gjorde ein god jobb på Lillehammer for 20-25 år sidan, så framstår han i dag nettopp som ein del av det gubbeveldet som IOC alltid har vore.


Først var visst nordmenn arrogante fordi Russland protesterte etter denne tremila her om dagen.
Det høyres jo veldig pussig ut, men er likevel ikkje anna enn eit dumt utsagn. Sundby var alt anna enn arrogant i intervjua etterpå. Heiberg derimot....

Lavmålet kom likevel da geriatriklubben, dvs. IOC, retta ei henstilling til det norske langrennslandslaget at dei ikkje burde brukt sørgeband.
Heiberg, som jo ikkje kan/tør/vil være anna enn einig, sa at han forstod jentene, men at dei måtte ha reglar å forhalde seg til.

Oh. My. God.



I dag var det også litt dill, da Bjørgen kunne miste eit gull fordi eit brettspel, eller kva det no var, hadde brukt ho i ein reklame under "leikane"....
IOC, som sug pengar ut av sponsorane sine til dei grader, nektar i to veker utøvarane å drive marknadsføring for dei som tross alt støttar dei tre år, 11 månader og to veker ellers, dvs. mellom to "leikar".


Hvis det framleis fins nokon som synes det er ein god ide å arrangere eit vinter-OL i Oslo om nokre år, med denne råtne gjengen som arrangørar, så gjerne for meg.
30 mrd. (minst) for å halde denne gammelmannsgjengen med kanapear og champagne?

Urk.



Idrett kan være veldig artig å sjå på, men nå er det faktisk blitt litt sånn "denne OL-driten gidd eg ikkje følge med på".
Takka være IOC og Gerard Heiberg.

PS: IOC har verdas verste idrettsleiar som "æresmedlem". Tidlegare sjef for UCI, det internasjonale sykkelforbundet,  Hein Verbrugghen fekk den æra for nokre år sidan.
Berre det å ha ein slik mann som æresmedlem er eigentleg nok til å mislike heile IOC.

fredag 7. februar 2014

OL i Sochi.

Da har eg fått med meg store deler av opningsseremoien fra dette idrettsstevnet borti Russland.

Storslagent.
Overdådig.
Praktfullt.

Slike ord vert gjerne brukt, og vi kan vel alle hugse opninga fra Beijing i 2008.
DET var storslagent, overdådig og praktfullt det.

Eg synes ordet "kitsch" passar bedre. Med det unntaket at eit OL kostar perverst mykje pengar.
Det å bruke nokre hundre milliardar på dette er i tillegg ei grotesk handling når ein ser på kva pengar helle KUNNE blitt brukt til.

Kva med å utrydde polio t.d? Ein gang for alle?
Det hadde neppe kosta meir enn ei halv tribune på ishockybana.

Kva med å fyllt opp att Aralsjøen, Sovjet si største miljøkatastrofe?
Det hadde imidlertid kosta MINST like mykje som bob og akeanlegget, samt hoppbakkane tilsaman.


Det å bruke slike avsindige summer på eit idrettsarrangement over 17 dagar er heilt villt.

Heile arrangementet, men spesielt opningsseremonien, minner om ein forvokst stormannsgal versjon av Liberace.





I Oslo vil dei arrangere nytt vinter-OL om åtte år.
Det vil sjølvsagt ikkje koste 300 mrd, men kanskje vi kan klare oss med usle 30 mrd. Skjønt; det er kroner det og.
Og dette berre nokre få år etter at Tromsø-OL 2018 måtte avvisast fordi det var "for dyrt"....
Idrettsforbundet er hyklersk som berre eit par år etter går inn for det samme arrangementet, berre med den forskjell at det er i nabolaget.




Så. Kva skal vi sjå på under "leikane" da?
Det blir neppe så mykje. I morgon er det heimekamp mot Arsenal, samt spinning i to timar på ettermiddagen, noko som er adskillig viktigare.
Det eg kan tenke meg å følge med på er ishockyen, samt utfor, menn. Dessutan er skiskyting, spesielt stafetten, litt gøy. Skøytesprint er også kult.

Den dagen IOC får med cyclocross på programmet, så skal eg juble. Her eit bilde fra forrige helgs VM i Nederland.

Dessverre går ikkje dette på snø eller is, men publikumsmessig er nok dette ein adskillig større vinteridrett enn mange av dei greinene som er med i OL i dag. Og det betyr jo: Meir cash inn i kassen til geriatrigjengen IOC.
Så kanskje vi kan håpe?

torsdag 6. februar 2014

"Ung Jord"

Oppdatert 11.3.2014:

Zapping på TV på seine kveldstimar er ikkje alltid like smart. Spesielt ikkje når ein kjem forbi kanalar som er i ko-ko land. Rett nok kan det tjene som underholdning, men det går ei grense for toskeskapet.

Nei, eg tenker ikkje på halvsnuskeriet på nattestid, men på dei kanalane som ligg like ved, nemleg Visjon Norge, Lifestyle og andre ute i den meir nisjeprega sjåarmarknaden....

I mitt einfold trudde eg at (ny)kreasjonistar stort sett var forbeholdt amerikansk høgresida (laaaangt ute), og einskilde psykiatriske tilfeller.
Men nei.

På lifestyleTV prøver dei å kombinere moderne vitenskap med Bibelen.
Og dei går på trynet så det er ein fryd. Eller; Det er moro dei første 30 sekundar, heilt til du forstår at dei meiner det dei seier.

Forrige kvelden var det sending fra Stavanger. Kanalen hadde samla eit panel med ein møteleiar, og fire "debattantar", som alle var stort sett einige: Jorda er skapt av Gud iflg. Bibelen. Syndfloden er eit faktum (om enn ikkje over heile jorda samstundes). Dinosaurar og menneske levde side om side. And so on.
Med fem personar i panelet som var einige, så var det forresten ikkje rare debatten , kun eit lass med... ja... tulball eigentleg....


For all del: Eg har ingenting i mot at folk trur på gud, Allah, buddah eller Tor og Odin for den del.
Det er når dei blandar 2000 år gamle skrifter inn i moderne kunnskap at eg får noia.
Kva visste dei gamle israelarane om platetektonikk t.d?
Hadde dei det minste peiling på paleontologi? Arkeologi?

Neppe.

LifestyleTV har openbart ikkje fått med seg at verda har gått framover sidan Bibelen vart skreven for eit partusen år sidan.

La tru være tru, og vitenskap være vitenskap.







Evolusjonsteorien er  ikkje ein teori slik som vi forstår orden "teori".
Dette utsagnet fra Richard Dawkins er ganske så treffande.



***********************************************************************


13.2.14:

Fant nokre fleire bilder som eg måtte le litt av...

Her ein kveld var det ein debatt på amerikansk TV mellom Bill Nye, ein kjent vitenskapsmann, og Ken Ham, ein talsmann for "ung jord-teorien".
Eg har ikkje sett debatten sjølv, for eg synes det er dritflaut å sjå vaksne folk være såååå innmari tomme i skallen.

Ken Ham er fra Australia, fødd i 1951, og iflg. sine eigne teoriar, NESTEN like gamal som jorda.

Ok, det var kanskje ein smule overdreve, men ikkje så veldig.
Ham er nemleg ein kjend person i det vesle (eller....??) miljøet som tek Bibelen sine ord om skapinga bokstavleg. Dvs. jorda er 6000 år gamal,vart laga på ei veke, syndfloden skjedde på årntle` og bla-bla-bla.

Personleg meiner eg at den som tek ei over 2000 år gamal bok bokstavleg, må ha ein skrue laus. Samt ein del mutrar.

Men nok om det.



































Etter debatten vart ein del av publikum oppfordra til å skrive ned spørsmål til debattane, og det er da ein tenker:

WOW.

For sjekk desse som "ung-jord" folket klarte å få til.

Enjoy. Eller; Nei.

For fleire gullkorn, sjekk denne sida.



Eg kan svare sjølv: Ja.




Svar: Jorda går rundt sin eigen akse. MEHE.




Svar: Jammen, jorda er jo, iflg. deg, berre 6000 år gamal. Big Bang skjedde for 13,7 mrd. år sidan.
Huff, kor dum kan ein bli.




Svar: Vel, eg er her iallfall ikkje for å bli frelst. Gi meg ein sykkeltur ein fin sommardag derimot, så skal vi snakkast.




Svar: Definitivt.




Svar: Øh, fordi det fins forskjellige artar av primatar?? Kvifor fins det forskjellige typar fisk?



mandag 3. februar 2014

Softporno for 13-åringar

Da har eg sett den nye videoen til Shakira.
Ho har fått med seg Rihanna til å framføre nokre minuttar med sang og "dans".

Det blir sikkert ein megahit, iallfall på YouTube.


Videoen er ganske flau.
Den er ikkje "steamin`hot", eller "erotic".
Den er like erotisk som ei skive med makrellfilet fra Stabburet, men smakar ikkje på langt nær så godt.
Etter halvanna minutt var eg lei.

Konseptet med to liksomlesber trudde eg gjekk ut på dato med t.A.T.u, men det er openbart komne nye hormonfylte 13-åringar til sidan 2003 da dei var på topp.


Men som eit middel til å dra inn trillebårlass med pengar er jo dette genialt. Verda vil som kjent bedras.



Musikken? Totalt likegyldig pop som er gitt ut ca. ein million ganger før.

Gjesp.

Opningstider i Badet.

Eg kunne godt ha tenkt meg nokre andre opningstider i Badet.

Dette sjølv om eg har nokre timar i månaden  med arbeid der.


Etter nyttår er opningstidene slik:

Mandag:         0630-0830 og 1500-1930.
Tysdag:          Reservert for lag/grupper
Onsdag:          1330-1930
Torsdag:         0630-0830
Fredag:           1330-1930
Laurdag:         0930-1630
Søndag:          1130-1830.


Altså, kven er det som klarar å hugse desse tidene?
Få.
Og det at ein kan sjekke på nettet er ikkje noko argument.


Eg har eit velmeint forslag til tider:

Mandag:        1500-2000
Tysdag:          1500-2000
Onsdag:         1500-2000
Torsdag:        Reservert for lag/grupper
Fredag:          1500-2000
Laurdag:        1100-1800
Søndag:         1100-1800.


Kvifor desse tidene?
Fordi det er lett å hugse. Det enkle er ofte det beste, som ei eller anna butikkjede hevdar.

Kvifor flytte den reserverte dagen til torsdag?
Fordi det er den dagen som hadde lågast besøkstall.

Andre argument:
Det er pussig at vi skal stenge kl. 1930, når t.d. revmatikarbadinga i Jostedalen hadde bassenget til kl. 2000.
Eg meiner også at det er større sjanse å få litt meir folk innom med litt lenger opningstider. OK, det kunne være litt lite folk fra 2000 til 2030 i fjor, men fram til kl. 2000 bør det være ope.
For oss som bur i nærleiken, og er på jobb til kl. 1700, så middag og lekser.... vips, så er klokka blitt 1900 og da er det for kort tid att. Ein time er OK, ein halvtime er for lite.


Eg satsar på at styret fiksar denne biffen til hausten :-)



g:11.30-18.30


11.30-18.30