tirsdag 24. desember 2013

God jul!!

Sola snudde for litt over to døgn sidan, noko som alltid er like hyggeleg. Bortsett fra i juni da.

Så nå er det jul igjen.
Med pakker og fri og vask og hyggelege stunder.
Og ikkje minst: Mat.

Masse mat.

Ikkje nok med at ein gaflar i seg som ville dyr på alskens julebord fra september av, men på julekvelden skal det iallfall etast umåtlege mengder. Samt dagen etterpå, for da er det restar.
Må heller ikkje gløyme at middag nr. 2 vert fortært på julenatta, omtrent på den tid da paven kjem glad og munter inn i TV-ruta.
Eg pleier alltid å få med meg midnattsmessa fra Roma, ikkje grunna det åndelege aspektet, men det er noko storslått ved den katolske julenattmessa. Berre tidsfastsettinga av Jesu fødsel er i seg sjølv nok til å følge med.

Ellers går jula med til meir mat, sikkert litt speling av eit eller anna slag (kort, playstation) og å vente på at nyttårskvelden skal komme. For da skal det skytast opp rakettar. Det er alltid morsomt, men vær edru!



På ynskjelista for jula har eg eigentleg ingenting. Vi har alt vi treng, og kan kjøpe det vi vil ha omtrent når vi vil, slik som dei fleste andre altså.
Får eg beholde helsa så er det den beste gåva.



Så vil eg minne om litt tidsfordriv: Det skal visst være juletrefestar og konsertar, men sidan eg aldri går på slikt, så får eg heller nevne at det vert langspinning fredag kl. 1700.
Nokre driftige sjeler skal arrangere grendacup i fotball, det er ekstra hyggeleg. Hadde vore moro å delteke, dersom beina hadde tålt det. Det gjer dei ikkje.
Neste mandag er det "Quizmas" på Gaupnetunet, som ei slags avslutning på året, eller kanskje som ei innleiing til neste..


Masse moro å finne på denne jula også!!



Til slutt vil eg berre få rette ei god sykkelhelsing til alle: God (h)jul, og hugs at 2. januar startar salget på alle slankekurar.

tirsdag 17. desember 2013

Julegavetips, del XI

Jula er tid for strass?

Det er kanskje litt mas og kav fram til julekvelden, men når mor har fått ribba i ovnen, og Sølvguttene er i gang med korsangen sin, ja da...... kan vi slappe av.

Og etter at ungar og kone har fått sine velfortjente gaver, så er vel ingenting bedre for den moderne mann enn å lese denne boka:



Ei bok om tankefeltteknikk.
"Følelser og fornuft".

Slik at vi kan stresse ned i jula.

Eit kanontips av ei gave til den moderne mann som har alt. Unnateke indre fred.

Julegavetips, del X

Menn likar julegaver like godt som kvinner.
Harde pakker er best.

Og lite er vel hardare enn glass og porselen.

Din mann vil derfor bli sjeleglad for dette.



Nå kan han servere småkaker og lettmjølk til sine venner når dei skal sjå på fotballkampen på TV.

Julegavetips, del IX

Etter å ha komme med gode tips til alle menn som skal handle til sine koner, så er det på tide med det motsatte.

Kva er det menn likar?
Øl, bilar, porno og fotball?

Det er ein myte.

Einkvar mann blir fra seg av glede når han kan få denne smarte saken på julafta:



Nemleg ein ny juleduk.

tirsdag 10. desember 2013

Ein dag med norsk idrettsarroganse

Som dei fleste jo har fått med seg er det eit handballmeisterskap som pågår i desse dagar. Reknar med at handballdamene vinn enda eit gull, sjølv om det interesserer meg lite. Hyggeleg for denne idretten her i landet, og handballdamene er med rette veldig populære, sjølvsagt fordi dei vinn mykje, men og fordi dei er gode og flotte representantar for norsk idrett generelt.

I motsetnad til han der trøndaren på ski, som etterkvart seier så masse dumt at det berre blir flaut.
Northug må være Boasson Hagens SVÆRT onde, og dumme, tvillingbror.

Men tilbake til handball.
Knallmoro å spele, ikkje så gøy å sjå på, men det er nå ein smaksak.

Og så får vi den gamle handballkjempa Øystein Havang på skjermen.....
Kveldens motstandar, Paraguay, burde nemleg ikkje fått vore med i VM fordi dei er for dårlege...

Det er ufatteleg arrogant å sei noko slikt.
Kvinnehandball er ein av svært få idrettar der Norge er ei stormakt, som i ski forøvrig. Og sjølv om dette ikkje akkurat er verdas største idrettsgreiner, så kan da andre land enn dei som er "gode" få være med. Ellers hadde det jo berre blitt ein sju-åtte land som deltok og kor gøy hadde det blitt?
Norge og Danmark, samt nokre europeiske land til. Hadde blitt stusseleg.

Skal kvinnehandball ha den minste sjanse til å vekse, så må andre land enn dei tradisjonelle få være med. Det er faktisk ikkje så mange år sidan at kvinnehandball stod i fare for å bli kasta ut fra OL, fordi det var så få land som satsa på det, med dertil låge TV-tall, noko som jo er superviktig for geriatriklubben IOC.

Dessutan: Korleis skulle det tatt seg ut dersom Norge ikkje fekk være med, fordi dei var for dårlege?
Det hadde blitt ramaskrik.
Og det vart det før OL 1996, Atlanta.
På den tid var Norge ein dårleg sykkelnasjon, og hadde ikkje kvote for å delta i fellesstarten for menn, landeveg. Etter mykje sutring og klaging fekk dei tigge til seg ein einaste plass. Det vart til at Svein Gaute Hølestøl fekk starte, men han ramla nokre rundar før mål, og måtte bryte....

Men han fekk være med, og det bør Paraguay få være i handball-VM også

Var det nokon som forresten nemnde norsk tennis (Christian Ruud unnateke) og norsk kunstløp??

Julegavetips, del VIII

Etter at husets frue har fått A) Moppesett, B) Spylevæske, C) Badevekt m/klippekort til treningssenteret og D) Stuepikekostyme, så er det berre ein ting som står att.



Det gamle er sikkert utslitt 1. juledag.

mandag 9. desember 2013

Ein kveld i det lyriske hjørnet.

Av og til kjem ein over dei reine gullkorn.


Nrk er det stedet som skaper mer tilhørighet til nazisme og terorisme 
Nrk styres av å avkristning ånd.
De kriste må nå løfte sitt kors sin tro og stå sammen på klippen som bærer kirken.

Når Nrk tar tak i muslimske krav så har den Norske befolkning rett til å reagere 
Ja å hate en så ondskapsfull handling
Nekte korset nekte den stakkars grisen
og nekte norske barn å synge borbønne.
Eg og heter en slik handling
Eg tror på kjærligheten og vet at den seiret over ondskap her tillands
Egenskapen tapte nå stormer den frem med trusler
Kringkast.sjef føler seg truet men selv kan han true for det er rett politikk
Hat mot Jøder og kristne er rett kurs.
De sier der på maktens trone at kristne og jøder er hysteriske.
Vel heller den en barnemordere
Umoralske og pengekjære med makt.
Psykologer lovsettere i den verden er ond.

Eg håper unger som vokser opp krever mer av kjærlighet
Og at de voksne kaster sitt begjær i søpla der det hører hjemme.
Lenge leve fedre og mødre kamp for frihet
gjestfrihet likeverd.
I kjærlighet gror Norskarven
Det vil blomstre en dag

Ugraset med merkelapp "humanetiker"
Visner og brenner!!





Det er ikkje det hjelpelause språket som er verst. Folk kan jo ha lese og skrivevanskar, så det er dårleg gjort å gjere narr av skriveleifar.

Det er den avsindige propagandaen og nærast hatske stemninga som er til å reagere på.

NRK er altså staden som skapar "tilhørighet til nazisme og terorisme".
Javel? Rett nok ser eg gjerne helst sport og nyhende på NRK, men der er det iallfall lite nazipropaganda å spore. Heller ikkje i dei flotte naturprogramma som eg finn svært interessante er det lite slikt, ikkje eingang eit bittelite hint om korleis lage ei bombe.
Statskanalen styres også av "å avkristning ånd".Uh?? Det er gudstjeneste på både radio og TV.

NRK tar også tak i muslimske krav. Som er kva slags krav?
"Nekte korset nekte den stakkars grisen".....   Altså, eg har seriøse problem med å forstå kva som meinast. Er det eit problem at muslimar (og jødar) meiner at grisen er eit ureint dyr? Smakar godt på julekvelden gjer nå grisen uansett.
Så er det eit par linjer som er svada, før det går i gang med at "hat mot jøder og kristne er rett kurs". OK, seier NRK det? Nå skal vi være på vakt mot jødehat og ekstremisme i eikvar form, men det er nok lite jødehat i kringkastinga.
Ei linje om "barnemordere". Som kanskje er meint til å være muslimar. OK, det er ikkje slik at alle muslimar er barnemordarar da. Når eg tenker meg om var den største barnemordaren her i landet faktisk norsk, og openbart muslimhatar.

Nokre linjer til med usamanhengande babbel, før ugraset "humanetiker" skal visne og brenne.
Vel, det ser ikkje slik ut. Medlemstalet i HEF går nemleg stadig opp, i motsetnad til f.eks. i DNK.

Eit usedvanleg pussig dikt, eller kva ein skal kalle det.
Det osar forakt mot alle som ikkje er slik som "lyrikaren" bak er. Skikkeleg hjertevarme altså.


Jule/skulegudstjeneste.

10.12.13:
Ny oppdatering.
Fekk ein hyggeleg melding fra skulen om at det var loddtrekning som avgjorde arbeidsfordelinga. 
Det var grei og avklarande beskjed.

Gaupne Skule har alltid opptrådd ryddig, hadde dei berre flytta skulepreika eit par usle timar og nå....

Ellers er det hyggeleg at denne posten skapte eit større engasjement enn vanleg. Fleire kommentarar på Facebook, nokre einige og andre uenige.....
Og det er no ein av dei mest leste postane mine. Kan vi nå att den om tullete alkoholservering i Parken?
***********************
10.12.13:
Ei lita oppdatering.
Snakka med 10-åringen i dag ang. dette. Han hadde fått beskjed fra skulen at han måtte i kyrkja denne dagen.
Det synes eg høyres litt rart ut, og eg sluker ikkje det rått for å sei det slik. Og iflg. skulen må han da heller ikkje gå.

Men han er alt tildelt ei oppgåve, som eg no har fått vite er etter loddtrekning.

Det er ok.

***********************

I kveld har eg tenkt å kaste inn ein liten brannfakkel.

Det er om skulegudstjenester.

Også i år skal Gaupne skule ha eit slikt arrangement, fordi "det er ein del av vår tradisjon og kulturarv".

For det første: Kor lenge må noko vare før det blir ein tradisjon? To år? Ti? 30?
På den tid da eg gjekk på barneskulen, dvs. rett etter at isen trekte seg tilbake fra landet, hadde vi ikkje noko slikt.
Det skulle vore interessant å få vite når denne uvana med å sende 6-12 åringar i kyrkja i skuletida starta.

For det andre: Kvifor skal dette skje i skuletida? Er det verkeleg skulens oppgåve å fylle kyrkja?
I skrivet fra skulen står det at dei er bevisste på å legge gudstjenesta til byrjinga av dagen, slik at det vert tid til "kos og avslutning" etterpå.
Eg har null problem med at folk går i kyrkja, gjerne til dagen hvis dei har glede og nytte av det.
Men da skjer det på fritida, og definitivt ikkje på jobb eller i skuletida.

For det tredje: Skulen viser til opplæringslova, der det står klart og tydleg at undervisninga ikkje skal være forkynnande.
I samme skriv, berre to linjer lenger oppe, står det at 5. klasse skal ha ulike oppgåver, bl.a. å lese fra juleevangeliet.
Hvis det å få ein tiåring til å stå i kyrkja å lese fra Bibelen ikkje er forkynnande, så lurer eg SVÆRT gjerne på kva som er forkynnande. Eg kan godt tenke meg eit svar fra skulen på det.

For det fjerde: Skulen er klar over at det kan oppfattast som støytande eller krenkande at "deira barn deltek i religiøs aktivitet".
Øh? Nokre linjer lenger oppe skriv skulen at skulegudstjenesta er ein del av vår "tradisjon og kulturarv".
Var det berre tull det da? Er det religiøs aktivitet likevel?
Dernest: Det er ikkje "krenkande eller støytande" med skulegudstjenester. Det er berre totalt unødvendig.

For det femte: Kvifor skal skulen ha ei skriftleg tilbakemelding på kven som ikkje vil gå i kyrkja?
Det kan like gjerne være motsatt. Dei som vil gå i kyrkja gjev beskjed.


Eg høyrer av og til argumentet "Jammen det må dei da tåle ein dag i året".
Såklart ungar tåler det. Mange barn kan kanskje finne ei god meining med å gå i kyrkja.
Men det er ikkje det som er poenget.
Poenget er at det er ikkje skulens ansvar å fylle kyrkja.
Så derfor: Ta med ungen til ei vanleg søndagspreik da vel. Kyrkja treng sårt til meir besøk. Inga grunn til å skubbe skulen framfor seg, fordi ein sjølv ikkje vil ta turen ein søndag.


Ei anna problemstilling er at det neppe er noko rekrutteringstiltak for kyrkja heller, det å dra 150 meir eller mindre umotiverte ungar til kyrkja ein kvardag. Det sprudlar ikkje akkurat av Den Norske Kyrkja sine liturgiar.

Så har vi ei anna og meir seriøs problemstilling.
Vi lever i ei heilt anna tid i dag enn for, la oss sei 30 år sidan da denne "tradisjonen" starta. No til dags har vi både muslimar, katolikkar, humanistar, greskortodokse, jødar og masse anna rart i det norske samfunnet, endatil på Gaupne Skule. Dette var laaangt meir uvanleg da eg gjekk på skulen, for da var alle liksom medlemar i Statskyrkja.

Slik er det ikkje lenger.
For ein 8-årig katolikk eller muslim er det kanskje ikkje så morsomt å bli att nærast åleine på skulen medan 140 andre reiser til kyrkja.




Korleis ein skal løyse dette?
Det er himla enkelt. Legg skulegudstjenesta til umiddelbart etter skuleslutt, og dei elevane som da vil gå, kan reise i kyrkja.
Problemet er løyst.

"Jammen, da er det jo ingen som vil da".

Ja, og så?

torsdag 5. desember 2013

Julegavetips, del VII

Også denne gåva er ei som den bedre halvdelen vil bli kjempeglad for å få på julekvelden.
Spesielt hvis du har svigermor på besøk.

Legg spesielt merke til kosten, som også kan være nyttig andre plassar enn på soverommet. 


Eit "stuepike" kostyme er alltid ein slager.

onsdag 4. desember 2013

Julegavetips, del VI

Hvis konemor framleis ikkje er fornøgd etter dei flotte gavene sine, dvs. både moppesettet og spylevæska, så bør du verkeleg slå på stortromma.

Ingenting er så godt motteke som dette.



Etter nyttår skal nemleg alle damer, og menn for den del, slanke seg.
Og da må ein ha eit oppstartsverktøy.

Men ei badevekt kostar kanskje ikkje så mykje, så da kan du dra til med dette som eit supplement:



Badevekt OG klippekort på treningssenteret?

Ho vil takke deg.

Julegavetips, del V

Det er kanskje ein ungdom i huset?
Ein 14-åring som likar duppedittar og dingsar?
Og du lurer på kva ungdommen skal få til jul?

Her er svaret:



Alle ungdommar no til dags vil ha ein mobiltelefon, og denne Nokia 1611 er midt i blinken.
Legg t.d. merke til den fancy antennestubben.
Med denne kan du både ringe til andre, og motta samtalar.
Hvis ein er litt teknisk, så kan ein også sende meldingar via ein hovedsentral.

Så hvis du vil bli populær i ungdomsflokken: Ein Nokia 1611 gjer at dine håpefulle aldri vil gløyme denne jula.

Julegavetips, del IV

Koner fortjener meir enn ei gave.
Dei er snille heile året, og må ha litt ekstra merksemd på julekvelden.

Etter at dei har fått moppesettet sitt som første gåve, kan du slå til med enda ein godbit.



For noko meir nyttig enn ei kanne spylevæske skal ein leite lenge etter, iallfall må du leite heilt til moppereolen.
Denne er endatil ferdigblanda slik at ho ikkje treng å slite med blanding og søl.

Tips: Europris har gjerne gode tilbud på slikt, så hvis du er i det VERKELEG spandable hjønet, så kjøp like godt to, og spar den eine femliteren til morsdag.

Julegavetips del I



I dagane fram mot 24.12. vil eg komme med gode tips til nyttige gaver, som GARANTERT vil skape liv i heimen på julekvelden.

Vi startar med ein klassikar:

Dagens samfunn er ein overflod av velstand. Vi har alt, og det vi ikkje har, kan vi kjøpe når vi vil.
Derfor er det på tide å gi dine nærmaste noko som vi alle kan ha glede av.

Og ingenting vil skape meir liv i heimen på julekvelden enn eit nytt moppesett til di kjære kone.
Med det nye settet vil golvvasken gå som ein leik.
Det er berre å sette seg ned i sofaen (eller enda bedre; legge seg ned) og så konstatere at "Ja, dette var jammen ei gåve som kom til nytte!"



 



tirsdag 3. desember 2013

Julegavetips, del III

Familien likar kanskje å sjå på film?

Kva er vel meir hyggeleg enn å samle dei øvrige medlemane i husstanden framfor TV-apparatet, medan far i huset må nøye seg med ein tur på puben for ein ussel fotballkamp?

Det går ikkje alltid gode filmar, så pass på å kjøpe inn ein slik til dei også. Gjerne på 120 minuttar i tilfelle ekstraomgangar.

Til framvisning av sjølve filmen kan ein kjøpe ei videomaskin. Det er fleire system på videofronten, men kjøp helst Betasystemet, det er framtida.


Julegavetips, del II

Dei fleste etablerte av oss har noko vi kallar "svigermor". 
Ho fortjener såklart ei gave til jul, men kva da?

Det er i grunn eit enkelt valg.

Med ein ny kassettspelar i hus treng ho ikkje lenger å komme på besøk, men ho kan være heime å høyre på t.d. Ivar Simastuen eller Børt Erik dagen lang.

Det må da være fint.



Til nissen

Kjære nissen.

Eg har vore snill mann i (nesten) heile år.
Til jul vil eg berre ein ting:

Det er at posten sluttar å legge masse reklame i den grønne postkassen min.
Eg har nemleg satt opp ein liten lapp på kassa der det står at uadressert reklame er uønska. Eg fikk endatil lappen av ein snill postmann.
Så da håpar eg at nissen kan gjere det slik at eg
SLEPP Å FÅ SLIKE MENGDER I KASSA MI EIN DAG TIL!!!




Takk.