torsdag 31. oktober 2013

Ein hyggeleg kveld på Tunet

Forrige fredag hadde vi quizkveld.
Det er ei stund sidan sist.

Nå gjorde vi comeback på "hotellet" som sidan forrige gang er vorte til "Tunet".

Eg skal ta konklusjonen først: Veldig bra!

Gaupnetunet som det no heiter, har eigentleg alle føresetnader til å bli ein suksess. Det ligg midt i bygda, og bør være mogleg å drive året rundt.
Rett nok er dette den gamle messa for funksjonærane til Statkraft på 80-talet, men ei viss oppgradering siste månadane har gjort seg.
Og ikkje minst: Det har minka på skogen rundt om.
Sidan dette er midt i sentrum, så var akkurat det svært velkome. Kommunesenteret gror att av bjørk, osp, malplasserte grantre og grusomme blomsterbed som i haust har fått besøk av både sag og spade. Det burde vore meir av slikt.

Ein heil del folk kom det på quizen også. Talde i underkant av 80 personar, og det må vi sei oss godt nøgde med. Hvis deltakarane kunne ha det triveleg, drikke nokre øl, og i tillegg få litt auka kunnskap, så da er kvelden fullkomen i mine auge.

Det vart forøvrig veldig jamnt, reint resultatmessig. Berre eit halv poeng skilde dei to beste laga. Og for all del: Det var slik resultata vart. Laget "Levande kvinnfolk & lys", har jo vunne mengdevis av ganger før, men til tross for ein solid sluttspurt på siste runde, så måtte dei altså bite i graset for "Inst i Ståvao".

Mange som er med på quiz seier at "jammen eg er no berre med, eg kan jo ingenting".
Vel. For det første så er ikkje dette det mest seriøse arrangementet på jord, og det viser seg gang på gang at folk kan mykje meir enn dei trur. Og når fleire personar set seg saman til lag, så kan dei til slutt veldig mykje.

Så eg er ein smule imponert over dei mange gode svara som kjem inn.

Og til sjuande og sist: Vi gjer dette for å ha det moro. Bygdefolket er ikkje av dei kjappaste å få ut alltid, så kan vi samle 80 øldrikkande personar ein fredagskveld, så er det bra. Kanskje det vert slik at Tunet kan tjene nokre kroner på dette også? Får håpe det.

Nå eit stemningsbilde.


Eg har ein del bilder til, men ein skal som kjent ikkje legge ut bilder utan samtykke fra den fotograferte.
Iallfall bør ein ikkje gjere det. Og iallfall ikkje kombinert med øl.


Vi satsar på ein ny quizkveld i romjula. Det vil i såfall bli fjerde året, og antaglegvis følgjer vi tradisjonen, og tek 30.desember i bruk til dette. Nærare info kjem når det nærmar seg.
Velkommen!

"Åndenes Makt"

TV-suksessen til TVNorge held fram denne sesongen også. Påny er Tom og damene ute i kongeriket for å besøke "mystiske" hus.

Har gløtta innom dette programmet eit par ganger, men det er så jekla flaut at eg klarar ikkje meir enn nokre minutt.

Men her ein dag kom eg over denne kommentaren på FB:

" Tom Strømnæss har vært på åndejakt i 10 år, men ikke funnet en dritt, selv med teknologien vi har i dag og et tv selskap i ryggen. Nå skal han feire at han ikke har funnet noe som helst, men presterer å bli provosert over at folk tror han driver med svindel. "


Og det var vel den mest passande kommentaren på dette fjaseprogrammet eg har sett.


I dag, onsdag 30.10, zappa eg tilfeldigvis forbi Åndene att. Det var att eit kvarter av programmet, så eg tenkte: "La det stå til!".
Det var om eit eldre bygg i Moss, der dei ansatte vart tunge i hovudet av ein eller annan grunn. Kunne det såleis være spøkelser der?
Personleg ville eg vel heller ha satsa på at gamalt ventilasjonsanlegg og tett trafikk på omtrent alle kantar av huset kunne være ein årsak, men det er kanskje meir sannsynleg med "dei som ikkje har gått over"?
Nnnnnneeeeeii......mmmmjjjjjaaaaaaa.....
Ikkje i "Åndenes Makt".

Kjendisklarsynt Lilli Bendriss var med, og ho fekk inn nokre navn... Bl.a. Synnøve eller noko slikt.... Mystisk. For eit par hundre år sidan hadde det budd ei som heitte Sørine i huset. Og det liknar jo. Tilfeldig? Neppe!
Så kunne den "klarsynte" fortelle at ho fekk inn tala 37 og 18. Hvis vi snur på det så kunne det jo bli 1837?
Hadde det skjedd noko da?
Tom, denne søkar etter naturlege forklaringar, kontakta lokale historikarar i Moss, men dei kunne ikkje finne noko spennande fra det året. Derimot hadde det vore noko krigsliknande tilstandar i Moss nokre år år. Men det var kanhende ikkje så rart, for under Napoleonskrigane var omtrent heile Europa i krig. Og Danmark-Norge var som kjent alliert med den franske diktatoren.
Uansett kva Bendriss ville fram til, så bomma ho. Her og.

Så fikk Bendriss inn noko om ein mann..... Wow.
Han kunne være.... ja... ein mann....Og heitte eit eller annan med Sigurd.....

Tom drog på ny til lokalhistorikaren, som ikkje hadde noko om Sigurd, men derimot om ein Karsten 25 år før Lilli sin Sigurd fra 1837.

Close enough.


Nokre månader etter var Tom på besøk i Moss att. Nå var alt mykje bedre.
Personleg ville eg satt ein knapp på at det bedra klimaet hadde ein samanheng med at det no var blitt sommar, men pytt-pytt.


Så. Er det noko som helst av seriøsitet i dette programmet?
Nei. Dette er møl fra A til Å. Den største prestasjonen er at Tom klarar å gjennomføre dette år etter år utan å le heile vegen til banken.
Har ein i det heile teke lurt på korleis dei "klarsynte" kan vite så mykje?
Jo, dette skjemaet kan forklare ein del.
Kombinert med (svært) primitiv coldreading og forventningar om at, joda det er spøkelser her, så vips! Fjaset er ein TV-serie som har gått i årevis. Og som faktisk er ein sjåarsuksess for TVN.


Lilli Bendriss er antagleg like klarsynt som meg. Dvs. ikkje i det heile tatt.

Pute-TV.


fredag 25. oktober 2013

Rare Exports

Kom over denne litt sære finske filmen her ein dag. Kjøpt for 20 kroner i den lokale Sparbutikken, og det viste seg å være årets filmkjøp, prisen tatt i betraktning.

Rare Exports official film poster.jpg 

 For dette var absolutt verdt kronene. Dei få.

Filmen er ein slags juleforteljing fra laaangt nord i Finland ein stad. Oppe på ein fjelltopp driv eit stort internasjonalt selskap på med sprengningar, for dei er på leit etter noko heilt eineståande. Noko som vil skake opp arkeologien til dei grader.
I nabolaget er det nokre reineigarar som ser at dyra deira, av ein eller annan grunn, døyr i hopetall.
Det er sjølvsagt selskapet på toppen av fjellet som får skulda, og da må dei avleggast eit besøk.
Oppe på fjelltoppen finn dei eit stort djupt hol, og det er tydlegevis eit eller annan som er tatt opp fra fjellet. Folka på staden derimot, dei er bortevekk.

Vel nede i "siviliserte strøk" att, oppdagar den eine reineigaren at det har gått noko i ei ulvefelle. Og det er ikkje nokon ulv eller bjørn, men ein tynn, skjeggete mann.... Er det sjølvaste... julenissen....?
Det er iallfall det borna trur, for dei har lest ein del om bakgrunnen for nissen. Han var nemleg ikkje ein snill mann ala Colanissen, nei tvert om. Han var, iflg. sagnet, ein mannevond jævel som straffa alle ulydige barn.
Han vart derfor frosen i is av samane for eit par hundre år sidan, og deretter gravlagd under fjellet som det før nevnte selskapet no driv og sprenger på.

Så byrjar det å skje underlege ting. Born forsvinn, varmeovnar likeså.
Og er det ikkje slik at julenissen har mange hjelparar?


Ein av dei særaste komediar eg har sett på lenge, men faktisk veldig morsom.
Nå går det mot jul og greier, så da kan denne være verdt å få med seg. Det er nok ikkje ein tradisjonell julefilm, og nissens framtoning er ikkje akkurat egna for dei aller minste. Ego: Dette er ikkje ein barnefilm, sjølv om det er ein 10-åring i eine hovedrolla.

Eit par logiske brist:
Filmen skal liksom pågå i desember, og vi er langt nord i Finland, nord for Polarsirkelen. Ergo: Vi har mørketid. Men i Rare Exports er det lyst i timevis midt på dagen.
Ellers er skodespelaren som skal forestille den amerikanske bedriftsleiaren mistenkeleg lik Per Christian Ellefsen, noko som medfører at den amerikanske uttalen ikkje vert så veeeeldig truverdig.

MEN, for alt eg veit så kan dette være detaljar som filmskaparane har lagt inn for å ha det litt ekstra gøy.
For dette er ein artig film, men litt for skremmande til småbarn, og med ein litt underfundig humor som krev litt tankespinn.
Eg syntes det var vel anvendt tid. Filmen, som forøvrig er fra 2010, varer i berre 81 minuttar, og kunne med fordel ha vart eit kvarter ekstra. Etter premiera har filmen fått rimeleg gode kritikkar, og har tjent inn nokre kroner også. Rett nok var budsjettet ikkje av det største, men det er jo hyggeleg at filmskaparane sat att med eit lite overskot.
Eit hyggeleg tidtrøyte som fortjener ein sterk 

torsdag 24. oktober 2013

Ein tur på Bedehuset.

Når ein er med i diverse lag og foreiningar, så må ein stille opp på ulike arrangement.

Og nå på søndag som var, var det min tur. Bygdelaget skulle overrekkje ei lita påskjønning til Luster Familiemøte som har gjort mykje godt dugnadsarbeid i Bedehuset siste halvåret.
Bedehuset er ikkje ein stad eg besøker til dagen for å sei det slik, sjølv om eg alltid var med bestemor på tredjedags basaren der midt på 70-talet.
Som praktiserande ateist var det ikkje fritt for at eg følte meg som eit lam i løvens hule, iallfall før eg kom inn dørane.

Denne søndagen var det besøk fra Evangeliesenteret. Det er nokre karar som syng og spelar om Jesus, og som angivleg er frelst. Deira bakgrunn er gjerne som narkoman eller alkoholikar, sjølv om eg kunne tenkt meg å få sjå noko meir handfast på det.

Da eg kom inn døra vart eg ynskt velkomen av ildsjelene bak dugnadsprosjektet. Sidan det er i samme bygda, så kjende eg jo mange av dei frammøtte. Kun blide og hyggelege menneske å sjå.
Det var nærast ein skrikande kontrast til sist gang eg var der, som 12 åring eller noko slikt. Da var det ganske så dystert, med tungetale og greier. Ei traumatisk oppleving.

Bedehuset har verkeleg fått ei fin oppgradering. Her må det ha vore mengder med dugnadstimar, og lokalitetane er jo vortne rett fine. Lyse, fine veggar og ikkje minst; Bedre varme. Inngangspartiet er utvida ein smule og toaletta er no nyoppussa. I gamle dagar stod det ein utedass bakom her. Skrekk og gru.
Det er heilt klart at folka bak oppussinga har gjort ein formidabel jobb, og det skal dei ha all ære av.


Salen vart fylt opp, så eg vil anslå besøket til nærare 100 stk. Det er hyggeleg for arrangøren at dei kan samle såpass med folk, men på den andre sida, så har dei heile kommunen å ta av.
Eg fekk komme opp på podiet og overrekke ei blomehelsing, og sei nokre meir, eller helst mindre, velvalgte ord. Eg var meir nervøs for å stå der i 30 sek. enn å prate pensjon på eit personalmøte i to timar.
Applaus fekk eg også, det var snilt gjort, for eg sa neppe så mykje fornuftig.
Eg tenkte at det ville være uhøfleg å strene rett ut att dørane, og sidan eg har ei viss interesse av livssyn og religion, så vart eg værande der ein time.
Satte meg langt baki salen, der eg vart tatt godt imot av nokre sambygdingar. Dei takka for gåva, og så får eg tru at dei ikkje fekk forhåpningar om at eg ville bli fast gjest der.
Etter ei kort innleiing av møteleiar var det så tid for Evangeliesenteret. Dei skulle synge og framføre såkalla vitnesbyrd i ein knapp time, før det vart kaffi og kaker.
Ja, forresten: Der har mange lag og organisasjonar mykje å lære. Det var jo eit aldeles overveldande kakebord, mektig imponert!

Tilbake til Evangeliesenteret: Dei hadde no vore i distriktet i ei veke var det vel. Og dei er innlosjerte privat. Dei har farta omkring i Sognebygdene og forkynt Det Glade Bodskap, og eg forstod det slik at dette var den siste dagen deira her i Sogn. Åtte mann var dei, og dei kunne synge høgst brukbart.
Først fekk dei aller minste på møtet være med fram på podiet og synge nokre strofer. Personleg så kan eg styre mi begeistring for at barn blir opplært til å tru på det eine eller det andre, men det får være foreldra sitt valg.
Så var det meir sang fra dei åtte karane, og innimellom vart det altså vitnesbyrd. Eg har jo knapt peiling på kva eit vitnesbyrd er, men eg forstod det slik at det er ei slags personleg forteljing, i plenum, om korleis vedkommande, etter eige utsagn, vart frelst.
Slike vitnesbyrd gjekk på rundgang blant dei åtte. Dei opplyste at dei hadde vore narkomane og alkoholikarar, mista arbeid, hus og familie, men så funne meininga i livet i Jesus.
Det er sjølvsagt veldig bra dersom dette er tilfelle, for det meste er eigentleg bedre enn å være alkis og narkis.

Ein av dei åtte fortalde at han hadde vore på Evangeliesenteret ei tid, og der hadde han sett store ting skje. Bl.a. hadde folk blitt lindra for alvorlege sjukdommar som kreft. OK, var eg den einaste i salen som reagerte på akkurat det?
Der og da såg det slik ut, men eg vil tru at det nok var andre som stussa over akkurat den påstanden der, og den kunne vi godt vorte sparde for.
Ei pengeinnsamling var det også. Eg hadde ikkje ei krone på meg, men hadde vel neppe gitt om eg hadde hatt heller. Gir aldri til religiøse organisasjonar, om det så er jødar, muslimar, buddistar eller gud forby: Scientologar.


Konklusjon: Det heile var ei nærast surrealistisk oppleving. Ei lovprising av Herren og Jesus med allsang og vitnesbyrd, noko som er lysår fra mitt personlege livssyn.
Men arrangøren skal ha ros for at dei har pusta liv i det gamle huset og det framstår no som eit teneleg hus for bygda, i sterk kontrast til rønna 100 meter lenger framme i Øyagata. Kanskje kan navnet "bedehus" og det enorme veggmaleriet skremme lag/organisasjonar ein smule, men det er det eigentleg inga grunn til. Kristenfolket slik det framstod denne søndagen er blide, hyggelege menneske som vil sine sambygdingar berre vel.
Dog må eg få sei at eg sat att med kjensla av at sjølv om vi var i samme rom, så var vi ikkje i samme univers. Earth calling.

Etter ein time i Gaupne Bedehus var eg forsynt, og tok deretter turen på Treningssenteret for å teste ut den nyaste spinningtimen eg skal ha. Eg føler meg meir heime der likevel.




mandag 14. oktober 2013

Sykkelåret 2013 fra A til Å.

A for Angliru. Avsidig bratt fjell som vart nytta i Vuelta Espana. 23,6% stigning på det verste. Men gøy på TV!
B for Bergen-Voss. I år for 37. gang, men ikkje så gøy som i fjor. For masse bråkete bergensarar som stressar med å komme fort til Voss. Det er eit TURRITT for f.
C for Chris Froom. Britisk, radmager syklist som vant masse ritt, og toppa det heile med å vinne Tour de France, som han eigentleg burde vunne i fjor og.
D for Dyranut. Høgste punktet på det nye turrittet Voss-Geilo, der dei til alt hell hadde MAT.
E for Edvald Boasson Hagen, som hadde ein litt skuffande sesong. Kanskje han ikkje vinn alt i heile verda likevel?
F for Fanaraaken. Fjelltopp i Jotunheimen som vi ser kvar sommar når vi syklar Sognefjellsrittet.
G for Giro d`Italia. Som i år hadde fleire etappar med snø!
H for Hushovd, med Thor til fornavn. Norsk veteransyklist som hadde ein katastrofal vår, og ein veldig bra haust.
I for idioti. Best illustrert gjennom det internasjonale sykkelforbundet UCI. Herrefred for ein udugleg gjeng. Lykke til nyvalgt president Cookson, det treng du!
J for Jostedalen. Fint dalføre i Luster som vart sykla heilt til endes i august, dvs. til Styggevatnet. Anbefalast!
K for kamikaze. Beste betegninga på alle gale menn i sykkelfeltet, også kjent som spurtarar....
L for lang distanse. Slik som årets VM i Firenze. Det beste VM på årevis, antaglegvis sidan 1995.
M for Måbødalen. Bratt dalføre mellom Eidfjord og Dyranut på den tidlegare nemde strekninga fra Voss til Geilo. Vi brukte tre timar på tre mil....
N for Nordhaug, Lars Petter til fornavn. Norsk syklist som gjorde det knallbra i Firenze.
O for overraskande. Iallfall ein smule, da Rui Costa vart verdsmeister.
P for Peter Sagan. Slovakisk supersyklist som ser ut til å vinne akkurat det han gidd.
Q for Quintana, Nairo til fornavn. Colombiansk klatrefenomen som vart nr. 2 i Touren. Han skal vi nok sjå meir til da han også vant ungdomstrøya i Frankrike.
R for Roma Maxima, italiensk sykkelritt som hadde ein nr. 2, Pozzato, som trudde han vant. Det er alltid like gøy.
S for Sven Nys. Belgisk sykkelcrossfantom som i ein alder av 36 år vart verdsmeister og har totalt ca. ein million sigrar.
T for Tour de France. Nok sagt.
U for utslitt. Kjensle ein kan oppnå når ein ikkje får i seg nok mat når ein skal sykle over Hardangervidda.
V for Vos, Marianne til fornavn. Nederlandsk syklist som er verdsmeister i omtrent alt som trillar på to hjul. Manglar vel berre terrengsykling?
W for Wiggins, Bradley til fornavn. Britisk syklist som skulle vinne Giroen, men som istaden framstår som den største klumsen i utforkøyringane.
X for AleXander Kristoff. Norges beste syklist i 2013.
Y for yngling. Det kryr av norske sykkelritt på UCI-kalenderen. Og det er bra! Når får vi eit norsk profflag??
Z for Joaquin RodrigueZ. Utan tvil sesongens beste syklist, og han skulle absolutt fått regnbogetrøya også.
Æ for "ærleg". Betegning som omsider passa på amerikansk storsyklist som liksom "vant" Tour sju ganger på rad.
Ø for øl. Drikk som smakar veldig godt etter lange sykkelritt.
Å for årvis klaging på at ein ikkje har fått trent nok om vinteren.

tirsdag 8. oktober 2013

Regn

I går tømte eg regnmålaren min, og i kveld viser det seg at det er kome 24 mm. nedbør.
Det høyres kanskje ikkje så mykje ut, men hvis vi reknar litt, så skal vi sjå kor mykje vatn det er snakk om.

24 mm. nedbør vil sei 24 liter vatn pr. kvadratmeter, dvs. ca.  to og ei halv bøtte.

Dersom vi har eit areal på 1000 kvadratmeter så vert det 24 000 liter vatn, eller 24 tonn vatn.

1000 kvadratmeter er ein stor tomt.


Men vi kan gå vidare. La oss ta ein kvadratkilometer. Det er som kjent 1000x1000 meter, og det vert 1 millon kvadratmeter. Da får vi 24 mill. liter vatn.
La oss sei at Gaupne er ca. fire kvadratkilometer, eit grovt overslag på kartet seier oss det.
4x24 000 000 blir 96 000 000 liter med vatn over denne vesle bygda i løpet av eitt døgn.
96 000 000 liter er det 96 000 kubikkmeter.


Vi kan rekne det om til svømmebasseng, og gjer det enkelt. 25x12x3 er ca. som idrettsbassenget i Lustrabadet, og det vert da 900 kubikkmeter. Sidan det kom 96 000 kubikkmeter over bygda sidan i fjor, så deler vi 96 000 på 900. Det gir ca. 107 symjebasseng.


La oss rekne det enda litt meir opp, og ta heile Luster kommune som jo er på ca 2600 km2.
Vi hadde 24 millionar liter pr. kvadratkilometer og gangar dette opp med 2600.

Det gir 62 400 000 000 liter vatn. Eller 62 milliardar, 400 millionar liter vatn.

Ein kubikkilometer med vatn er 1 mrd. kubikkmeter. Det regna altså 62,4 kubikkilometer med sidan kl. 2300 i går over kommunen.

Ikkje rart elvane er store. Ein heil del bøtter blir det også.

Ein tur på terrengsykkelen.


I dag var det regn.
Og blad som fell fra trea.

Dvs. ein perfekt dag for å teste ut terrengsykkelen.

Den gamle Cannondalen vert lite nytta til trening, men på haustdagar slik som i dag er det ein godt alternativ til landevegssykling, for ikkje å snakke om å sitte inne i spinningsalen.
Det er 10 varme ute enda, og eg hadde ikkje behov for anna enn ei tynn ulltrøye under den gule sykkeljakka. Det skulle vise seg å bli meir enn varmt nok.

Opp Engadalsvegen er det nylagd asfalt og nytt fortau denne hausten. Usle 10 månader tok det, så var vegen ferdig.
Nylagd asfalt betyr lett trilling, til tross for knastedekk og greier. Eg følte meg som Big Mig (Klengenavn på Miguel Indurain, spansk storsyklist fra første halvdel av 90-talet), der eg susa oppover langs rekkehusa i kollosal fart. Opp til gamlekyrkja, og nedatt, før eg tok snuen opp til nyekyrkja også. Masse kyrkjer her i bygda, og i kommunen generelt.
Fra nyekyrkja tok eg gangvegen ned til barnehagen, og sviiisj! så bar det framover Grindane. Forbi Hagasanden, skytebana, tverrslaget, dynamittlageret, nesten ei grein i trynet, og så: Den bratte bakken. Kanskje ikkje så lang, maks eit par hundre meter, men veldig bratt, sikkert oppmot 20%. På asfalt hadde det gått greit, men på regnvåt grus og sleipe blader måtte eg faktisk stå av 20 meter fra toppen. Nå var eg ingen Big Mig lenger, meir ein Big Mac, dvs. ein ekkel, feit sak. (Men Big Mac er velsmakande, så eg får trøste meg med det).

Ned att mot Rydøla er det først veldig bratt, og så går det greit oppover mot brua. Der stoppa eg og skulle ta bilde av fossefallet, men i regnværet hadde det danna seg lågt skydekke, slik at eg såg ikkje toppen av fossen. Hovedelva var imidlertid veldig stor.

Eg gadd ikkje sykle lenger oppover, for vegen på andre sida av brua såg enda meir attgrodd ut.
Får heller prøve i helga kanskje? Nokon som vil bli med?

Turen nedover gjekk greit. Den lange bratte bakken er lettare fra denne sida, da det er i to etappar, men også her er det nokre svinbratte parti.
Nedatt må ein nå være obs, da det kan være veldig glatt. Det å sykle med vanlege kombidekk her nå, er ikkje å anbefale. Knastedekk er det einaste som dug.

Ved dynamittlageret traff eg ein av dei lokale hundeluftarane, for dette er eit flott terreng å lufte sine firbeinte i. Det var vel ein jakthund hvis eg ikkje såg heilt feil. Men du veit, meg og hundar...

Tok turen over brua ved skytebane, og nedatt mot "sentrum" var eg oppom Røneidsvegen, der det no er komme opp gatelys. Samanhengande heilt fra sandtaket og inn til "sentrum". Nei, du verden.
Det neste som trengs her no må være eit rekkverk, for det er bratt og høgt ned i fylkesvegen nedanfor. Sidan eg sykla i slik kollosal fart, så hadde eg ikkje tid til å stoppe for å ta bilder, skal heller prøve ein annan dag.

Eg likar å trille på desse mindre sidevegane, og har vurdert om det kunne vore mogleg å arrangert sykkel-NM i bygda. Det trur eg nesten det kan, iallfall løypemessig, men det er tross alt ein del andre ting som skal på plass først.

Nede ved Hesjabakken tok eg gangstien ned til fylkesvegen att, før det bar over gamlebrua og ned på gangvegsystemet i "sentrum". Inne på treningssenteret var det spinningtime, men faktisk er det bedre å sykle ute enda. Det verste steget er å komme seg utafor døra, for når ein først er komen ut, så er det berre moro.
Ein blir blaut, og gjørmete, og det er......sjarmerande på sitt vis...

Eg trilla forbi Badet, der var det masse bilar, som vanleg, og eg fant ut at ein tur dit etter syklinga var ein god ide. Ut forbi campingplassen, og så heim.
Heile turen var ikkje meir enn litt over ein time, og det var neppe meir enn to mil, men det gjorde ingenting. Det viktigaste var at ein nå er så smått i gang med oppladinga til sesong 2014. Det å starte opp nå, og halde det gåande ute nokre veker til før spinningsalen ropar, er berre bra.
Ein bygger litt grunnlag, istaden for å utsette treningsstart til mars/april. Da kjem ein bakpå.

Hadde ein berre fått av seg nokre kilo også....

Det regna godt i ettermiddag, men det må ein berre tåle. Det har, som nevnt, sin eigen sjarm å sykle i møkkavær, sjølv om eg kjenner nokre som meiner at sykling kun skal skje i sol...

Hovedelva rann stor og stri nederst i dalføret....



søndag 6. oktober 2013

I spit on your grave (2010)

Da har eg sett film igjen, ein remake denne gang.
I spit on your grave er ein amerikansk horrorfilm i subgenren rape/revenge fra 2010, og er ei nyinnspeling av originalen fra 1978. Originalen har eg i DVD-hylla, og den er elendig.
Derfor var ikkje forventningane så store til denne nye versjonen, men det går jo an å ta ein kikk for det. Horror er nå horror.
I Spit on your Grave.jpg
Handling: Ei ung forfatterspire, Jennifer, dreg ut på bondelandet for å skrive si neste bok.
Ho skal bu i ei avsidesliggande hytte, og der er ikkje alt som det skal. Røyrene t.d. er tette.
Ho får hjelp av ein lettare tilbakeståande lokal mann, men han har dessverre nokre dårlege kameratar.
Dei oppsøker ho ei natt, og etter å ha blitt sjikanert ganske så grovt av desse, så klarar ho å stikke av.
Ho vert plukka opp av den lokale sheriffen, som sjølvsagt viser seg å være den verste av heile pøbelgjengen.
Han tek ho med att til hytta, der ho vert gjengvoldtatt og mishandla. Til slutt skal dei avslutte det heile med å skyte ho, men da forsvinn ho i elva.
Ho vert ikkje funnen, men ein månad seinare byrjar gjengen å ane uråd...
Kanskje ho ikkje forsvant i elva likevel?

Og sidan dette er ein film som jo handlar om hevn, så er det neppe noko stor overrasking at dei fem mishandlarane får smake sin eigen medisin, og vel så det.


Originalen fra  1978 er som nevnt elendig. Der er det skodespel på absolutt verste nivå, og det er mange hakk bedre her. Filmen er imidlertid svært voldeleg, og har av ein eller annan totalt uforståeleg grunn fått aldersgrense 15 år hos Viaplay der eg såg den. Spesielt er Jennifers hevnaksjonar ganske så hard kost, sjølv om ein erfaren skrekkfilmentusiast har sett verre.
Det er ikkje alt som heng på greip i filmen, bl.a. kan eg ikkje fatte korleis Jennifer, som er ganske lita og spinkel, har fått hengt opp dei velvaksne karane på alle moglege vis. Det var litt sånn "fattigmanns-Saw" over ein del av løysingane der.

I spit on your grave er spela inn på eit ganske så labert budsjett, og det synes. Skodespelarane gjer faktisk ein OK innsats, sjølv om dei er heilt ukjente. Ein kan jo lure på kva slags kjende skodespelarar som ville ha vore med for den del.
Men ellers er det minimalt med effektar. Litt gørr og blod, men locations ser svært billig ut; Nokre hytter ute i skogen, ei gammal bru, ei elv...enkelt.

Eg syntes filmen var bedre enn frykta. I.o.m. at originalen var så sørgeleg elendig, så vart eg positivt overraska. MEN: Det betyr ikkje at dette var Oscarmateriale. Det er framleis ein primitiv liten voldsfilm for dei spesielt interesserte. Overgriparane vert FOR onde, og hevna Jennifer påfører dei vert FOR brutal, på grensa til parodisk.
Men med tanke på forventningane, så var det OK, har sett verre filmar.

Nyinnspelinga av I spit on your grave vart inga publikums eller kritikarsuksess. Filmen er stort sett møtt med heller labre kritikkar, og av innspeilingsbudsjettet på 2 mill USD, så vart ikkje eingang halvparten tjent inn att.
Det viser kanskje at det ikkje er alle nyinnspelingar som kan gjere det like bra som t.d. Dawn of the dead.

Eg hadde labre forhåpningar, men vart så passa imponert eg gir filmen ein svak

onsdag 2. oktober 2013

Inside Deep Throat

Dokumentarfilmar kan være veldig gode, eller heilt ræva, alt etter kva tema dei tek opp.

"Inside Deep Throat" (2005, USA) er ein god og interessant film om ein av filmhistorias mest berykta/berømte filmar, pornoeposet "Deep Throat" fra 1972.
Eller epos og epos.....
Sanninga er at Deep Throat er ein heller dårleg film, endatil å være ein i klasse xxx.
Ettertidas renome skuldast nok at den amerikanske staten la ned mykje ressursar på å stoppe filmen, og dette førde berre til at ENDA fleire skulle sjå den.
Inside deep throat poster.jpg
Eit kort samandrag av Deep Throat: Den handlar om ei ung dame, Linda Lovelace, som er noko frustrert grunna sitt ....øh.... manglande ......sprelske liv......
Ho må oppsøke ein doktor som finn løysinga på problemet. Derav den norske tittelen: "Langt ned i halsen".
Yeah.
For den som ikkje har sett Deep Throat, frykt ikkje. Dette er ein elendig film, innspelt på skolissebudsjettet, med skodespelararprestasjonar som er bak mål. Forsøka på å være morsomme er berre dritflaue, musikken er corny, klippinga forvirrande og ....ja... ein ser kor det går.
Og likevel drog denne filmen inn maaaaange millionar. I dollar.
Innspelingsbudsjettet var på omlag 25 000,- USD, og ingen av aktørane vart rike.
Så kvar tok pengane vegen? Ikkje til Linda iallfall, som visstnok fekk 1200 USD for innsatsen.
Det er bl.a. det som Inside Deep Throat belyser.

Dokumentaren kastar eit mørkt blikk på lagnaden til Linda Lovelace, ho døydde som kjent i ei bilulukke i 2002. På 80-talet tid stod ho fram som pornomotstandar og hevda ho vart tvinga og voldtatt under innspelinga. Nokre år seinare kasta ho plagga att, da som 51 åring i Playboy.
Vi får møte regissøren av Deep Throat, som heller ikkje vart noko rik mann, og ei mengde andre kjendisar som fortel om sitt møte med filmen den gang i første halvdel av 70-talet.
Vi får også vite at mesteparten av fortjenesta antagleg gjekk til kriminelle organisasjonar, og at truslar fra mafiaen var langt fra sjeldne.
Det er også interessant å følge styresmaktene sin håplause kamp mot Deep Troat på kinoane. Gang etter gang vart filmrullane beslaglagt, og kinosalane utsatt for razzia. Men folk gjekk mann av huse for å sjå porno, nettopp grunna dette. Vi skal hugse at dette var lenge før videospelaren var vanleg i heimen, så skulle folk sjå på dunkefilm, så var det kino som var tingen. Velbekomme forresten.


Linda Lovelace, eller Linda Boreman som ho eigentleg heitte, er ikkje den einaste smått tragiske personen fra denne 70-tals pornoklassikaren. Hennar motspelar, Harry Reems, som spelte dr. Young, havna på fyll og dopkarusellen, før han heldigvis såg Lyset og utruleg nok levde heilt fram til i vår. Han døydde av kreft, 65 år gamal.

Inside Deep Throat er eit interessant innblikk i 70-talets første forsøk på å gjere pornoen "mainstream". Heldigvis gjekk det ikkje slik som dei trudde den gang, nemleg at ugga-bugga skulle bli vanleg i alle filmar.
Kampen mot sensur og dobbeltmoralisme er jo eit velkjent amerikansk fenomen. Der borte er det OK å sende ein film med 60-70 drap til 15 åringar, berre du ikkje viser fram melonene.
For oss: Uforståeleg.
Inside Deep Throat er vel verdt ein kikk, og eg gir derfor terningkast


Dessverre vart dokumentaren laaangt ifra den suksessen som pornofilmen den handla om. Ikkje eingang innspelingsutgiftene vart tjent inn att. Det viser vel berre at vi er enkle: Pornofilm er ein grei måte å tene pengar på, det krever ikkje særleg hjerne.
Intelligente dokumentarfilmar slit med å sitte att med kroner i det heile tatt.

Forstå det den som kan.

KonspiraNorge

Det er ikkje kvar dag ein får lest bøker lenger, men dei siste dagane har eg jammen fått lest ei heil bok!!

Bestilte boka KonspiraNorge fra Humanist Forlag for nokre veker sidan, og den var faktisk bedre enn forventa.


Forfattar John Færseth er rekna som ein ekspert på konspirasjonsteoriar, eit unekteleg pussig og samstundes litt skummelt miljø.
Forfattaren gir oss først eit historisk tilbakeblikk på kjende konspirasjonsteoriar, ikkje minst om
"Sions Vise Protokoller", som faktisk vert solgt, og trudd på, den dag i dag.
Færseth gir oss også god bakgrunn i amerikansk konspirasjonstenkning, og korleis dette har påvirka oss her heime.
Han tek også for seg "Eurabia", som etter 22. juli jo er meir aktuelt.

Utover i boka kjem Færseth inn på dei, tildels forunderlege, personane som forfektar konspirasjonsteoriar her i landet. Og her er det masse rart. Meir enn ein kunne ane:
Her går folk og trur at chemtrails, dvs. kondensstripene etter flya, eigentleg er eit ledd i ein slags gigantisk overvåking eller forgifting av befolkninga.....
Vaksiner er eit ledd i å redusere befolkninga på jorda, ergo vaksiner er farlege....
Jens Stoltenberg er ein biorobot.....
Arbeidarpartiet stod bak 22.juli, hvis det i det heile tatt VAR noko 22.juli...
11. september vart utført etter ordre fra George Bush jr.....
Ein stor usynleg planet skal krasje med jorda i nær framtid, gjerne alt i fjor...
Holocaust skjedde ikkje, og er "fabrikerte" som ein del av jødane sitt mål om verdsherredømme....

I det heile: Det er så mange absurde teoriar at det overgår det meste av vanlege folks fantasi. ALT har ein samanheng. INGENTING er tilfeldig, og bakom alt står det mektige krefter som har til hensikt å kunne styre jordas befolkning slik som DEI ynskjer.
Iflg. konspirasjonsteoretikarane er det dei vanlege syndebukkane: Frimurarane, Vaktikanet og ikkje minst jødane.
Færseth belyser dette på ein grei og lettfatteleg måte. Her er det befriande lite akademikarspråk, slik at endatil ein legmann som meg kan henge godt med i svingane.
Spesielt interessant er hans skildringar av møta med kjende norske konspirasjonsteoretikarar.
Normalt oppegåande menneske, skulle ein i det minste tru, fornektar t.d. at holocaust fant stad.
Det er ikkje berre forvirra individ som trur på konspirasjonsteoriar, sjølv om psykiatrien kanskje har glippa her og der?? Neida, velrespekterte menn som t.d. Johan Galtung har åpenbart forsvunne ut i konspitåka saman med tidl. SV-topp Berit Ås, og Færseth belyser dette veldig godt.

Nokre av historiane i boka til Færseth er komiske, slik som t.d. chemtrailsteoriane. Det kan jo nevnast at det i slutten av august vart arrangert såkalla globale chemtrailsdemonstrasjonar rundt omkring i verda, bl.a. i Bergen og Oslo. Oppslutninga var.....laber.... for å sei det slik....
Andre teoriar er absurde, slik som denne med den ikkjeeksisterande planeten Nibiru, som skulle ha kollidert med jorda i 2003, og dernest i 2011 og tilslutt i 2012....
Men nokre konspirasjonsteoriar er skremmande. Færseth har mykje om det intense hatet mot Arbeidarpartiet, og her snakkar vi ikkje berre om å mislike Gro eller Jens, men eit ekte hat mot det som tross alt har vore eit statsbærande parti i mange år.
Færseth har, grunna sine interesser for konspirasjonsteoriar, sjølvsagt vorte skulda for å være både satanist og nazist og det som om muligens verre er.
Han vert gjerne omtala som ein venstreekstremist i konspimiljøa, og da er det jo interessant at han også skriv om dei venstreekstreme sine konspirasjonsteoriar i boka, eit faktum som dei høgreekstreme gjerne gløymer.

Uansett var dette interessant lesning. Det er både komisk, tragisk og skremmande på samme tid.
Skal ein sette seg ein smule inn i norsk konspiranoia, så må denne boka være eit must.
324 sider går fort å lese når ein skriv så godt som det Færseth gjer.