mandag 30. september 2013

Merking

Da har eg merka ein ny sti.
Den går fra Engadalsvegen, ca. 50 m. ovanfor Storpreikaren, og opp i Sandvikberget, ca. 100 meter nedanfor Lø.

Velvillige grunneigarar har stilt eigedomane til disposisjon, og det set vi pris på.

I gamle dagar gjekk det eit trakk her ein stad, men vi har ikkje funne dette, iallfall ikkje heile vegen. Kanskje er det mogleg å sjå restar etter eit gamalt spor oppe i granskogen, i det minste hvis vi legg godvilja til...

Den nye stien vart rydda for busker og kratt i sommar, og da satte vi opp enkle merkeband.
No er det merka med lysblå maling, og forhåpentlegvis skal det greit å finne vegen både opp og ned.

Fra vegen og opp stig det ca. 95 høgdemeter. Grunna litt fram og tilbake er det i underkant av ein km. å gå. I luftlinje er det nok ikkje meir enn eit par hundre meter.

Stifadder har vi også fått, og stien kjem også inn på det nye kartet som forhåpentlegvis vert delt ut til innbyggarane i kommunen.
Det vi har att no er å få opp skilt oppe i Sandvikberget og nede i Engadalsvegen.

Det er ikkje spesielt vanskeleg å gå her. Barn fra 7-årsalderen vil antaglegvis meistre dette greit, og sålenge ein held seg langs merka sti, så vil ein heller ikkje komme nærme farlege parti.
Hvis ein absolutt MÅ utpå kanten, så må ein aktivt oppsøke dette.

Det er kanskje nokon som lurer på kvifor vi har rydda ENDA ein sti oppi her?
Det er fleire årsaker. For det første har det vore ein sti her i gamle dagar. Rett nok har denne antaglegvis gått ein annan stad, men vi får iallfall ein forbindelse mellom Engadalsvegen og Sandvikberget.
Det vil gjere det tryggare å gå opp på Lø om våren, før all isen er komen ned fra fjellet, dvs. rasfare...

Og sist men ikkje minst: Det er greit å ha eit alternativ. Dette er ein stad svært få har gått, og det er da moro å komme på nye plassar??


Eg la også inn eit nytt merke i høve "Vintervegen" fra Tandla og opp i "Evigheitsvingen". Her er det nesten som ein veg opp til det gamle vassverket, og det er jo ikkje dit vi skal....Det nye lyseblå merket skal være lett å sjå.

Bilder.
Det er kanskje nokre som lurer på kvifor det er blått og ikkje raudt som vert nytta? Da kan du spørre ein fargeblind.....

Merkebanda fra i sommar skal vi fjerne med tid og stunder.....

Det skulle gå greit å finne fram her...

Her er vi komne opp i Sandvikberget. Den lokalkjende vil såleis ikkje ha problem med å kjenne seg att.
Vi håpar å få opp eit lite skilt her.

Om sommar og haust er det sjølvsagt ein del skog som stenger litt for utsikta, men i april vil nok dette være ein fin tur.

Fotballkampar var det i kveld og...

Her er eg komen nedatt i vegen. Det skulle ikkje by på problem for eit normalt friskt menneske å ta seg opp her.

Her ser ein kanskje noko tydlegare kor stien startar. Det er Storpreikaren vi ser i bakgrunnen.

Og her er vi nede ved Tandla. Vegen til det gamle vassverket går opp til venstre i biletkanten, men dit skal ein ikkje gå hvis ein skal opp i Engadalsvegen, da går du etter det blå merket.

Etter ei slik økt var det greit med eit lite bad :-)

lørdag 21. september 2013

Ny gang og sykkelveg!

Edit: 22.10.2013.
Sykla til Marifjøra i går, mest for å sjekke korleis det stod til med den nye vegen. Såg nemleg betongbilen var der nede forrige dagen, så da var det vel eit håp om at dei siste restane av arbeid var kome på plass?

Og det var det.
Nokre bilder fra turen...
Dette var altså hovedvegen mellom Gaupne og Sogndal heilt fram til midten av 70-talet. Ja, 1970-talet altså. Det er kanskje ikkje rart at vegen av og til var stengt grunna ras?



Det gjekk rykter om at det skulle være mogleg å passere med bil her, men det skal i såfall være ein svært liten doning som skal klemme seg mellom betongen og fjellveggen. Som ein ser er det no støypt slik at det er greit å sykle her.
Litt artig med den gamle kommunegrensa!

Fra Marifjørsida. Her er det også lagt på ein liten betongplatning.
Fint å sykle her nå, for ikkje å snakke om til sommaren.

Her har det køyrt bussar, lastebilar, campingvogner....

Det er planar om å bygge/forlenge turvegen heilt til Gaupne, slik at vi får eit samanhengande nett heilt til Fjøra. Spørsmålet er berre: Kva ventar de på? Det er ikkje dei store utfordringane teknisk sett inn mot tunnelen.

Heller ikkje siste halvdel mot Gaupne ser ut til å by på dei heilt store utfordringane. OK, litt plastring må til, men det var vel ikkje uventa den gangen turstien vart planlagt heller?

********************************************************************



Det er ikkje kvar dag det vert opna nye gang/sykkelvegar, og iallfall ikkje slike som er så nyttige som den nye vegen i Røneidsberget.

Som kjent er gamlevegen utanfor tunnellen oppgradert til turveg i desse dagar, og sjølv om det står att ein smule arbeid, så var det veldig fint å sykle der nå.

Sesongen 2014 er så smått i gang, og kva er vel bedre enn å markere den med å sykle på nylagd asfalt?

OK, det kjem jo til å rase ein del her på vinterstid, men eg reknar med at sidan det nå er brukt ein del offentlege kroner på dette, så vil vegen også bli vedlikeholdt....?
Eg forventar ikkje brøyting om vinteren, da dette vil innebære ein viss risiko for den som skal stå for det arbeidet. MEN, eg forventar at ein så fin og nyasfaltert vegstrekning vert rydda for nedfall på våren, samt at sår i vegbana vert ordna.

Årøytunnelen fekk sin omkøyringsveg for eit par år sidan, og sidan den gang har eg ikkje sykla opp den tunnelen ein einaste gang, og ikkje skal det bli heller.
På samme måte skal det også bli på utsida av Røneidstunnellen. Eg vil faktisk oppfordra alle til å sykle utanfor tunnelen, om ikkje anna så for å sjå den gamle vegstubben.
Og forresten: Det er lurt å sykle utanfor Gullringtunnellen også. Problemet der er hyppige steinsprang...

Mot Marifjøra. Sjå kor fint det er blitt! Men ein viss fare for ras er det jo....

Mot Gaupne. Fint!

Kanskje vi skulle fått til nokre sitteplassar her....

Sikt

Når ein køyrer bil kan det være fint å sjå kva som skjuler seg rundt neste sving.
Det går jo ikkje, hvis ein ikkje tilfeldigvis er synsk. Og det er det ingen som er.

Dersom det ikkje er ein sving, så er det kanskje busker og kratt som stenger for utsikta.
Eksempel på slikt treng ein ikkje reise så veldig langt for å finne, og eg har visst påpeika dette før, utan at det har skjedd noko. Utan at det var ei bombe akkurat.

Kommunen hadde ein ryddeaksjon nedanfor Pyramiden for eit par år sidan.
Det var vel og bra, men kvifor stoppe der?
Fint vart det også.


Som det går fram av desse bilda er ikkje sikta den beste når ein skal ut fra parkeringsplassen.

Dette bildet tok eg forrige veke, og bak busker og ustelt kratt står det ein to-tre bussar. Nå er det vanleg at bilar køyrer fra Øyagata og ned her, så her skal ein være ein smule forsiktig.
Det burde nå likevel være mogleg å få vekk mikrojungelen her. Det ikkje berre ser stygt ut, det er også trafikkfarleg.

Utkøyrsla fra den andre sida er ikkje bedre. Bakom her har posten sorteringa si, og det er også sjanse for at ambulansen kan komme forbi. I tillegg kjem dei som jobbar her, og alle dei som ikkje bryr seg om innkøyring forbode skilta.
Det skulle ikkje være vanskeleg å sørge for litt betra sikt her og. Det er godt førebyggande trafikksikringsarbeid å få vekk det stygge krattet her, og det er adskillig billigare enn å ta seg av ein som havnar på sjukehus etter ei trafikkulukke.


Så oppfordringa i år: (Som i fjor og året før det) Få vekk dei sygge og ustelte kratta som ikkje tener til anna enn å samle søppel.

V/H/S

Jepp, det er det gamle videoformatet fra før vi kjøpte DVD`ar og BlueRay.

Det er også ein film som eg hadde gleda(?) av å sjå her ein kveld. Kjøpt på Spar i Gaupne for 59,-
Amerikansk skrekkfilm fra 2012 som eg ikkje kan hugsa å ha sett nemnt på kinoane her i landet, kun omtalt i  Fangoria.

Vhs-film-poster.jpg

Dette må være ein lågbudsjettsfilm, men det treng ikkje bety låg kvalitet. Faktisk er det ein artig liten skrekkfilm i beste "found footage" stil, dvs. ala. Trolljegeren, Cloverfield og Blair Witch.
Innleiingsvis vert vi kjende med ein gjeng pøbel som likar å filme sine skadeverk, og overgrep mot damer og tilfeldig forbipasserande. Filmane sel dei på ein svart marknad og dermed sper dei på inntekta litt.
Ein dag får dei i oppdrag å bryte seg inn hos ein gammal mann for å stjele eit videobånd som han skal ha i huset. Det vert ikkje sagt noko om kva som eigentleg er på båndet, og heller ikkje noko om kva slags film det skal være.
Vel framme i huset oppdagar dei at huseigaren sit død framfor TV`en, og dei finn mengdevis av videokassettar. Så, korleis skal dei finne det rette båndet? Jo, dei må kikke igjennom, og det er da moroa byrjar
På desse videobånda er nemleg det mykje rart....
Vidare viser det seg at det er kanhende andre ting enn den gamle døde mannen i huset pøblane skal passe seg for.
Mellom kvar video som dei skal sjå på, så får vi være med gjengen på deira opplevingar i huset, og det er vel neppe noko stor overrasking at her er det definitivt ingen happy ending.

Som sagt: Ein film på lite budsjett, men faktisk rimeleg guffen. Filmane som kjeltringane skal sjå igjennom er ekle nok, men det er ramma rundt som er mest creepy.
Skal ikkje røpe for masse nå, men V/H/S var uansett snaue to timar god underholdning. Faktisk så god underholdning at det like etter kom ut ein film til i samme serie, og den heitte merkeleg nok V/H/S 2.
Fantasien kjenner såleis ingen grenser.
Skodespelarane er totalt ukjende, og filminga er mildt sagt slitsom til tider. Men det med filminga er vel heile poenget, det skal jo være filmar som er "funne".
Ein og anna morsom effekt og ein del gørr innimellom trekker imidlertid opp.
Skal ein bruke knappe to timar på å hoppe litt i stolen, samt å oppleve litt guffen stemning, så kan ein gjerne kikke på denne filmen.
Slett ikkje verst!

tirsdag 17. september 2013

Stirydding

I fjor vår rydda vi den gamle "Vintervegen" fra Tandla og opp mot "Evigheitsvingen".
Sidan den gang har det vore linjerydding og litt vindfall, samt at småkratt dessverre ikkje stoppar å vokse.

Så i kveld har eg flytta startpunktet ein smule nedover, og tatt ein runde med ryddesaksa.
Nå skal det være greit å gå, både opp og ned, utan å henge seg opp i all slags busker og kratt.

Oppe i svingen er det også greit å finne fram nå.

Så oppfordringa er: Bruk stiane som vi har rydda.

Til våren skal vi ha klar ein ny liten bit fra Engadalsvegen og opp i Sandvikberget. Denne stien er forsåvidt klar, og har fått sin eigen stifadder. Vi skal merke med maling, og så er det berre å ta turen.


Eg har eit par bilder fra i kveld, og forøvrig må vi rette ein stor takk til grunneigaren, som let oss få bruke eigedomen hans på denne måten. Utan velvillige grunneigarar, så hadde dette aldri gått!


Her ser vi det nye startpunktet. Skiltet er flytta til den andre sida av vegen, samt ca. 30 meter nedover.
Dette tiltaket sparde meg for masse arbeid etter linjeryddinga.

Det er berre å gå opp denne skogsvegen. Vi satsar på å merke med maling så snart det vert tørt i været.

Dette er oppe i svingen, og her er det no vesentleg lettare å ta seg nedover.

Det kjem kanskje ikkje så godt fram på bildet, men her er det rydda bort busker og kratt slik at det er greit å gå.

Merkinga fra i fjor lyser godt opp, og det skal ikkje være vanskeleg å finne fram.

Fin utsikt.






søndag 15. september 2013

Minneverdige sykkelturar, sesongen 2013

Jammen har det vorte nokre turar denne sesongen også. Faktisk litt fleire enn tidlegare år, grunna Voss-Geilo i slutten av august.

Eg vil gjerne oppsummere sesongen litt, og har plukka ut fem minneverdige turar.

Nr. 5:
Urnes-Gaupne, om Skjolden.
Eg har sykla rundt Fjorden fleire ganger, men aldri åleine. Eller, det vart nå ikkje heile turen dette da. Resten av familien var i Solvorn på bading, men eg finn strandlivet heller kjedeleg i lengda, så eg tok ferja over og sykla heim att.
Det er utruleg kor mykje tyngre det er å sykle denne strekninga når ein er åleine. Og så har du nokon som trur at det er flatt langs fjorden.
Det er det ikkje. Eg hadde med meg GPSèn, og den viste 370 høgdemeter fra Urnes til Gaupne. Det var omlag som eg trudde på førehand.

På Skjolden traff eg også deltakarane fra Viking Tour som hadde målgang på Skjolden, og camp i Luster. Eg sykla med ei av desse til Luster. Ho var veldig takknemleg for drahjelpa, det var da noko.
Ja, forresten: Skulle du finne på å sykle denne turen åleine, så hugs eit GODT LYS i tunnelane på sørsida. Eg hadde ei rimeleg bra hovedlykt, trudde eg. Men det var ikkje meir lys enn godt var. Lyste ned på den kvitstipla kantlinja, slik at eg i det minste ikkje køyrde i fjellveggen.
Og forresten er det pussig kor godt ein høyrer når det er kola svart...

Ein flott tur var det, strålande solskinn i juli.

Nr. 4:
Ein annan tur som eg hugsar godt var ein tur i april. Da var været milevis fra å være bra. Eller, det var bra her i Gaupne, berre litt yr. Snøen var for det meste borte, og det var fire-fem grader. Innover langs fjorden visste vi at isen låg framleis, fra Høyheimsvik og til Skjolden, det var langt fra første turen i vår.
Jo lenger innover vi kom, jo verre vart været. Det plaskregna. Og alt i Høyheimsvik var vi gjennomvåte.
I utgangspunktet skulle vi til Gullringen, men vi vart einige om at Ottane var langt nok i møkkaværet.
Da vi kom til Luster snudde vi.
Da var alt vått, og det var iskaldt i dei fire gradene som var. Eg har vel knapt vore ute å sykla i verre striregn, og med tanke på at fjorden var dekka av ein halvmeter is, og det framleis var snø her og der....

Vi snudde ved sjukestova, sykla heim att, og var godt nøgde at vi kom fra det heile utan varige frostskader. Eg gjekk inn i dusjen fullt påkledd. Sand og gjørme rant av, og etter kun ein halvtime kunne eg føle beina mine igjen.
Eg tåler å sykle i regn, men dette vart kaldt til dei grader(!).

Nr. 3:
Sognefjellrittet. I år var Sognefjellrittet ein flott tur. Ein sykkeltur som eg likar det. Ikkje noko stress og mas, men fint vær, flott natur og i det heile eit glimrande arrangement.
Årsaka til at eg ikkje rangerer det høgare er at eg har sykla denne turen mange ganger nå, så det blir ein vane. Så lenge helsa held, så vil eg være med på dette lokale arrangementet som tross alt går rett utanfor stovedøra. Iallfall skal eg ha 20 fullførde ritt om fire år. Får eg håpe.

I år såg eg at det ikkje var vindtilhøve for ny personleg rekord. Det var ikkje så nøye.  Om eg brukar fem, seks eller sju timar er forsåvidt det samme. Ein må ta det som den fine turen det er.
Stiller opp neste år også.

Nr. 2:
Til Styggevatnet. I år fekk vi omsider somla oss til å sykle til Styggevatnet. Det vart ei fin treningsøkt før Voss-Geilo, og ein av dei lengste treningsturar eg har hatt. Over 11 mil, og godt over fem timar gjorde susen.
Det er berre om å gjere å starte litt før på ettermiddagen. Og kanskje litt før på året??
Det er muligens ikkje alltid like lett, for fram mot Styggevatnet ligg det gjerne snø til uti juli.
I praksis har ein berre nokre få sommarveker å få ta denne turen på.
Fram til Fåberg har eg vore med sykkel før, men aldri forbi tunnelen før Bjønnstegane.
Og det er rart med det: Vi er i noko av den villaste naturen i landet, på to hjul, og det gjev oss høve til å sjå oss omkring på ein måte vi aldri kan få til i bil.
Ein liten smakebit kan finnast her.

Stigninga fra Øy og opp til sjølve vatnet var langt tøffare enn eg hadde trudd, men opp kom vi da, alle mann.
Verkeleg ein flott tur, over 11 mil innanfor kommunegrensene.

Nr. 1:
Voss-Geilo.
Dette nye turrittet gjekk av stabelen for første gang i år, og det var ei verkeleg storhending. God deltaking, 1500 påmelde, flott natur, ein krevande trase, og ikkje minst: Fint vær, iallfall i 8-10 mil.
Vi køyrde Bergen-Voss før i år, men det gidd eg ikkje fleire ganger, altfor masete, og altfor mange bråkete bergensarar som ikkje ville dra.
Men her er nå uansett eit bilde derfra... Den observante vil forstå at dette er fra startområdet.

Voss-Geilo er omtrent like langt, og har om lag samme antall høgdemeter som skal forserast. Forskjellen ligg i at medan B-V har Kvamsskogen som høgste topp ganske tidleg i løypa, så har Voss-Geilo sitt toppunkt vesentleg høgare og seinare i løypa. Medan Kvamsskogen stig meir eller mindre slakt opp til ca. 470 moh. så er det alt anna enn slake stigningar opp Måbødalen med løypas høgaste punkt etter 10 mil og 1250 moh.
Vi brukte to timar lengre enn på Bergen-Voss, og sjølv om mykje av det skuldast eit heilt anna køyremønster, så var turen over Hardangervidda laaangt tøffare.
Men ein eineståande fin tur var det. Satsar på å være med til neste år også, men da skal eg ha meg ein ny sykkel. Og hvis det vert regn, så vert dette ei kraftprøve av dimensjonar. Kven veit om det ikkje kan snø på Hardangervidda i slutten av august?
Eg har opplevd snø på Sognefjellsrittet, det etter å ha sykla i plaskregn til Krossbu, og turen til Fortun derfra kan berre skildrast som.... kald....

Eg ser gjerne at fleire lokale herfra melder seg på Voss-Geilo. Dette er eit ritt utan resultatlister, slik at ein skal unngå stresset med å køyre som villmenn. Og det er eit prisverdig tiltak fra arrangøren. Altfor mange turritt bær preg av for mykje cowboykøyring. Ta det som ein fin tur i flott natur. Ikkje stress, men eg skal love at turen er tøff for det.

lørdag 14. september 2013

Sogn Avis med nytt ukritisk oppslag.

Oppdatert 19.9.13:
Og der havna dette oppslaget der det burde: Nemleg i den omtala paranormale skammekroken.
Her er bloggen og den er også tatt inn i fagbladet journalisten.

Det gjer meg glad at slikt kjem fram i lyset og vert kritisert.
Pressa skal ikkje framstå som talerøyr for svada.

*******************************************



Over fire sider i dagens lokalavis. Deriblant forsida.

Denne posten handlar ikkje healing verkar utover placebo eller ei, sjølv om alt tyder på at det ikkje gjer det.
Hadde healing verkeleg kurert astma, leddgikt og brotne bein slik som det framstår i dagens lokalavis, så ville dette kvalifisert til ein Nobelpris.
Avisa burde samstundes få ein Pressepris for gravande journalistikk.

Dessverre fins det ikkje spor av gravejournalistikk på nokre av dei fire (!) sidene som avisa har satt av til dette.
Derimot er det ein del klaging på Helse Førde, som kanskje kan være berettiga nok, men det vedkjem ikkje saka.
Saka er at avisa ikkje har ein einaste motforestilling til påstandane som vart fremja, og nærast presenterer dette som fakta. Ikkje noko som minner om anførselstegn. Ikkje ein gang kjem det fram "hevdar ho/han".
Eitt avsnitt heiter berre Kurerte meir.

Dei to første sidene inne i avisa er via historikken til skaden, samt nokre bilder som skal tjene til dokumentasjon. Den siste sida har som hovedoppslag at healing fjernar blokkeringar, kva no enn det skal være.

Til sist er det ein avdelingsoverlege som får tilsvar, og han vedgår gjerne at kommunikasjonen "kunne vore betre".
Det har han sikkert rett i.


Sogn Avis har hatt slike ukritiske oppslag før.
Ynskjer lokalmedia verkleg å framstå som rein reklame for udokumentert behandling?


Eit slikt oppslag høyrer heime i pressas paranormale skammekrok..


Eg kan også legge ved eit eksempel på det stikk motsatte av det Sogn Avis har prestert i dag.

Og hvis du vil le: Les denne.

Jubileumsfest

Nokre kloke hovud hadde funne ut at vi skulle ha jubileumsfest etter gymnaset.
Til neste år er det nemleg 30 år sidan vi var russ av den raude typen, men det var ikkje tid til å vente så lenge, så arrangørstaben tromma like godt i gang eit 29-års treff.

Det var heilt OK for min del.

Invitasjonen kom tidleg i vår ein gang, og som seg hør og bør vart det også oppretta ei lukka Facebookgruppe.
Det var artig å følge med på korleis det stadig kom til nye medlemmar, nokre som ein ikkje hadde sett eller høyrt ifra på ÅR.
Rett nok hadde vi tiårs jubileum i 1994, men 19 år seinare er laaang tid. Nesten for lang.

Når eg tenker tilbake på gymnastida nå, så var det ei fin tid, kanskje spesielt siste året. Eg har bursdag tidleg på året, og var såleis ein av dei første som hadde lov å kjøpe øl, dvs. alt i andreklassen. Det var likevel berre ein forsmak(!) på det som skulle komme.

Eg tør påstå at siste året på gymnaset vart ikkje tatt særleg seriøst for mitt vedkommande. Målet var vel berre å bestå med så nokolunde karakterar, og på samfunnsfaglinja var det greit nok å pløyge seg igjennom utan å slite seg ut. Eg hugsar at vi syntes nesten synd på naturfagfolka som hadde matte, fysikk og andre avanserte fag.
Og så hadde vi masse fotball. Ein slags eigen fotballklasse som faktisk holdt eit rimeleg greit nivå. Nokre av oss snusa på ein plass på Sogndal sitt A-lag, men eg var aldri i nærleiken av noko sånt. 7. divisjon med IL Bjørn vart liksom standarden her i gården....

Nokre av høgdepunkta fra siste året på gymnaset var skidagen vår, som vart nytta til heilt andre ting enn å gå på ski. Men vi var i det minste oppi Hodlekve heile dagen...
Dernest hadde vi ein russetur til London der vi budde på eit einstjernes hotell med ein mannevond nattevakt. Forresten var det kanskje ikkje så rart han var mannevond. Vi oppførde oss vel som dei nordmenn på fylletur vi var...

Eg skal ikkje gå meir i detaljar om russtida nå. Einskilde ting skal forbli i minnet.


Men det var svært hyggeleg at nokon tok på seg ansvaret med å lage til dette. Nå viser det seg at det jo vart folk av dei fleste av oss, og i dag er det fleire av russekullet i 1984 som har gode stillingar i samfunnet.
Dei skulle såleis være meir enn kapable til å få dette til.
Og suksess vart det. Fredag forrige helg var det uformelt treff på Lægreid. Først var vi nedom Kinarestauranten ein tur, og deretter på pub. Samme kveld spelte Norge sitt fotballandslag ein ny gnistrande kamp, mot Kypros, og det gjorde kanskje sitt til at nokre ikkje dukka opp klokka 2100. Men det var ikkje nøye, det var uansett veldig hyggeleg å treffe att folk.
Og utover kvelden dukka det opp, det eine kjente fjeset etter det andre. Rett nok var vi eldre vortne, både på kropp og sjel, men på mange vis var det som om vi hadde kjent kvarandre i alle år.

Eg reiste tidleg heim fredagskvelden, og såg fram til sjølve hovedfesten på laurdag kveld.

Vi møttes på gamle tomter, dvs. utanfor gymnaset på Fosshaugane laurdag ettermiddag. Gymnaset ser ut akkurat som det gjorde i 1984, klasseromma var sameleis, og eg trur jammen eg kjende att pulten min også!
Men gymnasbygget er omtrent det einaste som er slik som det var på Fosshaugane i 1984. Her har det vore ei kollosal utvikling, og vi fekk ei nyttig omvisning på Fosshaugane Campus.

Etter omvisninga bar det ned på hotellet for eit glass før middag.
Middagen var forøvrig prima, så takk til arrangørane for den.

Deretter gjekk det slag i slag utover kvelden og natta, med litt øl, gamle historiar og litt vemodige minner.

Hvis du leiter etter bilder fra festen, så leitar du forgjeves. Eg legg ikkje ut bilder fra festar.


Oppsummering: Veldig bra tiltak, og ei svært hyggeleg helg. Men det var også som nevnt litt vemodig. Vi er snart femti år, og mange av oss er minst halvveges i livet. Russetida var ein sorglaus periode, der mykje av tida gjekk med på rein moro, og den største bekymringa var å få pengar til øl.

Eg ville ikkje vore denne helga forutan, og håpar eg får høve til å være med på 40-års jubileumet også.
For det må vi ha. Eller 50-års fest. Da er vi pensjonistar, så da har vi tid til slikt...

Angliru

Ser du på Tour de France om sommaren?
Såklart. Alle gjer det.

Touren er sykkelsportens flaggskip, midt i ferietida og greier.

Men touren er berre ein av dei tre Grand Tours, og akkurat nå pågår årets antaglegvis tøffaste etapperitt, nemleg Vuelta Espana.
Giroen i år var nemleg av det meir humane slaget, etter dei siste års hårreisande traseear. Faktisk er nok Touren den "lettaste" av dei tre Grand Tours, men prestisjen er såklart langt større.

Det er berre to etappar att av Vueltaen for i år, og mange ryttarar har alt stått av. Mange brukar nemleg dette som den perfekte oppladninga til VM, som i år har ein steintøff trase i Italia.
Dei siste tre vekene har ryttarane klatra hinsides mange høgdemeter i Spania, og det må være bra trening for dei som satsar på å få køyre i regnbogetrøya neste år.

I sommar såg vi sikkert Alpe d`Huez på TV, med ein million drita fulle tilskodarar på dette fjellet.
Og bevares, Alpe d`Huez er ein tøff stigning, faktisk er det mykje likt med å sykle opp i Vanndalen.
Alpe d`Huez er 13,8 km. lang, og stig 1070 meter, noko som gir ein snittprosent på 8,1.

Angliru er litt kortare, 12,5 km. og stig 1266 meter, det blir ein snittprosent på 10,13. Det høyres kanskje ikkje så ille ut, men det er verdt å nevne at dei første fem kilometrane berre har ein ca. stigningsprosent på sju, før det faktisk flatar ut og går nedover eit stykke. Ergo: Dei siste seks kilometrane er styggbratte.
Snittprosenten ligg på 13,1 og i det verste partiet bikkar det 23%.

Angliru vart først brukt i 1999, i "The age of EPO", og Jose Maria Jimenez fekk æra av å krysse målstreken først. Jimenez var ein fantastisk klatrar til tider, men kunne også kollapse som ingen andre. Derfor var han aldri noko fare samanlagt når han deltok i trevekersritta på slutten av 90-talet.
Han fekk noko seinare alvorlege depresjonar, og døydde, overvektig og ikkje attkjennande, på ein psykiatrisk klinikk i Madrid fire år seinare, samme vinter som Marco Pantani endte sine dagar. Dei to beste klatrarane på slutten av 90-talet døydde altså med berre nokre månaders mellomrom.

I den første utgåva var det eit skikkeleg grisevær, og datidas syklar hadde ikkje utveksling slik som nå. Det var mange av syklistane som måtte gå opp, og bilane som måtte stoppe hadde problem med å komme i gang att fordi det var så bratt og glatt.
Angliru har seinare vorte nytta fem ganger, og det er sjølvsagt kun dyktige klatrarar som har vunne. Den siste var, merkleg nok, Juan Jose Cobo i 2011 som vant det året. Sidan den gang har han ikkje klart noko som helst på to hjul. Sjølv om Cobo rett nok var ein god klatrar, så var det likevel ein smule overraskande at han gjekk heilt til topps.

Men kor bratt er 23,6% stigning som det er på det verste?
Stalheimskleiva er Norges brattaste asfalterte veg, såvidt meg bekjent. Der er det svinbratt, men likevel ikkje "verre" enn 18%.
Under Voss-Geilo for nokre veker sidan var vi nok oppi parti på 15-16% på det verste, og det var bratt nok for min del. Men det var likevel berre 100 meter. Det er heilt noko anna når det er 15-20% i eit par kilometer.


Arrangøren av Vuelta Espana lukkast med å finne den tøffaste stigning i Europa for sine syklistar. I allfall var det slik heilt til RCS, Giro-arrangøren, kom med Zoncolanstigninga i 2003....
Zoncolan skal forøvrig være den nestsiste stigninga i neste års Giro.
Zoncolan og Angliru framstår i dag som sykkelsportens verste stigningar, dei er faktisk så bratte at det nesten vert for mykje av det gode.


Ta ellers gjerne ein kikk på cyclingnews.com sitt galleri fra tidlegare utgåver.

Og rådet må være: Skal du sjå eit einaste sykkelritt dette året, slå på TV`en i morgon ettermiddag.