torsdag 8. august 2013

Til Styggevatnet.

Vi har i årevis snakka om å sykle til Styggevatnet, men det var ikkje før i går det vart alvor.

Avreise fra Prix kl. 1700, noko som i ettertid viste seg å være seint nok...

Det er langt til Styggevatnet, veldig langt med sykkel iallfall. I utgangspunktet skulle det ta ca. tre timar opp, og ca. to timar heim, og årsaka til at det tek så mykje kortare tid heim er sjølvsagt at det er unnabakke :-)

Iflg. kartet er høgste regulerte vannstand på Styggevatnet 1200 m.o.h. Toppen av dammen vil eg tru ligg på 1220.
Framover Jostedalen er det heller greit å sykle, og vi tok det roleg oppover. Nokre småbakkar her og der, men det er først etter Breheimsenteret at det verkeleg kjem ein knekkar. Her er ein kilometer med oppmot 12-13% stigning. Og årsaka til at eg veit kor bratt det er, er sjølvsagt at ein av oss har slik fin computer som måler slikt.
Fra Fåberg og innmot Fåbergstølen er vegen heller smal, men det er lite trafikk. Tunnelen som er der er ikkje så lang, men når ein kjem fra Fåberg er det ganske mørkt, for vi ser ikkje utgangen. Lettare når ein kjem nedatt.

På Fåbergstølen er vi komne opp på ca. 520 m.o.h. og det er byrjar å bratte til skikkeleg like før Øystølen. Her er det ca. 7 km. til toppen, så vi får ein snittstigning på ca. 10%. Fra Øy og oppmot Viva er det greit med bil, men computeren viste at nå var det på ny både 12 og 13 % i bakkane. Slik er det i 3-4 kilometer. Ved Viva flatar det ut ein smule, slik at ein kjem litt til hektene att. Det var fint vær denne kvelden, sol og vindstille (iallfall så langt), så det gjekk eigentleg bedre enn forventa.

Fra Viva og inn dalføret skulle ein tru det ikkje er så bratt, men det ligg på jamnt 8-10% innover.
Her var det heller ikkje sol, og jo lengre inn ein kom, jo meir vind vart det.
Lengst inni dalbotnen er vegen lagt i hårnålssvingar, og det er normalt til litt hjelp. Det er berre det at desse hårnålssvingane er ganske bratte.
Ei rimeleg tøff strekning er det.

Vegen er asfaltert opp til ein parkeringsplass ved damfoten. Det går ein shabby grusveg opp til toppen av dammen, der oppe er det fin utsikt. Parkeringsplassen låg i skugge, og det var nå blitt innihelsikes kaldt, tross alt var vi på 1150 m.o.h. Oppe på dammen var det imidlertid sol, så eg tok doningen og sykla heilt opp på den heller skrale grusvegen. Der oppe var det adskillig varmare, og sjølvsagt fin utsikt inn mot breen i andre enden av vatnet. Dessutan: Har ein først sykla i motbakke meir eller mindre i fem mil, så kan ein godt ta med seg utsynet....
Vi brukte ca. 3 timar og ti minuttar opp.

Det var befriande å få på seg noko tørt, samt gomle i seg litt næring, og så bar det nedatt.
Vegen var ikkje blitt flatare, så her kunne vi verkeleg trille på i full fart om det var ynskjeleg. Nå er asfalten noko skral, så det er ikkje tilrådeleg å gi på før ein er komen ned mot Øystølen att.
Men dersom ein klarar å sykle fra Nes til Fortun, så klarer ein alltids å tåle denne vegen også.

Nede att v/Fåbergstølen var alle noko frosne etter 8 km. unnabakke i 10 graders varme. Så da passa det veldig bra med ei punktering....

Vi kom oss avgarde att, og eg for min del fekk ikkje i meg varmen før eg var komen til Hesjevollen att, unntatt på beina, dei var iskalde i nesten seks mil.

Vi hadde planlagt å stoppe på Hotellet, men grunna punkteringa var det byrja å bli litt seint. Vi var på Gjerde kl. 2124, og da var det nok ikkje særleg smart å stoppe der.

Nedover Jostedalen gjekk det greit, men noko plage med varmen var det DEFINITIVT ikkje.
Det byrja også å melde seg eit visst matbehov. Halvanna liter med drikke, samt to RedBull var forlengst fortært, saman med ei banan og ein turblanding. Hadde heldigvis noko nøtter og rosiner att.

Vi var ikkje heime før klokka var blitt 2220, og så mykje lenger skal ein ikkje vente før det vert mørkt. Rett nok hadde vi gode lys med, men det er nå greit å komme seg i hus uansett.

Heile turen tok altså fem timar og tjue minutt, inkl. alle stopp på vegen. Det vart nesten 112 kilometer og antaglegvis godt over 1300 høgdemeter, ei retteleg god treningsøkt altså.


Turen til Styggevatnet (som forøvrig ikkje fortjener navnet sitt, det er veldig fint der oppe), er å anbefale. Men ein bør kanskje reise noko før på dagen. Det vart skikkeleg kaldt nedatt, og fingrar og bein fekk det verst.
Ein må ta dette som ein roleg treningstur. Dei siste kilometrane opp er ganske tøffe, og nedatt må ein være obs på hol i asfalten her og der.

Bilder:

Det er kanskje ein tung tur, men her oppe, 1220 m.o.h. får ein iallfall eit flott utsyn inn mot Austdalsbreen.

Når ein snur seg i høve forrige bilde, så ser ein kor ein kom syklande....Det ser kanhende ikkje så bratt ut oppover dalen her, men tru meg: Dette var tungt.

Dette er så langt som det er asfaltert, dvs. nede ved damfoten. Eg var oppe til masta oppe til venstre, og det var eigentleg helst for å få i meg litt varme i sola.

Dette er rett nedanfor Fåbergstølen, og ein punktering måtte fiksast.
Her er forøvrig ein stemningsrapport kun minuttet før....

På tur ned fra Gjerde, og da måtte eg nytte høvet til å ta eit bilde med Myrhyrna og Vangsen i bakgrunnen.
Gjekk inn på Google Earth og tok dette bildet fra Øystølen og opp til Styggevatnet. Som ein ser er det ikkje mange plassar å få kvile seg på desse seks-sju kilometrane.

Fra Viva og opp til sjølve dammen er det kanskje ikkje så langt, men det er rimeleg tungt for det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar