fredag 30. august 2013

Fotball på TV

I kveld baud sjansen seg til å sjå norsk fotball på TV. Det må være år og dag sidan sist gang det skjedde, eller rettare sagt: Det må være år og dag sidan eg gadd å sjå på.

Det var Brann-Sogndal som stod på menyen, og nå veit vi jo at Brann vant fortjent 1-0 på Stadion, men det er ikkje poenget her.
Poenget er kvaliteten på kampen.
Rett nok er vi bortskjemte med superlag fra England, Spania, Italia og Tyskland, samt fra dei to europacupane, men norsk toppfotball er likevel lysår fra det samme.
Ein kan nesten snakke om to forskjellige idrettar, og det er faktisk urettferdig å samanlikne norske middelhavsfarar som Brann og Sogndal med t.d. storkampar som skal være i England denne helga.

Førsteinntrykket av kveldens TV-kamp var at dette var da jammen skrale saker, men det er tidleg i kampen, så det blir sikkert bedre.
Neida. Det fortsatte. Feilpasningar florerte. Skotforsøka traff som oftast nærare hjørneflagget enn mål. I det heile syntes eg det var så innihelsike dårleg at eg gadd ikkje sjå siste delen av andre omgangen.

Så var det sport på TV2, og der fekk eg høyre at det hadde vore dramatisk og underholdande.
Antaglegvis har vi sett på to vidt forskjllige kampar.


Norsk fotball er av dårleg kvalitet samanlikna med toppligane ute i Europa. Vi har ikkje ein gang ein middels bra liga. Når vi snakkar om bakgårdsklubbar ute i Europa, så snakkar ein gjerne om klubbar i Austerrike, Sveits, Belgia og Nederland.
Vel, Europacupane er ein god peikepinn på kvaliteten. Og der har vi med Tromsø, som kom med etter at eit tyrkisk lag hadde vore innblanda i snusk. Ein liten kikk på dei attståanda laga i t.d. Europaligaen viser meg nokre lag eg knapt har høyrt om.
Tromsø har gjort det bra. Dei er tross alt eit dårleg lag i eliteserien, men har openbart nokre kvalitetar som har gjort at dei nå er klare for puljespelet. Det er veldig hyggeleg at vi i det minste får med eitt lag.
Dei øvrige norske laga har gjort det elendig, og det mot lag fra såkalla bakgårdsligaer. Da må ein spørre seg: Kor god er eigentleg den norske toppfotballen?


Norsk proffspelarar i utlandet veks ikkje lenger på tre. Rett nok er det ein del i Tyskland, og det skal vi ikkje kimse av, men dei har ikkje sentrale roller som Bratseth, Giske og Jørn Andersen t.d. hadde i si tid.
I England er det heller ikkje så rart fatt. Hangeland er etablert i ein middels klubb, men ellers er det så som så.
Vegard Forren er vel kroneksempelet på eit totalt mislykka utanlandsopphald. Han var kjempegod i Molde, og vant seriegull og greier. Så gikk han til ein middels god Premier League klubb.... Og fekk ikkje spele eitt einaste minutt.

Det seier alt. Ein av Tippeligaens beste spelarar fekk ikkje eitt minutt seriefotball med ein middelhavsfarar i England.


Eg ser på femtedivisjonsoppgjera til Bjørn, samt aldersbestemt fotball på kunstgrasbana. Det er i det minste moro.

torsdag 29. august 2013

Treffande

Kom over denne her ein dag.....
Og den var så bra at den fortjener å delast.


*******************************

En butikk som selger nye ektemenn har åpnet i New York City. Der kan
kvinner gå for å finne seg en ektemann. Blant instruksjonene ved inngangen
kan man finne følgende:

Du kan kun besøke denne butikken EN GANG! Det er seks etasjer, og verdien

av produktene stiger etter som man kommer opp i etasjene. Du kan velge et
produkt i en etasje, eller du kan velge å gå en etasje opp. Men du kan
ikke gå ned en etasje, bortsett fra å forlate butikken!

En kvinne går så til Ektemann-Butikken for å finne seg en ektemann. I
første etasje er det et skilt på døren der det står:

Første etasje - Disse mennene har fast jobb.

Hun er interessert, men fortsetter til andre etasje, der det står på et
skilt:
Andre etasje - Disse mennene fast jobb og elsker barn.
'Det er fint' tenker hun, 'men jeg vil ha mer.'

Så hun fortsetter oppover. I tredje etasje står det på skiltet:
Tredje etasje - Disse mennene har fast jobb, elsker barn, og har ekstremt
godt utseende.
'Jøss', tenker hun, men føler at hun må gå videre.

Hun går til fjerde etasje, og på skiltet står det:
Fjerde etasje - Disse mennene har fast jobb, elsker barn, har sinnssykt
godt utseende, og hjelper til med husarbeidet.
'Å hjelpe meg!' sier hun, 'Jeg holder det ikke ut!'

Men hun går uansett opp enda en etasje, og på skiltet står det:
Femte etasje - Disse mennene har fast jobb, elsker barn, har sinnssykt
godt utseende, hjelper til med husarbeidet, og er meget romantiske.

Hun er så fristet, men går opp til sjette etasje, der det står på skiltet:

Sjette etasje - Du er besøkende nummer 31.456.012 i denne etasjen. Det er
ingen menn i denne etasjen. Denne etasjen eksisterer kun som bevis på at
det er umulig å tilfredsstille kvinner. Takk for at du besøkte
Ektemann-Butikken.

VENNLIGST BEMERK:

For å unngå å bli beskyldt for kjønnsdiskriminering, har butikkeieren
åpnet en Ny Hustru butikk rett over gaten.

Første etasje har hustruer som elsker sex.

Andre etasje har hustruer som elsker sex, har penger, og liker øl.

Tredje, fjerde, femte, og sjette etasje har aldri hatt besøkende...


onsdag 28. august 2013

Voss-Geilo 2013, rittrapport

Da er det gått eit par dagar sidan det som utan tvil må ha vore årets sykkeltur.
Turrittet Voss-Geilo vart arrangert av Bergen CK i samarbeid med Geilo IL for første gang laurdag 24. august, og det var over 1500 påmeldte deltakarar.
Arrangøren hadde lagt opp til ein spennande trase gjennom flott natur, og ikkje minst skulle vi få oppleve eit byggverk i superklassa.

Vi starta ca. kl. 1020, i ei pulje litt bak, for å sei det slik. I utgangspunktet hadde vi håpa på å komme oss til Geilo på sju timar, og ta laurdagen som ein tur med bildetaking og greier.
Traseen viste seg å være adskillig tøffare enn vi rekna med, så eg skal komme litt tilbake med tid og stopp undervegs.

Vi var ca. 100 stk i pulja vil eg anslå, og i fint seinsommarvær bar det mot Skjervet. Masterkøyring ut av Voss sentrum, og masse vakter over alt. Veldig bra vakthald av arrangøren, som har hatt fokus på sikker køyring til V-G. Som kjent var det ei trist hending under Bergen-Voss før i år.
Det fine været og den store pulja gjorde at det gjekk mest av seg sjølv heilt ned til Granvinvatnet og den første stigninga av betydning, nemleg over til Ulvik. Eg køyrde der sist i 1984, og hugsa lite av korleis vegen var, men minnast at det skulle være smalt og bratt oppover.
Toppen ligg på berre ca. 350 m.o.h. så det var uansett ikkje noko fjell vi skulle over, og ikkje var det så bratt som eg trudde heller. Men smal veg var det i høgste grad, lite trafikk dog.

På toppen tok vi ein liten "natures break", samt at den eine mista telefonen sin. Det medførte ein liten ekstra stopp utan at det var så nøye.

Nedover mot Ulvik kom vi inn i ei stor gruppe, og det var stort å sykle ned dei svingete vegane til fjorden. Verkeleg ei oppleveing, sjølv om asfalten var noko dårleg stadvis.

Utover fra Ulvik og til Hardangerbrua gjekk det i store puljer, og den vi havna i var ikkje optimal for å sei det sånn. Litt mykje trekkspelkøyring, samt at vegen er av vekslande kvalitet. Vi måtte ut på ei dårleg grusstrekning med vegarbeid, da ein tunnell ikkje var ferdig. Ein del opp og ned før Hardangerbrua openberra seg. Dette meisterverket av ei bru var eigentleg verdt heile turen, som no hadde vart i litt over fem mil. Opp til brua var ikkje heile anlegget heilt ferdig, men vi vart geleida trygt inn. Bratt opp var det også.
Turen over fjorden er verdt ein post for seg sjølv, så det får eg heller ta ein annan gang.

Når ein kjem over brua, så er det rett inn i ein liten sykkeltunnel som går bratt opp og i sirkel slik at ein kjem opp på tunnelportalen som brua fører inn i.
Her stoppa vi for å ta litt bilder, og derfra og opp til vegen att var det styggbratt, og lenger enn vi rekna med. På toppen var det bunkring med litt mat og drikke, og det var alt no klart at dette kom til å bli ein eineståande sykkeltur. Været var framleis fint, og det var berre til å fortsette inn mot først matstasjon i Eidfjord.
Vi havna i ein fin gruppe innover Hardangerfjorden, og hadde på førehand avtala å stoppe i Eidfjord. Dette var etter 73 km, og vi tok ein god pause. Nøyaktig tre timar etter starten på Voss, så trilla vi vidare langs gamlevegen attmed Eidfjordvatnet. Meget spesiell strekning som er stengt for bilar i dag, naturleg nok. Biltrafikken går i ein lang tunnel nå til dags, og det er nesten rart å tenke på at her hadde det køyrt både bussar og campingvogner.
Oppover mot fjellet gjekk det rimeleg greit. Vi vart leia inn på gamlevegen opp Måbødalen, og det var bratt og slitsomt, men det visste vi om. Og det var jo heile vitsen.
Dessverre var det gått ras på gamlevegen eit stykke oppi dalføret, så vi måtte igjennom Måbødaltunnelen, nesten to km. i motbakke og med biltrafikk. Forhåpentlegvis er gamlevegen open for syklistar neste år.
Vel ute av Måbødaltunnelen stoppa vi på nytt, for det var greit å samle seg litt her. No var vi komne opp på nesten 500 m.o.h. og det var vel eigentleg ingen av oss som visste kor langt det var til neste drikkestasjon oppe ved Vøringfossen. Og det var iallfall ingen som visste kor bratt det no skulle bli...

For nå kom vi inn i parti som var sanselaust bratte. Etter ni mil opp og ned i brukbar fart, så kom det no kneikar som antaglegvis er oppmot Stalheimskleivnivå, dvs 18%.
Men det er rart med det, moro var det, enda så slitsomt det var.

På drikkestasonen v/Vøringfossen måtte vi ta meir bilder, og ein var liksom over det verste nå. Neste matstasjon var på Dyranut, 1250 m.o.h. "berre" 18 km. vidare oppover. Og 18 km. med slakke motbakkar skal i utgangspunktet gå greit, men etter nesten 100 km. var det tungt nok.
Og etter ca. ei mil var det stopp. For lite mat gjorde at blodsukkernivået datt som ein stein i løpet av eit minutt eller to. Det var rett og slett uråd å halde følge lenger. Det hadde gått så fint i 100 km, og så var det bråstopp totalt. Grusomt.
Heldigvis var vi to, og eg hadde ein Bixit i baklommen, som smakte som manna fra himmelen. Dessutan hadde vi ein ny "naudsynt pause", og da oppdaga eg blåbær i lyngen. Og det var antaglegvis dei beste bæra på kloden.
Etter dette gedigne måltidet så kom eg litt til hektene att, og vi trilla i sidevinden oppover, svært sakte nå, vidare mot Dyranut.
Det var veeeldig langt dit. Dei 18 kilometrane vart som mil, og dei lange slakke bakkane tok liksom aldri slutt.
Så, laaangt oppe på vidda såg eg eit skilt om at det var 500 meter igjen. Eit stort, fint skilt var det, men det vart ein skikkeleg nedtur da eg oppdaga at det var 500 meter til geitostsalget....

Uansett kom vi alle saman opp til Dyranut og her var det mat. Heldigvis. Våre turkameratar hadde nok venta ei stund, men nå var det på tide å pakke seg inn i meir klede, for så høgt til fjells var det kjølig.
Eg kunne nå ha ete alt mogleg. Om noko hadde tilbydd meg eit såpestykke så hadde eg satt tennene i det også. Tomatsuppe er normalt fysjom, men nå slengte eg i meg to koppar og syntes det var supergodt. Skiver, bananer, saft.... alt gjekk ned på høgkant, og etter nokre minuttar så verka kroppen å være bra igjen.

Så da var det berre å sykle dei siste 55 km. til Geilo.

Det var sikkert nokon som trudde at no var det slutt på motbakkane, men det var det jo sjølvsagt ikkje. Neida, nokre lange slake stigningar var det her og, og jernbanebrua på Haugastøl (var det vel) var omtrent som eit fjell.
Vi hadde to mindre stopp på vegen til Geilo, mest for å konstatere at alle var med i nokolunde grei form. Nå var det slett ikkje noko store puljer vi kunne være med i lenger, det var faktisk berre oss fire, og utruleg nok nådde vi att ein heil del syklistar også. Det var jo hyggeleg.

Omsider kom vi da til Geilo, etter timevis på tohjulingen, og til eit målområde som var byrja å bli litt meir folketomt. Men det betydde ingenting. Vi hadde gjort det vi kom for, hadde sykla fra Voss til Geilo meir eller mindre samla heile vegen og hadde hatt ein kjempetur. Tida vi brukte var totalt likegyldig.


Vel i mål vart det meir mat, og eg var svolten som ein ulv. Det hadde nok gått med ein del energi på turen ja...

Vi fekk diplom, som eg neppe kjem til å sjå på att, samt eit rabattkort til Intersport, ein pin og eit panneband. Ikkje rare premieringa altså, ei deltakarT-skjorte hadde gjort seg. Vi betalte tross alt 700 spenn for dette.
Garderobetilhøva var heller ikkje optimale for å sei det forsiktig, men sidan dette var første året, så reknar eg med at arrangøren rettar opp desse bagatellane.

Konklusjonen er uansett at dette var eit superarrangement. Det var langt tøffare enn eg hadde forventa, det vart den desidert tøffaste sykkelturen eg har hatt sidan eg på eit forunderleg vis fullførde Jotunheimen Rundt i 1994. Men veldig gøy. Og det som gjorde det så artig var traseen og at vi var fire stk som holdt i saman og venta og hjalp kvarandre.
Så sant det er mogleg vil eg være med til neste år også, for denne turen bør eigentleg alle syklistar ta ein gang før dei dør. Eit flott arrangement som Bergen CK og Geilo IL med god grunn kan være stolte av. Terningkast: Sterk femmar.

Og nå; bilder. Dei første tok eg sjølv med iPhonen, medan dei siste vart tatt med eit "årntle" fotoapprat av vår tolmodige sjåfør som vi er ei evig takk skuldig for å ha vore med på denne turen.

Dette er sjølvsagt startfeltet, og som ein ser var det bra med deltaking...

Dette bildet tok eg, surprise(!) på Hardangerbrua. Jøje meg for eit byggverk.

Eg måtte berre ha eit bilde fra utkikksposten rett over tunnelportalen som brua fører inn i.

Her er vi komne forbi Eidfjord, og det er gamlevegen langs vatnet vi ser. Vegbygging i gamle dagar var noko anna enn nå.

Her er vi akkurat byrja på gamlevegen opp Måbødalen. Det ser kanskje ikkje så bratt ut, men tru meg: Det er verre enn det ser ut.

Omsider oppe ved Vøringfossen.

Dyranut. Mat. Drikke. Tørre klede.

På Hardangervidda, ein heilt anna type fjellovergang enn t.d. Sognefjellet som eg har sykla over mange ganger.

Og dette vart den eigentlege premieringa...

Dei neste bilda er tatt av fotograf Øy.

Før start, og vi ser rimeleg friske og optimistiske ut.

Her har vi akkurat tatt av opp mot Ulvik, og det er da Granvinvatnet vi ser i bakgrunnen. Ser du nokre kjentfolk på bildet??? Vi var i denne pulja alle fire.

Nytt gruppebilde, her på veg opp fra Hardangerbrua. Denne gangvegen var veldig bratt, men her er vi heldigvis oppe.

Dette er ein ukjent sykkelkollega av oss, som tok seg ein velfortjent kvil etter Måbødaltunnelen.

Det var ikkje spesielt moro å sykle to kilometer i motbakke og i tunnell samstundes, men er vi da ut komne.

Og her har vi akkurat satt kursen opp mot dei brattaste partia...

På Dyranut hadde folk tenkt til å slappe av ein smule...

Denne deltakaren såg vi i målområdet, og han kom faktisk etter oss, det var da noko.

Klare for heimreise. Slike turar medfører ikkje så reint lite rot i bilen....Men det er verdt det.




onsdag 21. august 2013

Ny asfalt.

Det har gått hardnakka rykter om at det er lagd ny asfalt innover fjorden dei siste dagane.
Eller, ikkje fjorden, men vegen innover langs fjorden har fått ny asfalt....

Så det måtte sjølvsagt testast.
På to hjul.

Dessverre vart det litt seint før eg kom avgarde, men ein trilletur er nå fint uansett kor tid det er på døgnet.

Vegen mellom Nes og Fortun har i årevis vore heilt elendig. Vegdekket er stadvis i ein slik forfatning at eg har vore redd for sykkelen min.
Heldigvis kom Gullringtunnelen for nokre år sidan, men desse to kilometrane er likevel ikkje meir ein ein litt lang møteplass. For på begge sider av den nylaga vegen fra dengang, er det berre sorgen.


Uansett trilla eg innover, åleine. Brukbart vær, ikkje så kaldt og heller ikkje særleg vind og regn. Faktisk ikkje regn i det heile tatt unnateke eit par dråpar.

Men så..... ny asfalt.....
Det er vakkert å køyre på. Behagleg. Hadde det berre vore slik i milevis.
Vegen er stadvis smal, OK, men i kveld var det så lite trafikk at det var ikkje noko problem.

Gjennom Høyheimsvik"sentrum"  var det svart fin vegbane. Men så: Tohundre meter med det gamle drittdekket att. Før det vart svart i eit par kilometer att.

Likedan nylagd asfalt fra Flahamar og forbi badeplassen, før det av ein eller annan grunn var ca 100 meter opphald med møkkaveg igjen. Og når eg seier 100 meter, så er det maks. Altså: Ein kilometer med fint vegdekke, så 100 meter humpedumpe, og så ein ny kilometer med strøken veg att...
Og korleis den nye fine asfalten vil takle neste vårs telehiv kan ein vel berre tenke seg.
Denne vegbiten treng ein operasjon i full narkose, asfalten er som eit plaster til ein amputert fot.

Uforståeleg.


Det var også noko støypekantarbeid forbi Luster. Dei to slitarane som hadde det tunge ansvaret med den manuelle dirigeringa slapp meg forbi utan venting (skulle berre mangle, det var jo ingen bilar der...).
Og nå til dags vert støypekantane laga der og da. Ei slags form som sementbilen fyller oppi, og ut att i den andre enden kjem ein fiks ferdig støypekant!
Nei, kva dei kan få til i våre dagar.

På Fjøsnadn måtte eg berre stoppe å beundre den digre krosbåten som låg til kais. Eit digert drog som sikkert hadde like mange folk ombord som det er innbyggarar i Luster.
Eit flott syn denne seinsommarkvelden.


Men uansett kor fin båten var, den nylagde asfalten var MYKJE finare. Iallfall er vegen fin fram til våren.
Og der som den er lagt.



tirsdag 20. august 2013

På Gammaldansfestival.

Det er kun ein gang i året eg betaler for å gå i Parken, og det er på gammaldansfestivalen.
Det er ingen problem å være vakt der nede ein kveld eller to, men det å gå ned, betale nokre lappar for å høyre eit band som eg har null forhold til, og deretter å bli bura inne for å drikke ei øl 50 meter fra scena? Niks. Ikkje aktuelt.

Men på Gammaldansfestivalen får dei lov å selge øl på sjølve danseplatninga. Ikkje det at eg dansar gammaldans, men øl kan ein jo drikke for det.

Som vanleg var det rigga til med provisorisk bardisk i det nedre hjørnet, og eg kjøpte meg ein halvliter til usle 65 spenn. Det er nærast ein 90-talspris i mine auge, men takk som byr.

Så ville eg gjerne ha ein grilltallerken, for grillmat og kald pils er unektleg veldig godt.
Det er 15 meter bort til grillbua, men dit kunne eg ikkje gå med halvliteren i handa, for det var ikkje lov.....
Det var nemleg kun lov å drikke på sjølve danseplatninga. Det var ikkje eingang lov å gå bort til det inngjerda området som til vanleg vert nytta til ølservering.
Så. Eg fekk ein bekjent til å holde eitt. stk halvliter medan eg gjekk dei 15 metrane bort til grillbua, der eg fekk god mat.Tok med meg den bortatt, og leita etter ein plass å sitte. Det var ikkje så lett å finne, for det var byrja småregne, og det beste hadde vore og tatt sete i ei av bodene på det inngjerda området. Men dit var det ikkje lov å ta med øl...

Altså..... Det er øl vi snakkar om. I pilsklassen.
Det er ei heilt lovleg vare, og vi er inne på eit inngjerda område, og så skal vi absolutt måtte stå inne på ein full dansplatning fordi ein eller annan luring har funne på at slik skal det være.

Hjernefabrikken er neppe utsolgt.



Men det var forøvrig god stemning i Parken denne kvelden. Masse utanbygds folk, og altfor lite lokale som gadd å reise ned.
Dette må være ein av dei beste helgane i året for campingplassen og det nyopna Tunet, samt for Pyramiden. All ære til arrangørane!

Hadde berre alkoholreglementet vore like bra.

Det er ikkje så mange metrane bort til grillbua, men det er av ein totalt uforståeleg grunn ikkje lov å ta med seg ein halvliter bort dit.

Og det er heller ikkje lov å ta med seg ølet dei få metrane bort til der det normalt vert servert pils....

Gudbedre.

torsdag 15. august 2013

Via Ferrata Gåpn

Turistkommunen Stryn har skjønt det.
Ein må tilby noko særskilt til dei som kjem på besøk, og det har dei sikkert klart i.o.m. bygginga av sin nye Via Ferrata Loen.

Slike ting er spektakulært, og vil antaglegvis få ein del nyfikne til å komme forbi.

Stryn nyttar det som ligg der, naturen, og kvifor skal ein ikkje kunne få til noko liknande her også?


Så, kvifor gjere det vanskeleg?


Det går an å lage noko tilsvarande rett oppi hogget her. Kanskje ikkje fullt så høgt, men sikkert nok til å få det til å krible ein smule....

Eg såg føre meg to alternativ for plasseringa av noko slikt, og i begge tilfeller brukar ein Engadalsvegen som utgangspunkt. Ein slik Via Ferrata fra Engadalsvegen ein stad over til Gåpnaberget, over juvet som elva har greve ut.... Det ville i det minste bydd på spektakulær utsikt, og anslagsvis 80-100 meter ned på det meste. Og det kunne vel få nokon kvar til å skjelve ein smule....

Eg var kjapt inne på ei karttjeneste, og målte opp litt for moro skuld. Der tenkte eg meg to alternativ, eit kort spenn, og eit langt. Det kortaste målte eg til 110 m, og det lengste til 139 m. Om det er praktisk gjennomførbart har eg ingen aning om, det får klokare folk finne ut av.

Fordelen er at her kan ein få omtrent kven som helst til å gå over. Ein treng ikkje klatre for å komme til utgangspunktet, det er faktisk mogleg å køyre opp! Men da må ein sjølvsagt lage til for parkering.
Og skal ein tru denne artikkelen i Nationen, så tek bygginga heller ikkje lang tid.

Eg har heller ikkje tenkt på om grunneigarane jublar for noko slikt, men det er nå uansett eit morsomt tankespel.


Sånn. Det er iallfall lov å komme med forslaget, og ein dag eg får tid, så skal eg stikke opp å ta bilder derfra.

Og ein ting er iallfall sikkert, dette treng vel ikke å koste så mykje som gondolbaner og badeanlegg. Naturen er der, det er berre vilje og kroner til å gjennomføre det som skal på plass.
Reiselivet burde iallfall være interessert i å være med på dette.

Ei gangbru over her?
JU-HUUU!

Eller kanskje ei litt lenger oppe...?

Over her kanskje?

onsdag 14. august 2013

Stortingsvalget 2013

Da er det valg att, til sjølvaste Stortinget denne gang.
Og det må vi jo være med på. Har stemt i alle år sidan eg fekk stemmerett, unntatt første året, i 1983, da eg ikkje rakk heim etter ein fotballkamp. Jøss, 30 år....?

Før ein skal stemme, så må ein vite sånn ca. kva ein skal stemme på.
Her i fylket er det ikkje så himla mange alternativ i høve til andre fylke, men det er ein del raritetar likevel.
Det er 13 lister, og kun eit mindretall av dei har realistiske sjansar til å få inn ein representant eller to.

Eg gjekk inn på Fylkeskommunens nettsider for å sjå kva slags parti som hadde liste her, og her er dei.
Startar med det partiet som var øverst på lista til Fylkeskommunen, og tek det så nedover i same rekkefølgje.


Det partiet som stod først var De Kristne. Der er det åtte kandidatar, og alle er heimehøyrande i Ytre Sunnfjord eller Førde. Ei fin blanding av kvinner og menn, og bra spenn i alder også. Den eldste er fødd i 1930, og den yngste i 1982.
Men dei står for ein politikk som var heimehøyrande i ein annan tidsalder, jfr. deira syn på abort og homofile. Kva er det med religiøse og sex eigentleg???
I søppelet med denne lista. Ja, og så berre sunnfjordingar da..... hø-hø.
(Dog, i høve til eit anna miniparti, Norges Kristne, så framstår De Kristne som ein lystig gjeng. Norges Kristne ser mest ut til å ville innføre heksebrenninga att, så eit godt råd er: Ikkje googlesøk på Norges Kristne, for ein veit ikkje om dette er ein spøk eller alvor, og dessverre: Det er alvor.)

Neste parti ut er Demokratene i Norge.
Eit snodig navn på ein snodig gjeng? Det er ti kandidatar, derav åtte menn. Dei er i alderen fra 48 til 69 år, så dette er det nok etterkrigsgenerasjonen sitt parti. Skulle ein tru. For oppslutninga har vore lita. Og oppslutninga vert nok ikkje større her i fylket, for av alle dei som står på lista til demokratane, så er det berre to som har adresse i Sogn og Fjordane....
Søppelbøtta next.

Framstegspartiet i Sogn og Fjordane har ti stk. på lista si, og av dei er det sju menn. Den profilerte førstekandidaten har sagt og gjort så mykje rart, at han hadde eg gladeleg stroke hvis partiet hadde vore aktuelt. Og det kan det jo være. Av dei ni andre på lista er fem fødd på 60-talet, og den eldste av alle kandidatane er fødd i 1947.Det er derimot den yngste på lista, fødd i 1992, og i tillegg plassert som nr. 2, og attpåtil kvinne, som er omtala som eit politisk talent.
Det har eg ingen aning om, men kanskje kan dei klare å få inn ei laus kanon på Tinget?
Ned i bøtta med denne lista også.

Høgre seglar kanskje i medvind, men i Sogn og Fjordane har dette partiet gjort ein del rart. Og da er det den betente personstriden i Flora som ein tenkjer på. Det har vore ei skittentøyvask som har vore direkte pinleg.Det sømmer seg ikkje for "de dannedes parti" å oppføre seg slik.
Dessutan får dei mykje fokus for ei fjordkryssing oppi Nordfjord ein stad som har skapa eit stort engasjement i fogderiet der.
Men lista ser forsåvidt OK ut. Det er seks menn og fire kvinner, og eit aldersspenn fra 1952 til 1986. Kandidatane er spreidd utover heile fylket, og det er jo bra.
Men all kranglinga i Flora Høgre gjer at eg kastar denne lista i bosset også.

KRF, (som neppe står for Knut Røneids Folkeparti), er neste. Dei har også ti kandidatar, seks menn og fire kvinner. Dei har gledeleg nok ei kvinne på topp. Kandidatane er spreidd utover heile fylket, og alderen spenner fra den eldste som er fødd i 1957, medan den yngste er fødd i 1992. Her er det omsider kjentfolk med, men det er dessverre ikkje nok til at eg kan stemme på dei. Eit religiøst parti? Det er overhovudet ikkje aktuelt å stemme på noko slikt.
Bossbøtta her og.

Kystpartiet har berre sju kandidatar, og får vel heller ikkje så mange fleire stemmer.
Dette må være eit parti for dei spesielt interesserte. Og det ser vi på kandidatane også. Tre av dei, deriblant listetoppen, kjem fra samme plass....  Den eldste av dei sju kandidatane er fødd i 1937, og den yngste i 1973. Det er kanskje ikkje noko bombe at nesten alle kjem fra....kysten....
Kystfolket har sjølvsagt ikkje håp i havet(!) om å få inn ein einaste kandidat på tinget, og ei slik listesamansetning appellerer neppe til så mange andre enn dei som står på lista heller.
I søppelbøtta!

Miljøpartiet de grønne i Sogn og Fjordane er neste liste, og dei burde i det minste hatt valglista si på nynorsk.
Dette partiet ser ut til å gjere det bra på landsplan, men her i fylket ser det heller ut til å være eit kommunalt engasjement. Av dei ti på lista er nemleg seks fra Aurland, og det er jo ikkje akkurat verdas, eller fylkets, største kommune. Av dei dei fire siste kjem tre fra Førde og den siste er fra Flora.
Alderssamansetninga er fra 1955 til 1995, og det er sju menn, og tre kvinner.
Dette partiet har kanskje ein del gode saker, men i eit anna fylke presterte dei å plassere ein av landets verste og mest usmaklege konspirasjonsnissar på lista, så det er absolutt ikkje aktuelt å stemme på denne gjengen. Men dei får sikkert nokre stemmer i Aurland.

Piratpartiet stiller også liste i fylket, og med fire menn på lista, så er det alt. Dei fire karane er i alderen 19 til 40 år, og heimehøyrande i alle tre fogderia. Det er da noko, men det fjernar ikkje inntrykket av at dette er eit protestparti for datanerds.Og det er vel det dei er. I andre viktige saker framstår dei usynlege, men dei har ikkje sjanse til å komme på Stortinget uansett. Kanskje kan dei kapre noko nerdestemmer her og der.
Ikkje aktuelt.

Raudt. Ja, dette er gjengen som for berre nokre år sidan syntes Pol Pot var ein OK fyr.....
Altså, med ei slik historie, så kan ikkje denne revolusjonære gjengen takast seriøst skulle ein tru. Uansett har
dei fått ti personar med på lista, og ikkje uventa er det Høyanger som har flest kandidatar, deriblant toppkandidaten. Dei har seks menn på lista og da er det neppe noko bombe at det er fire kvinner også. Den eldste er fødd i 1955, og den yngste i 1983.
Den store feilen med Raudt er den horrible historiske bakgrunnen, samt at dei trur at våre næraste allierte og handelspartnarar er Styggemannen sjølv. Dei får ingen fra Sogn og Fjordane inn på Tinget, og det er sikkert like bra.
I bossbøtta.

Senterpartiet har ein av sine bastionar her i fylket, og slik vil det vel fortsette. Førstekandidaten er den same gamle, og med på lista er det ni andre. Kjønnsfordelinga er faktisk seks kvinner og fire menn, og dei kjem fra heile fylket, endatil herfra kommunen. Dei er fødd i fra åra 1956 til 1992.
Dessverre har førstekandidaten trampa så jekla masse i klaveret dei siste åtte åra, at det er fullstendig uråd å stemme SP.
Spørsmålet er vel heller kor mange feilgrep partiet kan tåle fra ein såpass profilert politikar.
Over og ut.

Så er det Arbeiderpartiet, som gjerne kunne skifta navn til Høgre Light for min del.
Dei har ti kandidatar, sjølvsagt, og har to noværande stortingsrepresentantar på topp. Utan at det treng å bety så mykje. Fin fordeling i kjønn, og ditto i alder og geografi. AP har vel programfesta det meste ang. dette. Her er det også kjentfolk på lista, men det forhindrar ikkje inntrykket av at AP ser ut til å være prega av såkalla "regjeringsslitasje". Toppane i partiet ser faktisk ut som dei ikkje trur på attval sjølve eingang, og det å plassere regjeringas sterkaste kort i uraisposten som helseminister kunne umogleg være eit sjakktrekk.
Heile Ap ser faktisk ut som dei treng ein pause fra regjeringsansvaret.
Ikkje akuelt å stemme på denne slitne gjengen.

Venstre er det eingang så store partiet som ikkje har innsett at dei no berre er eit lite parti for lærarar og akademikarar. Her i fylket har dei ti kandidatar, derav seks menn. Her er det folk fra heile fylket, og i alderen 26 til 54 år. Men kva meiner denne gjengen eigentleg? Nei, det er ikkje godt å vite. Partiprogrammet er som hos dei fleste andre, tek du vekk partinavnet, så er det mest uråd å vite kven det er.
Anonym gjeng utan profil som tiltalar lite.
Ikkje aktuelt.

SV har vore åtte år i regjering, og mykje tyder vel på at nok er nok. Dei har ete kamelar i årevis, og vil sikkert tjene på å komme i opposisjon att.
Her i fylket stiller dei med ti personar, og med seks kvinner så er dei, sjølvsagt i fleirtal. Kvinne på topp også, det er som forventa av dette likestillingspartiet. Og det er den stooore feilen med SV. ALT skal være likt, det er såååå kjeeeedelig.....
Sjølv om kandidatane er spreidd over heile fylket, og dei har alderssamsetning fra 22 til 63 år, så er inntrykket av SV: Kjedelig.
Og eg stemmer ikkje på kjedelige parti.


Vel, da har eg gått igjennom heile lista, og ikkje funne eit einaste parti utan tildels mange feil eller manglar.

Men nå har eg alt førehandsrøysta, så da er det vel for seint.

lørdag 10. august 2013

Stølstrimmen 2013, Sperlestølen

I Jostedalen har dei i fleire år hatt gåande noko som heiter Stølstrimmen. Det er mengder med stølar og hytter i dette langstrakte dalføret, og kvart år er det ti stølar/hytter som vert plukka ut til denne trimmen.

Ei artig ordning som kan gjere at ein kjem seg på stader ein ellers aldri har vore på.
Det har medført turar til Sandhaugdalen, Trekanthytta og Fivla tidlegare år, og fredag var vi på Sperlestølen.

Utan at eg veit det, så vil eg tru at Sperlestølen har vore vårstøl for Gardshaugen og gardane i Sperla ein gang i tida. I våre dagar er det såklart ingen som stølar lenger, men sela fra tidlegare tider er ofte oppgradert og holdt fint i stand.
Og så er det sjølvsagt nokre tufter her og der.

Utgangspunktet for turen er Gardshaugen, ein fraflytt gard ca. 250 m.o.h. Herfra er det godt merka sti opp til både Sperlestølen, Vassdalen og Liastølen.
Sidan det er såpass mange plassar å gå til, så er dette ein mykje brukt sti, og sidan det er fint og lett terreng, så er det sikkert ein del småbarn som har gått denne turen også.
Det er ca. 3,5 km. tur/retur, så det passar fint for barn som ikkje har byrja i skulen også.

Det er ei elv som kjem ned her, og den har nokre fine fossefall. I tillegg er det mykje grov furuskog her oppe, og gamle furutre kan som kjent bli store.....

Sperlestølen ligg på ca. 600 m.o.h. og det er velhaldne sel og hytter her. Det er også laga til med nokre benker og bord.
Og så var det dyr der. Av typen som seier mø. Det er jo alltid stas.

Hadde eg vore åleine, så hadde eg tatt turen opp på Vassdalsvatnet ein km. lenger oppe. Har aldri vore der, og folk seier det er så fint der oppe, så da bør ein jo ta turen ein eller annan gang. Kanskje neste haust....

Uansett var dette ein fin liten tur som kan anbefalast alle som skal ta med seg fire-fem åringen ut i naturen.
Flott utsikt, lett å gå, og fossar å sjå, har ein bruk for meir da?

Bilder:

Som ein ser er det grov furuskog som dominerer....

"Da vi hadde gått langt og lenger enn langt kom vi til kongsgården..." Eller i det minste ein foss.

Måtte ta eit bilde nedover dalen også.

Sperlestølen. Elva til venstre kjem fra Vassdalen.

Velkomstkomiteen står og ventar på oss.

Eg syntes desse kyra stod så fint plassert i den reine Tine/Freia reklamen, så da måtte eg berre ta eit bilde.

Godt merka på turen opp.

Og når ein kjem ned att kan ein velge kor ein vil gå. Eg anbefaler der som bilen står :-)


Dette skiltet står ved utgangspunktet i Gardshagen, og er veldig enkelt å sjå.


Da vi kom nedatt la eg merke til kor mange bygg det var på gardane før i tida. Vi talde ikkje mindre enn 11 bygg på garden i framgrunnen. I bakgrunnen, til venstre ser vi ein annan gard litt oppi fjella, og i dalføret på andre sida ser vi Åsen. Der kan ein også gå opp til nokre stølar.

torsdag 8. august 2013

Til Styggevatnet.

Vi har i årevis snakka om å sykle til Styggevatnet, men det var ikkje før i går det vart alvor.

Avreise fra Prix kl. 1700, noko som i ettertid viste seg å være seint nok...

Det er langt til Styggevatnet, veldig langt med sykkel iallfall. I utgangspunktet skulle det ta ca. tre timar opp, og ca. to timar heim, og årsaka til at det tek så mykje kortare tid heim er sjølvsagt at det er unnabakke :-)

Iflg. kartet er høgste regulerte vannstand på Styggevatnet 1200 m.o.h. Toppen av dammen vil eg tru ligg på 1220.
Framover Jostedalen er det heller greit å sykle, og vi tok det roleg oppover. Nokre småbakkar her og der, men det er først etter Breheimsenteret at det verkeleg kjem ein knekkar. Her er ein kilometer med oppmot 12-13% stigning. Og årsaka til at eg veit kor bratt det er, er sjølvsagt at ein av oss har slik fin computer som måler slikt.
Fra Fåberg og innmot Fåbergstølen er vegen heller smal, men det er lite trafikk. Tunnelen som er der er ikkje så lang, men når ein kjem fra Fåberg er det ganske mørkt, for vi ser ikkje utgangen. Lettare når ein kjem nedatt.

På Fåbergstølen er vi komne opp på ca. 520 m.o.h. og det er byrjar å bratte til skikkeleg like før Øystølen. Her er det ca. 7 km. til toppen, så vi får ein snittstigning på ca. 10%. Fra Øy og oppmot Viva er det greit med bil, men computeren viste at nå var det på ny både 12 og 13 % i bakkane. Slik er det i 3-4 kilometer. Ved Viva flatar det ut ein smule, slik at ein kjem litt til hektene att. Det var fint vær denne kvelden, sol og vindstille (iallfall så langt), så det gjekk eigentleg bedre enn forventa.

Fra Viva og inn dalføret skulle ein tru det ikkje er så bratt, men det ligg på jamnt 8-10% innover.
Her var det heller ikkje sol, og jo lengre inn ein kom, jo meir vind vart det.
Lengst inni dalbotnen er vegen lagt i hårnålssvingar, og det er normalt til litt hjelp. Det er berre det at desse hårnålssvingane er ganske bratte.
Ei rimeleg tøff strekning er det.

Vegen er asfaltert opp til ein parkeringsplass ved damfoten. Det går ein shabby grusveg opp til toppen av dammen, der oppe er det fin utsikt. Parkeringsplassen låg i skugge, og det var nå blitt innihelsikes kaldt, tross alt var vi på 1150 m.o.h. Oppe på dammen var det imidlertid sol, så eg tok doningen og sykla heilt opp på den heller skrale grusvegen. Der oppe var det adskillig varmare, og sjølvsagt fin utsikt inn mot breen i andre enden av vatnet. Dessutan: Har ein først sykla i motbakke meir eller mindre i fem mil, så kan ein godt ta med seg utsynet....
Vi brukte ca. 3 timar og ti minuttar opp.

Det var befriande å få på seg noko tørt, samt gomle i seg litt næring, og så bar det nedatt.
Vegen var ikkje blitt flatare, så her kunne vi verkeleg trille på i full fart om det var ynskjeleg. Nå er asfalten noko skral, så det er ikkje tilrådeleg å gi på før ein er komen ned mot Øystølen att.
Men dersom ein klarar å sykle fra Nes til Fortun, så klarer ein alltids å tåle denne vegen også.

Nede att v/Fåbergstølen var alle noko frosne etter 8 km. unnabakke i 10 graders varme. Så da passa det veldig bra med ei punktering....

Vi kom oss avgarde att, og eg for min del fekk ikkje i meg varmen før eg var komen til Hesjevollen att, unntatt på beina, dei var iskalde i nesten seks mil.

Vi hadde planlagt å stoppe på Hotellet, men grunna punkteringa var det byrja å bli litt seint. Vi var på Gjerde kl. 2124, og da var det nok ikkje særleg smart å stoppe der.

Nedover Jostedalen gjekk det greit, men noko plage med varmen var det DEFINITIVT ikkje.
Det byrja også å melde seg eit visst matbehov. Halvanna liter med drikke, samt to RedBull var forlengst fortært, saman med ei banan og ein turblanding. Hadde heldigvis noko nøtter og rosiner att.

Vi var ikkje heime før klokka var blitt 2220, og så mykje lenger skal ein ikkje vente før det vert mørkt. Rett nok hadde vi gode lys med, men det er nå greit å komme seg i hus uansett.

Heile turen tok altså fem timar og tjue minutt, inkl. alle stopp på vegen. Det vart nesten 112 kilometer og antaglegvis godt over 1300 høgdemeter, ei retteleg god treningsøkt altså.


Turen til Styggevatnet (som forøvrig ikkje fortjener navnet sitt, det er veldig fint der oppe), er å anbefale. Men ein bør kanskje reise noko før på dagen. Det vart skikkeleg kaldt nedatt, og fingrar og bein fekk det verst.
Ein må ta dette som ein roleg treningstur. Dei siste kilometrane opp er ganske tøffe, og nedatt må ein være obs på hol i asfalten her og der.

Bilder:

Det er kanskje ein tung tur, men her oppe, 1220 m.o.h. får ein iallfall eit flott utsyn inn mot Austdalsbreen.

Når ein snur seg i høve forrige bilde, så ser ein kor ein kom syklande....Det ser kanhende ikkje så bratt ut oppover dalen her, men tru meg: Dette var tungt.

Dette er så langt som det er asfaltert, dvs. nede ved damfoten. Eg var oppe til masta oppe til venstre, og det var eigentleg helst for å få i meg litt varme i sola.

Dette er rett nedanfor Fåbergstølen, og ein punktering måtte fiksast.
Her er forøvrig ein stemningsrapport kun minuttet før....

På tur ned fra Gjerde, og da måtte eg nytte høvet til å ta eit bilde med Myrhyrna og Vangsen i bakgrunnen.
Gjekk inn på Google Earth og tok dette bildet fra Øystølen og opp til Styggevatnet. Som ein ser er det ikkje mange plassar å få kvile seg på desse seks-sju kilometrane.

Fra Viva og opp til sjølve dammen er det kanskje ikkje så langt, men det er rimeleg tungt for det.

torsdag 1. august 2013

På campingplassen

Det er mange som trives på campingplassen. Det er visstnok eit eige miljø der.

Dessutan er dei store campingplassane ofte ein ypperleg stad å lage seg eit spikartelt, dvs. slike campingvogner som vert satt der meir eller mindre permanent, og deretter bygger eigaren av vogna på med diverse enkle tilbygg.

Slike spikartelt er kanhende eit godt alternativ til dyre hytter i eksklusive fjellandsbyar.


Mi erfaring med campingplassar er heller liten. Totalt fem opphald sidan årtusenskiftet. Og det er nok.

Fire av dei opphalda har vore på ein større campingplass borti Gudbrandsdalen, og sist gang var nå denne veka.

Det er ein smule fascinerande å gå omkring på ein slik campingplass, og sjå på livet, og ikkje minst dei meir eller mindre forseggjorte spikartelta.
Nå var det seks år sidan sist gang vi var der, men det var lett å kjenne seg att. Eg var spent på om spikarteltet med seks parasollar i 2007 var der framleis, og det var det. No med ikkje mindre enn åtte parasollar på platningen!
Like nedanfor var den samme vogna, med det samme forteltet, med den samme dama inni. No var ho åleine, og brukte dagane på å strikke, og strikke, og strikke og strikke.

Det var komne til ein del nye spikartelt sidan sist, og nokre var heilt i oppstartsfasen.


Eg tok ein runde med mobilen og tok litt bilder.

Mange flotte spikartelt, eit alternativ til permanent hytte på fjellet. Eller ved fjorden.

Det er ikkje til å komme forbi at ein står rimeleg tett.....

Etter mitt syn er dette som sild i tønne, men så lenge folk trives, så må dei da få lov til det.

Sjølvaste spikarteltet med ÅTTE parasollar. Trur eg fekk med berre sju på bildet, men det er altså åtte. Talde fleire ganger for å være sikker.

Utsikt på Gudbrandsdalslågen. Ja, og så E6 da....