tirsdag 9. juli 2013

Tour de France, del I, oppsummering

I dag har det vore kviledag i Touren, så da har dagen gått med til rydding i hagen, og andre unyttige aktivitetar.
Heldigvis er det påannigjen i morgon, da har feltet forflytta seg til Bretagne, sjølve hjartet i fransk sykling.

Den første veka har vore varierande, og nokre lag kan allereie sei at touren har vore ein suksess.
Dette gjeld bl.a. vinnaren av første etappe, Marcel Kittel fra Argos Shimano. Det minste nederlandske laget har kun etappesigrar å satse på, og den tyske kraftspurtaren gjekk forbi Kristoff på slutten, litt ergeleg det.
Resten av storspurtarane var att etter ein massevelt nokre kilometer før mål.
Men Kittel har hevda seg bra etterpå også, vart bl.a nr. 3 nokre dagar seinare.

Etappane på Korsika må seiast å ha vore ein suksess. Flotte bilder, og meir krevjande trase enn ein skulle tru. Det gjorde utslag på etappe to, der Jan Bakelants gjorde at RadioShack sin tour må seiast vellukka også. Det luxembourgske laget har kanskje større ambisjonar med Andy Schleck, men dei fekk både gul trøye og etappesiger. Noko stort meir enn det er det ikkje sikkert dei får heller, sjølv om Schleck viser betydleg framgang etter eit miserabelt siste år.

Siste etappe på Korsika vart suksess for australske Orica GreenEdge. Gerrans var kjapp nok til å tukte Sagan, som sjølvsagt var den einaste av spurtarane som hang med til mål. Det betydde at Orica omsider fekk tatt etappesigeren sin i Touren, og som ikkje det var nok kunne Gerrans ta med seg gul trøye neste dag da laget vant lagtempoen i Nice. Det stod om sekundar og tidelar, men det holdt såvidt det var. Touren var altså ein stor suksess for Orica etter berre fire dagar.
Gerrans beholdt trøya neste dag da Cavendish dundra først over målstreken i Marseille. Ein etappesiger er sjølvsagt ikkje nok for Omega Pharma QuickStep, men dei vart snytt neste dag da Greipel tok ein etterlengta siger for Lotto. Dei hadde mista samanlagtkandidat Van Den Broeck dagen før i massevelt nokre hundre meter før mål, og kunne derfor fokusere på etappesigrar.
Lotto må også sei at det har vore ein OK tour så langt.

Og til slutt fekk da også Sagan sin etappesiger, etter at laget hans køyrde taktisk briljant inn til Albi. Med eit par småkvasse stigningar, så køyrde Cannondale resten av spurtarane av lasset, og i tillegg tok han den innlagde spurten på vegen. Det var kun Degenkolb av dei meir reindyrka spurtarane som hang med, for vi kan ikkje rekne Bennati og Boasson som spurtarar lenger, til tross for Boassons andreplass etter Cavendish nokre dagar før. Boasson kan spurte, bevares, men han er ingen reindyrka sprurtar. Og for all del, det heiter spurtar, ikkje sprintar. Sprintar innan sykling held til på velodromen.

Men heller ikkje Sagan kunne henge med Sky på laurdagens Pyrenearetappe og første fjellmålgang.
Sky var knusande overlegne, og alt såg ut til å være avgjort. Utklassing var orda som vart brukt, og mange frykta vel at vi no skulle få to veker med blåsvart maskinkøyring som leia tankane hen på US Postal sine "velmaktsdagar". For vi veit jo korleis dei var så gode...

Meir feil gjekk det knapt an å ta, for dagen etterpå var det stikk motsatt. Sky framsto hjelpelause mot Garmin, SaxoTinkoff og ikkje minst Movistar. Froome sat isolert med 11 mil til mål, og da var det eigentleg for dårleg at dei andre laga ikkje klarte å skade meir. OK, dei kvitta seg med Porte, men dette var ein svart dag for Sky, og det lovar godt for oss som skal håpe på spenning nokre etappar til.


Førebels er det Sky sin kollaps på søndag som har overraska mest. At dei skulle klappe så hjelpelaust i saman var sjokkerande. For deira del bør dei ha meir å gå på når Alpane kjem godt uti nest veke. Dessverre mista dei maskinkøyrar Kiryienka grunna tidsgrensa (!). Det hadde eg aldri trudd om denne normalt habile ryttaren, så han må openbart hatt ein svært dårleg dag.
Movistar er laget som har overraska mest positivt. Valverde er alt oppe på andre, men han pleier gjerne å ha ein off dag, gjerne på tempoetappane. I år er imidlertid dei ganske korte, så kanskje han kan klatre heilt til topps? Med Quintana i kvitt som superduperhjelpar, så vert dette artig.
Den andre storfavoritten, iallfall på førehand, Contador, har skuffa. På laurdag såg lagkamerat Kreuziger sterkare ut, men Contador er ein svært habil trevekerssyklist, og har erfaringa til å klatre oppover fra sin noværande 6. plass.
Belkin har stort sett vore anonyme, men har likevel to mann blant dei fire beste, imponerande. Debutant Nordhaug prøvde seg ein smule tidlegare i veka, men har no erfart at dette er ingen kjære mor. Kjem han, og Kristoff til Paris, så må vi være nøgde.

Så må vi nevne dei som har skuffa. Voeckler t.d. Anonym. Ein vert ikkje helt av å ligge bakerst i feltet og  lage pussige tryner.
Dei franske laga og ryttarane har ellers skuffa stort. Beste mann så langt er på 14. plass. og dei har eigentleg ikkje vore i nærleiken av å vinne noko særleg heller. Ja, med unntak av Rolland i den raudprikkete klatretrøya, som ingen andre ser ut til å bry seg særleg om.

Det går også rykter om at Lampre er med i årets tour, men eg er ikkje sikker på om dette er sant. Det italienske laget satsar openbart kun på giroen.
Også har vi BMC..... Det pengesterke laget med kaptein Evans og løytnant Van Garderen... Fiasko. Kort og godt.
Heller ikkje impoenrt over Fuglsang i Astana som lot ein gylden sjanse til etappesiger glippe fra seg på amatørvis. Smart av Dan Martin i Garmin, javel, men usedvanleg klomsete av Fuglsang.


Kva kan vi forvente framover?
Dei kommande dagane er det tre flate etappar og ein tempo. M.a.o. tre kjedelige som kun vil ha innverknad på grønn trøye, sjølv om Sagan ser ut til å spasere heim med denne i årevis framover.
Tempoetappen derimot, kan bli spennande. Ikkje så lang at det vert mange minuttar fra Froome og ned til dei andre, heldigvis.
Det er ikkje før til helga det vert skøy i samandraget att, og spesielt vert etappen til Mont Ventoux spennande. Da MÅ utfordrarane kome på bana, og det å klatre opp dette kjempefjellet i sentralmassivet skal bli ei tøff oppleving etter tre-fire dagar på slettelandet. Det er også ein svært lang etappe, 242 km.

Så, i neste veke er det Alpane som ventar....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar