torsdag 25. juli 2013

Topptrimmen 2011-2013, turrapport Hest.

Da var det på tide å ta siste topptur i denne utgåva av Topptrimmen, og sirkelen er på ein måte slutta:
For to år sidan byrja vi med den kortaste og lettaste toppen, Vorfjellet, nett oppi hogget her, og nå avsluttar vi med den toppen vi ser kvar dag. På dei tre somrane som har gått har vi vore på turar og toppar som vi kanskje aldri kjem att på.

Hest er 1632 m.o.h. Ein nyttar kartblad 1417-4, Gaupne, tidl. Solvorn.
Startpunkt er fra dammen i Leirdalen, ca. 480 m.o.h. Det er såleis ein høgdeskilnad på ca. 1150 m.
Dessverre var det litt problem med GPS`en i dag, så eg har ikkje nøyaktige opplysningar om heile turen, men eg har data på den viktigaste biten, nemleg om sjølve ryggen....

For på denne tid av året er det ein fordel og gå ryggen oppover. Alternativ rute er om Nonskar og opp på "baksida" som dei kallar det. Ulempen der er at det er styggbratt siste biten, og ikkje minst er det kronglete og tildels svært høgt. Eg har gått begge rutene før, og ryggen er den desidert beste turen.

Hest er ein av våre lettast attkjennande toppar, saman med Vangsen, Storen og Lodalskåpa.
Men før ein kjem til topps, så må ein gå ein bit i småskogen ovanfor dammen.
Det er sti fra parkeringsplassen v/dammen, men den kan være litt problematisk å finne hvis ein ikkje veit kor ein skal gå. Så difor: Gå opp traktorvegen til venstre for dei to bygga der, og da går du i stikk motsatt retning av Hest. Men det er ikkje noko å bekymre seg for, det er berre i 100 meter, og så finn du ein god sti opp til Skaret. Der står det eit einsleg sel, og ein finn også nokre gamle tufter etter gamal stølsdrift. Skaret ligg på ca. 720 m.o.h.
Det er ikkje smart å gå direkte fra parkeringsplassen og opp mot Hest. Det er mykje krattskog, så derfor: Gå til Skaret, kanskje eit parhundre meter lenger totalt, men mykje lettare å gå sti enn i kratt.

Fra Skaret ser ein Hest omtrent heile vegen, og det ser kanskje ikkje så langt ut.
Men det er mykje lenger enn ein trur. Det er over tre kilometer opp til der ein skal opp på ryggen, og nesten 600 høgdemeter. Hest ser kanskje ikkje så stor og mektig ut på avstand, men i dette landskapet vert ein som ein mygg.

På veg bortover er det fleire små elvar som skal kryssast, og hvis ein er heldig finn ein også to fine hølar som ein kan slenge skrotten uti ein varm sommardag, slik som i dag t.d.
Når ein skråar bortover, så er det lett å komme noko for høgt, slik som vi gjorde i dag. Det var ikkje snakk om mange meter, men nok til at vi måtte gå ned att ein smule. Ein er da byrja å nærme seg ein lita elv som heiter Hestagrovi, og før ein kjem dit, så er det satt opp nokre enkle vardar her og der. Desse er det ein fordel å følge.
Borte ved Hestagrovi, så må ein kanskje leite litt for å finne ein stad å krysse elva tørrskodd. Hvis det vert problematisk, så kan ein gå over den tydlege morene som er der, og like godt vasse over. Her er det normalt låg vannstand så seint på året, og med så lite snø i fjellet som nå.

Det er etter elva at det byrjar å verte moro. Og det er herfra eg har data på GPS`en.
Fra Hestagrovi og opp på ryggen, må ein sjå seg noko for. Bruk litt tid på å finne dei tråkk og enkle vardar som er, og det er omtrent berre ein einaste stad ein kjem seg opp på sjølve ryggen.
På avstand ser det mest ut som det ikkje går an å komme seg opp, men hvis ein følgjer spora, så skal det gå greit.
Sjølve biten med å komme seg opp på ryggen er ganske bratt. Det er ikkje snakk om store avstanden, kanskje berre eit par hundre meter, men som sagt, her er det bratt. Ikkje noko problem å gå, for all del, men kanskje må ein på alle fire her og der. Det slepp ein hvis ein tek ein liten snue tilbake mot høgre når ein nærmar seg det aller brattaste. Det er å anbefale, mykje lettare dei siste 100 metrane opp til ein er på sjølve Ryggen.
Her står det eit par mindre vardar, og herfra og opp er det ca. ein km. til sjølve toppen.

Nedanfra ser kanskje ikkje ryggen så bratt ut, men her stig det nesten 300 høgdemeter på ca. ein kilometer. Ein går på noko svaberg, men mest på store steinar. Det er enormt kor mykje grov stein det er her. Innimellom kan ein følge eit tråkk noko til venstre på ryggen når ein ser oppover. Dette tråkket går imidlertid litt utpå kanten her og der....
Sjølve ryggen er breiare enn ein trur. Ein kjem ikkje utpå kanten, hvis ein ikkje vil, og på det smalaste er det iallfall ti meter breitt, og heller ikkje der er det spesielt skummelt, langt derifra. Det er turen for å komme seg opp på ryggen lenger nede som er "verste" biten.

Nokre somrar vert ikkje ryggen snøfri, men i år var det berre heilt på toppen at vi gjekk nokre meter i snø. Greit å komme seg nedatt i det minste...
Og rett etter snøfonna, så er ein oppe. Det er ein markert topp, og ein ser kor ein skal omtrent heile vegen. Her er det ikkje noko vidde og fleire toppar på rekke og rad. Det er umogleg å ikkje finne toppunktet.

Utsynet fra Hest er veldig flott, og vi kunne sjå milevis i alle retningar, endatil heimatt.

Da vi hadde vore på toppen i finværet, og alle hadde fått skreve seg inn i boka og klypt kortet, så var det på tide å komme seg nedatt. Vi gjekk nedatt samme vegen, den alternative ruta er ikkje å anbefale synes eg.

Og akkurat da vi skulle byrje å gå, så høyrde vi det første tordenskrallet....

Inga grunn til å somle, så her var det berre å komme seg nedatt. Sidan vi var så mange i dag (13 stk fra Dammen) , så vart vi fort delt opp i puljer. Eg gjekk saman med ungdomsavdelinga ned til Hestagrovi, og der byrja det å regne, etterkvart ei skikkeleg skur. Sidan ein skal gå på mykje stein, så er det definitivt ein fordel å gå på Hest når det er tørt.

Vi var nede ved dammen og bilane etter ca. sju timar. Det inkluderer alle stopp.

Det vikigaste data gjeld fra Hestagrovi og opp.  Dette er ein avstand på 1,9 km. og ein stig 632 meter på denne biten. Det seier seg sjølv at det er bratt her.


Konklusjon: Dette er nok ein av dei litt tyngre turane i topptrimmen 2011-2013. Eg var nr. 150 som skreiv meg inn i boka, så det er nok ein del som har att denne toppen framleis.
Det er viktig å bruke litt tid på å finne stien opp til Skaret, og derfra skrå inn mot punktet for å komme opp på ryggen. Nokre primitive vardar når ein nærmar seg sjølve Hest er til lette, og ein finn som nemnt litt spor og stiar her og der.

Nokre er kanskje redd for høgder og stup, men eg meiner at t.d. Soleibotntind er verre i så måte. For ikkje å snakke om vegen inn til Nørstedalsseter i høve Liabrekulen.
Hest er ein karakteristisk topp med eit flott utsyn. Absolutt verdt å ta denne turen, om det er topptrim eller ikkje.

Bilder:

Fjellet Hest ruvar over bomstasjonen i Leirdalen. Der var det så mange som skulle opp denne dagen at det vart nesten trafikkork.

Dette er fra Skaret, og ein har alt no eit fint utsyn nedatt i Leirdalen, og fram Tunsbergdalsvatnet.

På veg fra Skaret kjem ein over to slike idylliske hølar som ein kan forfriske seg i. 

Her er vi byrja å nærme oss, men det er lenger enn det ser ut. For å komme seg opp på sjølve ryggen skal ein gå opp i dei eine grøne partiet noko nedanfor den vesle snøfonna vi ser langt nede på ryggen.

Kryssing av Hestagrovi. Ein er her på noko over 1000 m.o.h. og terrenget er som ein ser noko ulendt...
Like til høgre for bildet er det ein svært markert morene, og kanskje det er lettare å krysse elva der?

Dette bildet er tatt da vi kom opp på ryggen, og vi ser bort på den alternative ruta. Den går oppå kanten.

Utsyn fra kvileplassen vår ca. ein km. fra toppen.

Som ein ser er ryggen brattare enn ein kunne tru, men det er kanskje også breiare enn frykta? Ein må som tidlegare nemnt oppsøke stup dersom ein absolutt skal utpå slike stader da...

Dette bildet tok eg fra toppen, og det er meir for å vise at ein ikkje må gå ut på skavlane her oppe. Her er det eit parhundre meter rett utover.

Fleire kjende utsynstoppar.....

Forsøk på panoramabilde. Vi ser Veitastrondsvatnet til venstre, og den store kvite toppen lengst til høgre er Såta, 1701 m.o.h.

Nytt forsøk på panoramabilde. No er Såta lengst til venstre i bildet, og vi ser Tunsbergdalsvatnet, Skagastølstindane laaangt i bakgrunnen, og noko av Lustrafjorden.


tirsdag 23. juli 2013

Flopp og topp i Touren.

Syklingas høgdepunkt er over for i år, så da er det på tide å komme med djupe analyser om kven som var bra, og ikkje minst, kven som var middels og mest gøy: Kven som var dårlege.

Eg pleier alltid å dele ut terningkast, det er så lettfatleg og enkelt.


Terningkast seks må vi gi til Sky. Til tross for at to normalt sterke hjelperyttarar måtte gi seg forholdsvis tidleg, så holdt Sky ut. Sjølvsagt fordi dei hadde den beste syklisten, men og den beste hjelperyttaren. Hadde ikkje Porte hatt ein dårleg dag, så kunne han vore topp-5 sjølv.
Ellers har Froome ein del å gå på taktisk i feltet, men nettopp dette gjer det heile litt uforutsigbart.
Han vart tatt på senga i sidevindskøyringa, det hadde aldri skjedd med Wiggins, Evans eller han der amerikanaren som vi ikkje bryr oss om lenger.

Vil også gi  terningkast seks til Movistar. Tre etappesigrar, nr. 2 i samandraget, klatretrøye og ungdomstrøye.
Og i tillegg vart Valverde satt ut av nesten usportsleg Belkinkøyring. Der tapte han 11 minuttar, og han hadde såleis vore pallkandidat han også utan dette tapet.
Ein kanontour av det spanske storlaget.

På nivået under, dvs. terningkast fem, vil eg putte Argos-Shimano først. Fire sigrar i Kittel, som framstår som den raskaste mannen i feltet pr. nå. I tillegg ein andreplass i Degenkolb.
Samanlagt var dei hjelpelause, men dette er eit spurtlag og med ein etappesiger i Vueltaen nå i august også, så har dei faktisk vunne i alle tre GT dette året.

Eg gir også ein femmar til QuickStep. Fire etappesigrar med tre forskjellige ryttarar, og Kwiatkowski høgt oppe i samandraget. Litt skuffande av Cavendish kanskje, men den nemnde polakken imponerte stort. Han var dagevis i kvit ungdomstrøye.

Orica Green Edge fekk omsider hol på TdF-byllen, og drog likegodt i land to etappesigrar på rappen, samt eit par dagar i gult. Gerrans var smart og god nok til å tukte Sagan på Korsika, og lagtempoetappen i Nice vart avgjort i deira favør med mindre enn eitt sekund.


Vi hoppar ned til terningkast fire.
Gamleheimen til RadioShack var det kanskje ikkje så store forventningar til, men dei overraska med ein fin etappesiger til Bakelants, og tre mann i topp-20. Dessutan verkar Andy Schleck å være på frammarsj att, og det er svært hyggeleg. Kanhende er han på sitt gode gamle nivå att neste år??

Cannondale fekk også ein etappesiger, og omtrent heile touren i grøn trøye. Sagan verkar knusande overlegen her, og kanskje kunne han gjort det enda bedre? Dog vann han ikkje så mykje som i fjor, men det er neppe noko tegn på nedgangstider. Ein suveren siger i poengkonkurransen.

Katusha fekk Rodriguez på pallen i ein GT for tredje gang på rad, ein svært sterk prestasjon. Det såg litt skralt ut etter to veker, men den rutinerte klatraren vart berre bedre og bedre. Kristoff vart åleine, men hanka inn nokre bra plasseringar likevel, bl.a. svært nær ein siger på første etappe. Godkjent.

Belkin fortjener også fire, sjølv om Ten Dam datt av ein del på slutten. Mollema imponerte lenge, men måtte gi seg litt i den siste veka. Likevel er det fullt ut godkjent av det nederlandske storlaget, som heldigvis fekk inn ny sponsor like før. Nordhaug gjorde ein OK jobb, men hadde faktisk forventa LITT meir fra han. Men han verka til å bli bedre utover i vekene, og det lovar godt for seinare.

Ag2R fekk ein flott etappesiger, kanskje den beste av dei alle, og var det suverent beste franske laget. Dessverre krasja samanlagtryttaren deira, men Riblon fiksa dette fint dagen etterpå.
Dessutan fekk han prisen som den mest angrepsvillige ryttaren. Utan at det er så veldig mykje å bry seg om eigentleg.

Garmin fortjener også ein firar. Dei fekk ein fin etappesiger, og ein mann i topp-ti i talentet Talansky. Dette laget har det med å putte ei eller anna form for overrasking inn i sluttstillinga, anten det er Wiggins, Hesjedal eller Danielson som karrar seg inn i toppen. I år vart det altså Talansky, ein ung amerikanar som kun hadde Quintana framfor seg i ungdomskonkurransen.

Terningkast fire går til Saxo Tinkoff. Alle andre lag hadde jubla høgt med to blant dei fem beste, samt det å vinne lagkonkurransen.
Men forventningane til det danske laget (uten danske syklistar) var høgare. Contador var imidlertid aldri noko trugsmål mot Froome, og kanskje Kreuziger kunne gjort det enda bedre??
Ingen etappesigrar, men eit par gode resultat likevel.
Om Riis ikkje nådde målet sitt, så er det likevel ikkje heilsvart, langt derifra.


Terningkast tre må først gå til Lotto Belison, som rett nok vant ein etappe i Greipel.
Men vi forventa liksom meir. Kittel viste seg imidlertid som ein noko kvassare avsluttar i år, og da samanlagtkandidat Van den Broeck forsvant ut, så vart det litt tamt. Bart de Clercq var positiv, og det var ikkje dårleg, berre litt under det som var forventa.

Cofidis derimot, dei var litt over forventningane. Eg hadde ikkje trudd at Navarro skulle klare såpass (nr. 9 i Paris), så dette franske wildcardlaget må sei seg nøgd. Litt TV-tid fekk dei diverse utbrot, men det vart altså den spanske kapteinen som gjorde det best. Og så vart det sagt at Coppel var med på laget, men han var veldig anonym. Ein heilt OK tour for Cofidis, som eg hadde lite tru på før start.

Eit anna lag som eg ikkje hadde heilt tillit til var Astana. Eller einmannslaget til Fuglsang. Knallsterkt lag i Giroen, hjelpelaust i Touren. Da Brajkovic (som vanleg) ramla ut, så vart dette laget ein einmannsprestasjon.
Fuglsang burde kanskje ha vunne i duellen med Dan Marin, men kløna det til.
Det var synd.
Uansett var Astana, dvs. Fuglsang, bedre enn eg hadde trudd.


Eit lag som var vesentleg dårlegare enn eg hadde trudd var Europcar. Dei to siste åra: Briljante. I år var det bortimot hjelpelaust.
Rett nok var Rolland nokre dagar i klatretrøya, men han var laaangt fra å være den beste i den konkurransen.  Voeckler var sørgeleg anonym.Det å ligge bakerst i feltet dag etter dag er faktisk ikkje så veldig interessant.
Eg må gi dette franske laget terningkast to, da eg som nevnt hadde større tru på dei.
Men sponsoren forlenga avtalen under touren, det var jo hyggeleg.

Eit annan lag som står randa til å forsvinne er Euskaltel. Dermed hadde ein god tour vore viktig, men det var noko tafatt over dei baskarane i år. Dei har rett og slett ikkje gode nok ryttarar til å kunne hevde seg i Tour de France. Rett nok får dei ein 12. plass i Paris, men det var aldri noko håp om at dei skulle klare noko meir. Skuffande, dessverre.

Skuffande anonymt var det også fra Fdj.  I fjor hadde dei ein fin tour, men i år var det anonymt. Kun noko TV-tid, og bestemann slutta i Paris som nr. 29, nesten ein time bak Froome.
Samanlagtryttar Pinot takla ikkje presset, og måtte utgå, det var veldig synd.
Det vi la mest merke til var at dei hadde fått nye drakter, og at dei har den franske meistaren i rekkene.

Vacansoleil var heller ikkje rare greiene. Den nederlandske meistaren, Hoogerland, var ein del i TV-ruta, men verka for svak i dette selskapet. Dei sluttar med sin bestemann på 28. plass i Paris, og var eigentleg aldri i nærleiken av å ta ein etappesiger.
Dette laget ser ut til å forsvinne fra øverste nivå til neste år, da hovedsponsoren takkar for seg.
Etter ein såpass grå tour, blir det neppe lettare å finne ein erstattar.

Så var det Saur Sojasun. Det dårlegaste av dei franske laga. Dei sluttar med ein mann blant dei 50 beste, på 46- plass, og med eitt unntak var dei aldri i nærleiken av å vinne ein etappe. Dette unntaket var på etappen inn til Lyon, der den normalt spurtsterke Simon vart nådd att ein km. fra mål av resten av utbrytarane.
Eller: Kun TV-brot.

Italienske Lampre kan være gnistrande i giroen, men også i år var det håplaust i Touren. Dei unngår terningkast ein kun grunna nokre brukbare spurtar av villmann Ferrari. Cunego var bak mål, og det måtte sjølvsagt ein colombianar til for å bestemann i samandraget: Serpa enda som nr. 21. IKkje akkurat strålande det heller, så terningkast to får være nok.


Til sist har vi laget som eigentleg fortjener terningkast null, men vi får vel spandere eitt auge på BMC. Årsaka er at eg gir aldri null, for det går jo ikkje an med ein terning....
Eller; rett skal være rett. Dei hadde ein mann på andreplass opp Alpe d`Huez. Det var jo "bra", men dette laget skulle prestert MYKJE bedre.
Evans var åpenbart utslitt etter ein flott giro, mens Van Garderen var heilt under båten. Gilbert såg ut som han hata å være der, og den beste i samandraget vart faktisk Steve Morabito, på 32. plass.
Og mens Touren pågjekk, så vart det flotte sigrar til Hushovd og Frank i Austerrike, medan stabile Van Avermat har vunne i Tour de Wallonie. I Tour de France: Eit flopplag av dei sjeldne.

mandag 22. juli 2013

Rundt fjorden.

På ein aldeles fantastisk dag....
......måtte vi sykle dei 75 km. rundt Lustrafjorden. Det var rett og slett ikkje mogleg å la være.
Har sykla denne runden før i år også, men det er så steikande flott, at denne turen vert eg aldri lei. Men det MÅ være godvær.

Fire stk. i alt, men vi var berre to som starta herfra. Ein traff vi på Tangaflati, og den fjerde traff vi i Solvorn.

Masse bilar på ferja, og sjølvsagt masse folk på beachen like ved.Vatnet held no MINST 15 grader, det er eg sikker på.
På ferja traff vi andre kjentfolk også, bl.a. på to hjul, men dei hadde motor på sine doningar....
Ein av dei hadde kome fra Belgia på ein Indian fra 1934!!!

Som dei gentlemen vi er, så slapp vi ut alle bilar, MC`ar og fotturistar først. Fotturistane skulle vel opp til stavkyrkja oppi hogget.
Veldig greit å sleppe dei andre av først, slik at vi ikkje irriterer unødig.

Bakken opp fra kaien på Urnes verkar å være veldig bratt, spesielt når ein har stått i ro ei lita stund. På ferja hadde vi nemleg drukke opp brusen som vi kjøpte på butikken i Solvorn, der var det fullt hus og stormande jubel, i sterk kontrast til ein annan stad som eg vil nevne seinare.

Det gjekk i luffetempo inn mot Munthehuset, og det var så fint vær/natur at vi stoppa for litt fotografering her og der.

Fra Munthehuset går det nedover til sjøen att, og rett etter minibutikken er det ein bratt liten kneik.
Det fins dei som hevdar at det er flatt langs Sørsida, men dei har antaglegvis aldri sykla der sjølv. Rett nok er det ingen lange bakkar, men småkneikar heile vegen inn til Skjolden.
Vi passerte Feigefossen, som skal være den nest høgaste uregulerte fossen i landet, 212 meter, er det korrekt???

Forbi Sørheim, der det står eit fareskilt om smalare veg, noko som er ganske utruleg, i.o.m. at vegen er einfelts fra før. Lerummuseet er blitt veldig fint forresten.

Så dei to tunnellane mellom Sørheim og Skjolden.... Den første er ganske lang, ca. ein kilometer, og svart som natta. Heldigvis hadde vi med ei superlykt, for dei vanlege sykkellyktene er ikkje gode nok i denne kolsvarte tunnelen.

På Skjolden svinga vi innom Skjolden brygge, som er veldig fint utanpå. Og ingenting meir.
Omtrent ikkje eit menneske, og omtrent ingenting å få kjøpt. I kakedisken var det to kvikklunsj og tre melkesjokoladar.
Ja, og så var det eit par forskjellige typar med brus, og minst tre forskjellige sortar is.
Prisen? Astronomisk.
Det er ikke første gang det er slik, men nå er det nok. Dette gidd eg ikkje bruke tid og kroner på fleire ganger.

På sandvolleyballbane nokre hundre meter derfra var det derimot masse folk. Endatil nokre som bada her og...brrrrr.

Utover Lustrafjorden trilla vi no fem stk, for det dukka opp ein til på Skjolden.
Han stoppa på Lustrabui, for der var det også ope, og ein heil del folk. Der gjekk det sikkert an å få kjøpt bollar, kanelsnurrar og anna snadder.

Utover fjorden kunne vi sjå over på andre sida, som vi hadde sykla ein time før, og ut på Urnes der vi hadde køyrt i land fra ferja.
Totalt sett ein fantastisk tur med veldig hyggelege sykkelkollegaer. Det er slike turar vi har altfor lite av.
Avslappande roleg tretimars tur på knappe 75 km. i noko av landets flottaste landskap.

Bilder next.

M/F Urnes er ikkje største ferja på kloden, men til vårt bruk er det meir enn bra nok. Fin båttur!

Og utover stupet der oppe var det "Oppdrag Sognefjorden" hadde ein av sine spektakulære stunt...

Solvorn i bakgrunnen. 

Og der framme ventar Urnes.

Måtte sjølvsagt ta eit panoramabilde. Såg også ein del niser midt på fjorden, samt nokre kobbar på vegen inn mot Skjolden. Den eine kobben hadde endatil ein fisk i gapet.

OK, framgrunnen er kanskje ikkje så vakker, men utsikta ned på kaien, og over til Solvorn kan ein ikkje klage på.

Og da trilla vi innover på Skjolden.

Munthehuset, for dei som vil ta seg ein matbit der.

Fra Munthehuset, og tilbake mot Urnes.

Og der ser vi heimatt. Hest i bakgrunnen ruvar over fjorden.

Smal veg fra Kroken og til Sørheim, men det er litt av sjarmen. 


Feigefossen, og alltid like morsomt å vite at vi sykla på den andre sida ein time før.

Og langt der ute ser vi over på Urnes att. Ein flott tur!


søndag 21. juli 2013

Topptrimmen 2011-2013, turrapport Liabrekulen.

Dette treårige prosjektet nærmar seg slutten, og nestsiste topptur nå vart Liabrekulen, 1910 moh.
Iflg. deltakarkortet er forventa tid opp 3-5 timar, noko som er eit ganske vidt spenn.
Ein nyttar kartblad 1518 III, og startpunktet er Nørdstedalsseter. Eller rettare sagt: Det går an å køyre halvannan kilometer til på ein noko shabby anleggsveg, så hvis du ikkje er redd for bilen din, så sparar du altså noko tid...

Da vi gjekk der i dag, laurdag 20.7.13, var det fint vær. VELDIG fint. Vindstille og varmt, endatil på startpunktet litt over 1000 moh.
Det er merka DNT-sti fra Nørdstedalssetertil Turtagrø/Sognefjell, så her er det rimeleg greit å finne vegen. Problemet er heller at det er FOR mykje merking. Det er vardar og T-ar overalt, til tider altfor mykje og tett.

Men det er ein annan historie.

Vårt startpunkt var like ved eit bekkinntak, og stien/terrenget er slik at vi må krysse eit par mindre elvar ganske tidleg på turen oppover. Det vart noko surring fram og tilbake, men vi kom oss nå over rimeleg greit. På turen opp tok vi av oss skoa og vassa i det ikkje altfor varme fjellvatnet.
Stien vidare oppover går mykje på svaberg og stein. Det er såleis ikkje noko tydeleg tråkk i bakken, og det er vardar og T-ar overalt. Når ein kjem opp på 1500-1600 meters høgd må ein over nokre snøfenner, og tippar vi gjekk ca. ein kilometer totalt på snø.

Den merka turstien er lett å følge, men det er ein del opp og ned, og noko ur å gå i. Turen opp er dermed ikkje noko særskilt fin å gå.
Når ein kjem opp på ca. 1700 meter, så skal ein ta til venstre. Ein ser ikkje toppen med ein gang, iallfall gjorde ikkje vi det, for vi såg nabotoppen på 1770 moh. først, og trudde det var dit skulle.

Etter eit par hundre meter vekk fra den merka turstien forstod vi at det var feil topp, for da dukka Liabrekulen opp. Det er satt opp ei og anna primitiv varde her, så det skal være mogleg å finne fram ganske så enkelt.
Den første kilometeren her er rimeleg flat, og så stig det ca. 100 høgdemeter på slutten, tildels i grov ur. Det var ei stabil ur, så det var ingen problem.
Den første toppen ein kjem til, er sjølvsagt ikkje det endelege Målet. Neida, som med alle andre fjelltoppar, så er det ein til litt lenger borte, men det er berre snakk om 100 meter, maks, og i lett terreng.

Når ein så kjem opp, så forstår ein kvifor ein skal reise hit i finvær. Utsikta er eineståande.
Panorama til Jotunheimen og Breheimen.

Vi brukte ca. 3 timar og eit kvarter opp. Været var såpass at vi kunne ta oss ein matbit på toppen, samt førebu beina på turen nedatt. Det var mogleg å sette seg i le for vinden på toppen, og vi kunne nyte utsikta inn mot Fanaraaken, Sognefjellsvegen og kva dei no heiter alle stader og toppar innover....


Turen nedatt gjekk som ein vind, for det er veldig OK å skli på snøen i bratte bakkar.....

Vel nede att ved elvane vi måtte krysse, så vart det på ny litt fram og tilbake, men no fann eg ein sjanse til å hoppe over slik at eg slapp å ta av meg skoa.


Nede ved bilen var det på tide å lese av resultat fra turen. Dei tørre tall viser at vi gjekk totalt 14,3 kilometer, og med matpausar, fotografering og surring for å komme seg over elvane, så brukte vi 5 timar og 58 minutt.
Totalt 1004 høgdemeter, så dette er langt fra den brattaste turen.


Eg syntes at naturen her langt inne i fjellheimen var veldig flott. Fantastisk utsyn i milevis.
Sjølve stien og turen var tildels noko kjedeleg, men som sagt: Utsynet på turen er verdt det.
Det er ikkje den verste og tyngste av topptrimturane, eg vil anslå Liabrekulen til å være middels tung i høve til dei andre toppane.


Det går forøvrig ikkje an å nemne Nørdstedalsseter utan å komme inn på vegen for å komme seg dit.
Det var 56 kilometer fra Gaupne, så totalt vart det over 11 mil køyring denne dagen. Og hvis du synes vegen inn til Fortun er skral, så har du noko i vente. OK; vegen fra Bjørk og opp til Nørdstedalsseter er forsåvidt OK; men naturen her inne er storslegen. Vegen opp Bakligjelet må være noko av det mest ekstreme innan norsk vegbygging nokon gang. Når ein kjem inn i dalbotnen, så er det mest uråd å forstå at det kan gå ein veg oppover her. Men det gjer det.

Og dei juva som er her er formidable. Vi snakkar ikkje om titalsmeter, men hundrevis. Og laaangt der oppe, ute på kanten går denne vegen...

Her ser vi startpunktet vårt, bekkeinntaket ca. halvannan kilometer innafor Nørdstedalsseter. Hadde den gamle Subaruen, og det var sikkert like greit.

Fyllinga ut i vatnet hadde neppe blitt lagt slik i dag....

Oppover etter kryssinga av elvane, så er det godt merka. Nesten for godt etter min smak, da det er så mange vardar og T-ar at ein vert forvirra....

Fin utsikt nedatt mot startpunktet, og laaangt bak til venstre kan vi skimte dammen på Fivlemyrane.

Her ser vi toppen av Liabrekulen lengst oppe, men det var denne særprega brefronten som var noko å merke seg.

Tungt opp, men kjapt ned....

Dette bildet er tatt på ca. 1800 moh. og vi ser bort mot toppunktet. Her har vi forlengst tatt av den merka turstien.

Midt oppe på snøflata kom vi over dette fine vatnet. Fint, men sikkert kjølig.

Panorama mot kjende toppar.

Ord. Unødvendig.

Ord. Unødvendig.

Kan du skimte vegen oppe til venstre? Og forresten, fra der eg tok bildet er det like langt ned vidare ned i juva.

Ned dit ja...


Det er ganske utruleg at det har gått tunge køyretøy oppover her.



torsdag 18. juli 2013

Kva skjer med dei gamle barnehagane?

Oppdatert 3.3.2014:

Og i dag såg det slik ut.
Det er no blitt eit område ideelt for nye bustader.
Men det er ein ting som manglar. Eller rettare sagt: Det er ein ting for mykje.




Oppdatert 18.2.2014:


Da er det ei glede å oppdatere denne.
Rivingsarbeidet ser ut til å gå mot slutten, iallfall for Gaupne Barnehage.

Slik ser ut i dag:

Eg hadde ikkje blitt lei meg om den gamle rønna i bakgrunnen, dvs ungdomshuset, hadde enda sine dagar også.
*************************************

Nå er det snart to år sidan den nye superbarnehagen opna. Det var etter ei tids byggetid og planlegging, så da kunne ein kanskje forvente at dei gamle barnehagane vart omgjort til noko rett etterpå?


Tok ein runde med fototapparatet forrige dagen for å sjå forfallet an.

 Grandmo barnehage var eit enkelt bygg, og definitivt ikkje planlagd som barnehage. I dag ser sandkassa ut til å merke vær og vind...
 Desse leikeskura har nok hatt besøk av nokre tøffingar som gjerne ville teste kreftene sine på nokre plankegjerder...
 Inngangspartien ser i dag ikkje ut. Er huseigar nøgd med tilstanden?
 Dette området, mellom barnehagen og idrettshallen, gror stadig meir att. Vedlikehall på bygninga er fraværande.
 Leikestativa er ikkje lenger trygge for småtassar.
 Også Gaupne barnehage byrjar å merke vær og vind. Om det er vinden eller ein dust som har slengt ut søppeldunken er uvisst.
 Leikeskura er brotne opp, og det vert neppe bedre med åra.
Trea veks sjølv om barnehagen er nedlagt, men her er i det minste ein del leikestativ fjerna.

Dette er midt i eit bustadfelt. 

Leikehytta og båten var fine i si tid, i dag er dei herja med. Og trea veks....