søndag 23. juni 2013

Gamle stiar vert som nye.

I kveld kom vi oss avgårde for å leite etter ein gamal sti, som vi håpar kan komme til "heder og verdighet" igjen.

Turlaget har som kjent merka stiar i årevis i skog og fjell, og bygdelaget hadde eit stiprosjekt for eit par år tilbake.
Det å få folk ut i skog og mark er sunt for både kropp og sjel, og kan ein kombinere dette med eit visst tilbakeblikk i vår nære lokalhistorie, så er det ekstra artig.
Vi har høyrt at det i gamale dagar har gått ein sti fra Sandvikberget, og ned att i Engadalsvegen ein stad. Nøyaktig kor er det ingen som har heilt kunnskap om, men eit tips fra naboen satte oss på sporet.
Tidlegare har vi brukt adskillige timar på å leite etter gamle spor, men vi har openbart vore for langt oppe.
No hadde vi ei viss formeining om kvar vi skulle gå, og sjølv om vi ikkje fant antydning til sti dei første 100 metrane, så var terrenget vesentleg lettare enn vi frykta, så her skal vi forhåpentlegvis få ein sti på plass.
Hvis vi tek Engadalsvegen som utgangspunkt, så vert startstaden mellom Storpreikaren og Peisen.
Den lokalkjende veit kor desse svingane er.
Her er det som er tenkt ut som startpunkt. Eller endepunkt, alt etter som...

Herfra er det berre eit parhundre meter opp til Sandvikberget, men ein må vite kor ein skal gå. Det KAN være kronglete å gå, og det er einskilde stader med svaberg og litt høgt ned dersom ein går feil. Derfor er det viktig å merke skikkeleg.

Det var dei første 100 metrane som var "verst". Og i verst er det ikkje meint som uframkommeleg. Faktisk var det lettare enn vi trudde, men litt prøving og feiling høyrer med.


 
 Det er ikkje noko problem å gå her. I kveld var det glatt etter regnet før i dag, men det vart ikkje noko fall for det.


 
 Inne i granskogen var det veldig lett å gå, og her fann vi noko som minna om ein sti fra gamle dagar. Om det er folk eller dyr som har laga trakket er for så vidt det samme. Vi må ta oss ein runde til å rydde ein del kvist, og banda som er hengt opp er eigentleg meint for at vi skal finne fram att....
 

 

 

Fin utsikt var det oppi her også. Men det visste vi fra før. Om våren, før lauvet kjem, vil dette være eit godt alternativ til å komme seg opp på Lø, da slepp ein å gå det rasfarlege partiet lenger nede i Sandvikberget. Vi kjem opp i den mykje brukte turstien ca. 100 meter nedanfor Lø, på staden som er merka "Kvile", like ved ein heller.

 
Det må presiserast at det er ikkje noko tursti enda.
Det er ikkje rydda, noko som heller ikkje vil skje før grunneigarar seier at det er OK.
Når formalitetane er på plass, så kan folk gjerne melde seg til litt ryddearbeid....


lørdag 22. juni 2013

Verda er mindre enn ein trur.

Edit: 18.7.2013:
Har ikkje lagt inn noko på eit par dagar, men raska saman to postar no.
Det medførte fleire besøk fra Russland.
Hadde vore morsomt å vite kvifor. Det er neppe såååå interessant.















***********************************************


Edit: 12.7.2013:

Har i kveld hatt to besøk fra Serbia.
********************************
OppføringSidevisninger
Norge             46
USA                 7
Nederland       2
Serbia              2


Og siste


Edit: 22.6.2013:
I kveld supplert med besøk fra Den Dominikanske Republikk og Filippinane....

************************************


Etter at internett vart allemannseige i store deler av verda, så vert avstandane brått ein del mindre.

Og i teorien kan heile verda sjå det du legg ut på nett.


Med denne plattforma er det mogleg å sjå kvar i verda dei besøkande på bloggen kjem fra, og eg stussa da det var besøkande fra Russland i går.
I dag var det supplert med besøk fra Ukraina, og i kveld oppdagar eg at det har vore gjester fra Japan og Portugal.

Nå er det nok reint tilfeldig at desse har svippa innom, men ein forstår no kor lita verda er blitt.

Eg sit i Gåpnabygdi ein kveld, og nokre sekundar seinare kan ein totalt ukjent person i Japan lese det eg skriv. Eller sjå på det, i tilfelle han ikkje forstår norsk.
Eller kanskje det er ein norsk student i Tokyo.

Langt dei fleste besøkande er norske, heldigvis. Men det er ein forholdsvis stor andel amerikanske besøk. Det har nok si enkle forklaring, da Google er amerikansk, og så bur det masse folk i USA, og det er mange nettbrukarar der.

Men at det skulle være gjester fra Russland, var ein smule overraskande. Og så er det ingen svenske....

Men og litt morsomt.

På ferie til parkeringsplassen.

La oss sei vi dreg på bilferie. Med bubil. Ein slik som lagar kø.

Så dreg vi på ferie nedover i Europa, sjølv om vi kunne køyrt til Nordkapp. Omtrent like langt å køyre til Nordkapp som til Wien, men kva skal eg på Nordkapp å gjere? Sjå på været?

Så vi set oss bak rattet.
Larvik og danskebåten neste.

Etter den fine båtturen over Skagerak (ikkje gløym tax-free kvota!) så kjem vi til Hirtshals, og kostar nedover Danmark, som ikkje tek meir enn nokre timar å køyre igjennom.
Vidare gjennom Tyskland. På Autobahn går det unna. Ikkje blir det kø heller bak bubilen.

Så kjem vi til Austerrike. Og køyrer til ei lita bygd med ca. 1200 innbyggarar. Utanfor eit lite kjøpesenter, som jo er stengt, er det masse parkeringsplassar, så kvifor ikkje overnatte der? Ikkje så koseleg at det gjer noko, men asfalt er nå eit effektivt dekke å parkere på. Stort sett flatt og stabilt. Iallfall på ein parkeringsplass.

Ut med parabolen, og så kan vi sjå på norsk TV. Paradise Hotel t.d.

Det står to andre bubilar på parkeringsplassen og, ein fra Sverige, og ein fra Island. Islendingen må ha tatt ein laaang ferjetur først, men kva gjer ein ikkje for å kunne overnatte på ein parkeringsplass.



Men eg trur vi snur dette på hovudet. Det høyres ikkje ut til å være noko særleg hyggeleg å parkere utanfor eit lite kjøpesenter.

Men det gjer folk.
I dag stod det tre bubilar utanfor Pyramiden, og dei hadde åpenbart slått seg ned for kvelden.
Ein bil fra Austerrike, ein fra Tyskland og ein fra Nederland.


Det går over min forstand at det er så koseleg å overnatte på parkeringsplassen framfor Pyramiden.
Hadde eg køyrt 3000 km. sørover i Europa så hadde eg iallfall satsa på å bu LITT meir.... eksklusivt.

Men velbekomme.  Legg forresten merke til parkeringa på den nærmaste....Stor bil krev litt plass.


fredag 21. juni 2013

Har du lyst til å bli blokkert på Facebook?


Edit: 28.6.2013:
Og i går vart eg jammen blokkert fra enda ei gruppe. Eit par/tre spørsmål var det som skulle til der og.
Det dreier seg om ei gruppe som kalar seg "Fri presse", eit heilt tåpelig navn, da dei ikkje tåler kritiske spørsmål.

"Fri presse" er eit talerøyr for den meir aparte delen av alternativbransjen. Her er det helst vaksiner dei jobbar mot, men heldigvis vert mølet avkledd gang på gang av fagfolk.

Men altså: Vil du bli blokkert på FB, så er denne tåkebanden eit alternativ til humbuggjengen som sel chili, og blokkar alle som måtte ha ein smule innsigelsar.

*********************

Edit: 22.6.2013:

Kan for øvrig føye til denne glimrande bloggen:
Ganske så avslørande.
********************************

Det er neppe alle som har opplevd å bli blokkert på Facebook.
Det gjer at ein ikkje kan legge inn noko på gruppa som har oppretta denne, eller du kan ikkje lese andre sine innlegg.

Hvis de har lyst å prøve, så kan de finne FB-sida til "slankemiddelet" Chili Forte.

Der kan de legge inn heilt harmlause spørsmål, bl.a. "kvifor blokkerer de kritiske spørsmål på denne sida?"

Du er blokkert i løpet av minuttar.

Så mykje for seriøsiteten til dette produktet som ikkje er vatn verdt.



Lykke til.


https://www.facebook.com/chiliforte?fref=ts

torsdag 20. juni 2013

Det er eit hardt liv.

Av og til har ein berre ikkje dagen.

Og i ettermiddag var det slik.

Vi møtte opp åtte mann som skulle sykle ein tur. Vi fekk besøk av ei dame og, men ho hadde akkurat vore ute ein tur....

Kor skal så turen gå??

Framover? Oppover? Innover!
Vi vart einige om å sykle til utsiktsplassen nedanfor Berge. Da får ein litt motbakke siste par kilometrane. Vel, det er ein liten knekkar opp dit..... ca. 200 høgdemeter på litt over 2 km. er eigentleg ikkje så voldsomt, men det gjekk ganske radig innover fjorden. Etter nøyaktig ein times sykling var vi alt på veg oppover. Det betyr ein snittfart på ca. 33 km/t. på dei elendige drittvegane som er innover fjorden. 25 km. på veg som er i så dårleg forfatning at ein vert redd for sykkelen sin. For ikkje å snakke om bilen.

Oppover gjekk det uansett. Dei spreke drog avgårde, som vanleg, medan vi andre trilla saaaakte oppover.
Det var varmt, heldigvis. Etter ein miserabel vår med altfor mange kalde dagar så skal ein ikkje klage på varmen.

Opp kom vi alle saman, og om ikkje anna så er utsikta bra...



Det er verkeleg fin utsikt på ein slik dag...





Fra fjord til fjell på berre nokre få kilometer. Neste stopp: Lom.

 
 
Det gjekk adskillig lettare ned enn opp, rart det der.

Men da vi skulle byrje å køyre mellom Fortun og Skjolden var det som om beina var av betong. Null kraft, og etter eit par-tre kilometer fant eg ut at eg umogleg halde følge heim att.
Eg lot resten av banden sykle avgårde, men ein venleg sjel vart att som moralsk støtte. Og takk og lov for det. Hadde eg ikkje fått den hjelpa så hadde eg vel vore langs fjorden enda.

For nokre dagar er det berre heilt forferdeleg å sykle. Og dette var ein slik dag.

Heldigvis var været bra.
 
 

 

60-sone

For eit par veker sidan fekk vi 50-sone gjennom kommunesenteret. Rett nok ei av dei kortaste 50-soner eg har sett i heile mitt liv, men forhåpentlegvis vert den forlenga med tida.

Motviljen fra vegvesenet til å sette 50-sone på desse 200 metrane har vore uforståeleg, og det har tatt over 20 år å få det på plass.


 
 
Det vert enda rarare når ein på Sognefjell finn t.d. denne 60-sona. Dette bildet er tatt i dag v/Jotunheimen Fjellstue.
Her oppe, 1000 m.o.h. på den vinterstengte Sognefjellsvegen finn vi altså ei 60-sone....
Og så vil sjølvsagt den observante sjåar lure på om det er fordi hotellet i bakgrunnen er årsaka. Og det er det sikkert. Det stod ikkje ein bil utanfor, og alt var mørkt, men det var vel lys der ein gang i tida.
Det er ikkje andre avkøyrsler hvis noko lurde på det.

Men det er andre pussige 60-soner også. Lenger oppe på fjellet finn vi også ei.


Som ein ser er det veldig tettbygd rundt om her også....
OK, Sognefjellshytta ligg eit par svingar lenger framme, men det er da også einaste bygget i nærleiken. Og det er ei einaste avkøyrsle.

Så det er pussig at det skulle være så vanskeleg å få ei 50-sone i eit kommunesentrum.

Morsomme sykkelbilder....

Intern humor for oss som likar å trille...








onsdag 19. juni 2013

Ta toget

I gamle dagar, dvs. helst på 80-talet, reiste eg ein del med tog.
Årsaka var antaglegvis militærtjeneste og som vernepliktig var det billig å reise med NSB.

Det vart ein og anna tur før det og, og ein og annan togtur etter at første bilen kom i hus, har det også blitt. Gardermobanen og Flåmsbana er jo fine å reise med, samt at det har blitt ein tur eller to til Gøteborg og Stockholm.
For ein del år tilbake køyrde vi heile Bergensbanen, men det gidd eg ikkje ein gang til, tok altfor lang tid. Takke meg til å sjå turen på DVD`en Bergensbanen minutt for minutt stykkevis og delt.

Problemet med norske tog er at det går så tregt. Sju timar fra Bergen til Oslo? Gløym det.
Det er ikkje nok med fin natur og bok. Skal eg reise denne strekninga, så må det gå adskillig kortare tid.

Lyntogprosjektet som vart vurdert for eit par år sidan er langtfra på skinner, faktisk kan vi rekne satsinga på lyntog her i landet som bortimot ikkjeeksisterande.
For nå skal det utbyggast det indre Intercitytriangelet først. Og det er jo vel og bra.
Ja, og så er det lova at ein av Europas mest belasta togstrekningar skal få dobbeltspor, nemleg Ulrikstunnelen.
I såfall er det på tide.

Det ser også ut til at Ringeriksbanen vert ein realitet. Denne bana åleine vil korte ned tida mellom Bergen og Oslo med ein time, og det hjelper godt på for dei som orkar ta heile turen.
Men det er vel helst for folk på Ringerike som pendlar til Oslo/Bærum at dette vil gi eit pendlarløft. Dessutan vil mange av dei være pensjonistar før bana er på plass...


Norsk jernbanebygging har i det heile vore ei selsom historie.
For det første har vi bygd unyttige og dårleg plassert baner. T.d. Valdresbanen. Den brukte nesten dobbelt så lang tid tid til Oslo som bussen, og eit par timar lenger til Gjøvik enn med bil. I dag er sjølvsagt Valdresbanen forlengst nedlagt.
Dernest har vi bygd baner som ligg på heilt feil plass. Sørlandsbanen t.d. Denne ligg langt inne i landet, og den lokaltrafikken som kunne ha vore, t.d. mellom Kristiansand, Lillesand, Grimstad og Arendal, er totalt fraværande. Sørlandsbanen er da heller ikkje så veldig gammal, så ein skulle tru at datidas styresmakter skulle vite bedre, men neida.

Vi har heller ikkje bygd og forlenga baner som burde vore på plass for mange år sidan. Bane mellom Gjøvik og Lillehammer vart t.d. vedtatt for 100 år sidan, og framleis skjer det ingenting. Og kjem heller ikkje til å skje med dagens manglande evne og vilje til å satse på skinner.
Gjøvik - Lillehammer kunne fått god lokaltrafikk, og samstundes ein del fjerntrafikk dersom ein hadde lagt nokre tog fra Oslo til Trondheim her, men det er vel altfor revolusjonærande å tenke.


Og verst av alt: Vi har lagt ned ned mange jernbanestrekningar som aldri burde vorte nedlagd.
Her er det fleire eksempel, men t.d. Ålgårdbanen burde ha livets rett i dag. Det same gjeld Eidanger-Porsgrunn og ikkje minst gamle Drammensbanen om Lier. Osbanen burde også eksistert, men felles for alle desse er at dei måtte ha blitt bygd om, tildels betydleg. Osbanen har vore nedlagt i mange tiår, men i dag er det tett befolkning her.
Gamle Drammensbanen gjennom Lier sentrum hadde garantert hatt livets rett, med dei folkemengder som er her.

Og nye prosjekt vert det aldri noko av. Det som vert bygd er avlastningsspor på eksisterande nett, t.d. Askerbanen (ferdigstilt, utruleg nok) og Follobanen som forhåpentlegvis kjem i løpet av ein 15-20 år.
Men nå ser det altså ut som om Ringeriksbanen kjem. 21 år etter at den vart vedtatt. Og iallfall nå før valget....

Det vil forbause meg storleg om eg får oppleve å ta toget under Sollihøgda før eg er pensjonist.


Ellers er det ei gåte at det ikkje er jernbane mellom Bergen og Trondheim. Det er faktisk ikkje så mange mil som manglar. Ei bane fra Voss til Otta, gjennom Aurland, Lærdal, Årdal under Sognefjellet og forbi Lom/Vågå hadde knytta dette saman.
Problemet er at det hadde kosta avsindige summar. Men med tanke på at nokre politiske parti vil bruke 100 mrd. på ein ferjefri kyststamveg, så er det iallfall ikkje kronene som manglar.
Kor mykje vil ikkje den fjordkryssinga over Sognefjorden koste? Ei bru på 3,5 km til 10 mrd åleine?
Ein får bygd ein del jernbane for ti mrd. T.d. ein Ulrikstunnel med dobbeltspor.


Det er nå 66 år sidan jernbaneplanane opp Jostedalen vart skrinlagt for godt. Det er rart å tenke på at det var planlagd jernbane nettopp mellom Trondheim og Bergen her i bygda. Stasjonen var planlagd frampå Skarpamo, og derfra kunne vi tatt toget fram på Gjerde, over Handspiki og nedatt til Skjåk.

Men det kjem garantert aldri til å skje. Vi kan kanskje håpe på ein sykkelveg over Handspiki, skjønt det er sikkert nokon som er imot det og, samt at det er "dyrt". Iallfall minst like dyrt som å legge tre kilometer asfalt gjennom Gaupne i desse dagar.

"Norsk politi slaktes"

Det er komen ein ny rapport som viser at det norske politiet ikkje lir av ressursmangel, men av dårleg leiing og byråkrati.

Bombe.

Rett nok var ikkje dette årsaka til at eg slutta i etaten for over ti år sidan, men byråkrati var det såmenn den gang også.

Norsk politi er det mest ineffektive i Norden, og TV2 har i kveld oppslag om ei bygd som har danna borgarvern da det lokale lensmannskontoret berre har ope ein og anna dag.
Med oppretting av borgarvern er vi ute på ville vegar.

Og det er, dessverre, til ein viss grad forståeleg at eit lokalsamfunn ser seg nødt til å opprette eit slikt vakthald. Det må være det offentlege si plikt å verne om lovleg verksemd, og å sørge for at borgarane kan føle seg trygge på alle vis. Når det offentlege sviktar, så ser ikkje innbyggarane anna råd enn å ta skeia i eiga hand, og det er ikkje akseptabelt.

Utover på 1990-talet var det stadig snakk om at etaten måtte effektivisere seg, og få folk ut i gata.
20 år seinare har det stikk motsatte skjedd. Pengane renn inn i justissektoren, og stadig færre politifolk er å sjå. Kva er det som er totalt gale?
Kvar gikk det så hinsides feil avstad?

Svar: Svak leiing på øverste nivå i årevis. Vi har hatt nikkedokker som har dansa etter departement og direktorat si pipe. Vi har hatt fagforbund som har gjort jobben sin utan tanke på at politiet er der for samfunnet sin del, og ikkje motsatt. Tidlegare fagforeiningsboss Arne Johannessen gjorde unektleg ein svært god jobb for "seg og sine medlemar", men om alt var så samfunnsnyttig, sjå det er ein annan sak. Ellers er det ei historie for seg at Johannessen, som privat er ein veldig hyggeleg mann, på TV framstår som den reine bulldog når han er fagforeiningsboss.

Forslaga som no er komne inneber drastiske endringar i norsk politi, og det vil garantert bli ramaskrik. Politiet er nemleg ei konservativ yrkesgruppe som ikkje finn seg i endringar kvar dag. Eller kvart tiår for den saks skuld. Bla. tok det årevis å endre navn fra Politikammer til Politidistrikt. Som om det skulle bety noko.

Men endringar må til.

I Luster skal det lokale lensmannskontoret være stengt nokre veker.
I gamle dagar, dvs. berre for 10-12 år sidan, hadde det vore utenkeleg. Luster kommune, med eit flatemål større enn Vestfold fylke, og med tusenvis av turistar i fjell og på bre, vil være utan lokale tjenestemenn/kvinner i vekevis.
Motargumentet vil være at det er beredskap i Sogndal, og at det såleis vil bli godt ivareteke.

Beklager, det er ikkje godt nok. Det er faktisk elendig service ovanfor oss, innbyggarane i kommunen som faktisk betaler lønna til administrasjonen som har funne på dette usedvanleg dårlege forslaget.

Dei siste åra eg jobba her var vi alltid minst to på jobb, heile sommaren. Rett nok kunne det ei veke eller to være berre ein kontoransatt og ein tjenestemann, men det var i det minste ope, og vi kunne rykke ut på t.d. ei trafikkulukke eller ein brann, eller ein leiteaksjon. I tillegg hadde vi da Sogndal i bakhand, som på den tid hadde opptil fleire tjenestemenn/kvinner som kunne bistå i tilfelle.

Eit eksempel: For ca. 12 år sidan var vi to stk. på jobb i Luster, og så kom det inn melding om at nokre utlendingar hadde reist avgårde med ein stolen bil oppover Sognefjell. Sognefjellsvegen er som kjent til dels smal, og tjuvane måtte stoppe for ein buss som kom nedover. Nokre snarrådige lokale fekk fjerna ein vesentleg motordel i den stolne bilen, og der stod dei. Bomstopp på ein smal og svingete vestlansveg.
Veldig bra gjort!
Vi fekk telefon inn på kontoret, og eg, som da var eldst og hadde "kommandoen" hadde ikkje hjarte til å sende min unge kollega ut åleine. Eg skulle på ferie kl. 1200, men det fikk så være.
Så vi ringte Sogndal som kom inn etter oss, og drog med ein gang innover.
Ca. tre kvarter tok det fra bilen stoppa til vi kunne pågripe tre unge utanlandske menn, med ein stolen bil full av tjuvgods. Vi fikk, grunna god lokalkunnskap, endatil tak i ein lokal tolk som hjalp oss.

Dei tre nellikane vart frakta til Sogndal, registrert med foto og fingeravtrykk, tjuvgods vart spora opp, og dei tre vart utvist to dagar seinare.

I dag er noko slikt heilt utenkeleg. Da hadde antaglegvis dei som stoppa bilen blitt satt til Florø, som neppe hadde hatt nokon å sende ut, grunna eit eller anna regelverk eller manglande personell og beredskap. Dette var jo trass alt ikkje noko fare for liv og helse, men sikkert enormt irriterande for t.d. han som eigde bilen.... For ikkje å snakke om butikkane som nå faktisk fekk att tjuvgodset sitt.

Det verkar som om byråkratane i departement og direktorat rett og slett meiner at vi må tåle å bli utsatt for såkalla "kvardagskriminalitet". Det at ein butikkeigar tek folk på fersk gjerning, og så opplever at politiet ikkje kan rykke ut, det må være enormt øydeleggande for tillita til samfunnet som beskyttar av lovleg verksemd.
Enda verre er det t.d. ved ulukker. Ein opplever at politiet, som skal være den leiande koordinator på t.d. ein brann, ikkje kjem fram før brannen er slokna....
Ein ting er det beredskapsmessige og funksjonen på skadestaden, det andre er at ein risikerer tap av verdifulle opplysningar i høve etterforskninga seinare.

Men slike bagatellar er tydelegvis heilt OK i det byråkratiske justisvesenet. Det er ein  skremmande arrogant haldning, og vitnar om at borgarane er kun ting, og ikkje lovlydige menneske som har krav på god beskytting og hjelp.

Vi får håpe at det vert røska opp ein del nå. Av totalt 11 500 politiansatte, så arbeider over halvparten med fjas, dvs. papir, papir, papir, papir. Usle 5000 av dei 11500 arbeider med politioppgåver. Det er jo hårrreisande. Den eine halvparten (ja, meir enn det) skal altså administrere kva den andre halvparten driv med. Gudbedre.


Ein ting er sikkert, eg hadde fått pustevanskar første dagen skulle eg byrja i etaten att.

tirsdag 18. juni 2013

Tour de France, del II

Skreiv litt om traseen forrige kveld, nå vil eg sjå litt på laga.

Det er 22 lag med i år. Alle dei 19 WorldTourlaga, samt tre wildcards som arrangøren deler ut etter eige forgodtbefinnande.
I tråd med tradisjonane har ASO delt ut friplassar til tre franske lag. To av dei var ganske opplagte, nemleg Cofidis og ikkje minst Europcar. Det siste kortet gjekk til Saur Sojasun.
Såleis ingen plass til Endura NetAPP eller IAM.


Eg vil sjå på laga alfabetisk, og startar da med franske AG2R-LA Mondiale.
Dei hadde ein flott Giro, med Betancour som spydspiss. Han skal neppe være med i touren også, så da blir det vel ekscyclocrossmann John Gadret som skal dra lasset. Hvis dei ikkje heller satsar på Peraud som kan lande eit brukbart resultat samanlagt.
Ellers vil vi sikkert sjå dei i ein del utbrot og satse på ein etappesiger der. I spurtane er dei sjanselause mot storkanonane.

Argos-Shimano har eit par av feltets beste spurtarar, og satsar alt på dei. Degenkolb var med og vant ein etappe i giroen, og er ein utfordar på dei litt hardare etappane der dei reindyrka spurtarane dett av. På dei flate etappane har dei ein svært habil spurtar i Marcel Kittel, ein av svært få som kan slå Cavendish i ein rein spurt. I fjor vart Kittel sjuk tidleg, og datt av så snart det var ein dump i vegen. Han måtte stå av etter berre eit par dagar. I år får vi håpe det vert andre bollar, for Kittel er som sagt svært, svært rask.
Samanlagt er dei sjanselause. Det er ikkje sikkert dei får ein mann blant dei 100 beste i Paris ein gang.

Astana er den rake motsetnad til Argos-Shimano. Her satsar dei nemleg på samandraget, og har to mann som kan klare seg godt i Fuglsang og Brajkovic. Etter suksessen i giroen, så vil dei nok satse på eit godt resultat her også.
I skrivande stund er det uvisst om spurtaren Guardini får bli med, men det vart iallfall sagt så tidlegare i år. Han har vore med i giroen før, og må nok klare åleine i spurtane i årets tour. Guardini kjem kanskje ikkje til Paris, men hvis han er i slag, så har han eit godt rykk dei siste metrane.

Blanco, eller Belkin som dei nå snart vil bli heitande etter at den nye sponsoren er komen på plass, er levningane etter Rabobank. Rabobank var alltid grusomt gode i ein Grand Tour, eller berre grusomme. Det spørs kor mykje  Belkin har arva, for i giroen var dei berre hjelpelause.
Kaptein vert Mollema, og han har i utgangspunktet eit svært godt lag rundt seg, bl.a. Lars Petter Nordhaug som høgst sannsynleg får sin Tourdebut, noko som er veldig hyggeleg. Nordhaug kan faktisk være kapabel til å lage eit nokolunde samanlagtresultat ( blant dei 30 beste), men vert hjelpar i fjella. Det er uansett artig med ein nordmann som er brukbar å klatre.

BMC kan også få med ein nordmann i Thor Hushovd, men eg er i tvil om han har noko der å gjere. Denne vekas NM-øvingar kan kanskje gi oss eit lite svar?
For øvrig er dette laget bygd opp om Cadel Evans og Tejay Van Garderen. Dei to er kapable til topp fem, sjølv om Evans kanskje har sett sine beste dagar, pallplass i giroen til tross.
Ellers er dette eit lag med masse køyrestyrke på flatene, så eit toppresultat på lagtempoen er å forvente.
Det seier litt at ikkje eingong verdsmeister Gilbert er sikra plass, men laget burde kanskje ha litt fleire klatrespesialistar??

Cannondale har Peter Sagan, og da er i grunn det meste sagt. Dette unikum av ein syklist kan nesten alt, det er berre i dei aller lengste fjella han ikkje heng med. I fjor var han i stand til å spurte med Greipel og Cavendish, samt å hente mange poeng på andre etappar der spurtarane var ei mil bak.
Antaglegvis vinn han grønt i år også.
Tidlegare hadde Cannondale, eller forgjengaren Liquigas, ein samanlagtryttar i Basso eller Nibali, men i år er det Sagan for alle penga. Basso er ikkje med, og Nibali er som kjent i Astana.
Lurer mest på kva seiersgest han har tenkt å vise fram.

Euskaltel hadde forventningar til Samuel Sanchez i giroen, men dei vart ikkje innfridd heilt.
I touren satsar dei på eit godt samanlagtresultat i Igor Anton, men han vil nok merke at dette er noko anna enn Vueltaen. Dei skal eigentleg være nøgde om dei får ein etappesiger eller to, og ein mann i topp ti.
I spurtane vil dei være anonyme, og på lagtempoen skal dei være sjeleglad at den er så kort som den er. For dette laget er det fjell som gjeld, og så vil vi sjølvsagt sjå dei i nokre TV-brot.

FDJ er det andre franske laget på toppnivå, og har noko så sjeldan som ein fransk ryttar som kan levere topp resultat samanlagt. Thibaut Pinot er ung, men leverte ein flott tour i fjor. Kanskje han kan klatre enda bedre i år??
Dei har ellers eit par kapable spurtarar, bl.a. den franske meistaren Bouhanni. Men nå vert det jo kanskje ein ny fransk meistar til helga....
ANtaglegvcis tek FDJ med seg Arnaud Demare til spurtane. Han er kapabel til å hente mange toppfem resultat.
Men til sjuande og sist er dette laget ute etter TV-tid og eit brukbart samanlagtresultat i nemnde Pinot.

Garmin-Sharp ser ut til å trylle fram ein samanlagtryttar kvart år. I fjor var det, omsider, Tom Danielson som klarde å gjennomføre eit godt trevekersritt igjen. Tidlegare har Hesjedal og Wiggins hevda seg i touren.
I år vil dei nok satse på Hesjedal samanlagt, etter at han floppa totalt i giroen.
Dei har også med spurtaren som aldri vinn lenger, Tyler Farrar.
Garmin er litt sånn som  Rabobank var, anten eller, så kan dei klare ein etappesiger eller to, så er det fint. Dei vil sikkert også hevde seg i lagtempoen.
Og så har dei Dan Martin, skal bli spennande å sjå kva han får til.

Katusha får høgst sannsynleg med Alexander Kristoff som da også vil debutere i touren. Har har delteke i giroen eit par ganger, men dette er noko anna. Kristoff har hatt ein veldig bra vårsesong, og er i stand til å dra med seg mengder med gode plasseringar, ja endatil vinne ein etappe.
Problemet er at han vert ganske sikkert åleine og må klare seg utan hjelp.
Katusha satsar  først og fremst på Joaquin Rodriguez, og han kjem garantert ikkje til å vinne touren, men det er like sikkert at han kjem til å vinne ei etappe eller fleire. Rodriguez føretrekk nok dei avsindige avslutningane i Vueltaen framfor dei meir humane i touren, men han satsar 100% på touren i år, så da må vi forvente litt. Dessutan har han ein veldig god hjelpar i Moreno, som faktisk er i stand til å vinne klatreetappar sjølv.

Lampre var med i fjor også, utan at nokon la merke til dei. I år har dei satsa på Cunego igjen, men eg har ikkje så enorme forventningar til korkje han eller laget.
Kanskje dei tek med villmannsspurtar Ferrari, det vil iallfall garantere velt i massespurtane. Som ein av feltets mest upopulære spurtarar vil det bli liv og røre etter målgang....
Lampre vil antaglegvis gjere ein anonym tour. For dette italienske laget er det Giroen som betyr noko.

Lotto skal satse på to frontar.
Først og fremst i superspurtar Greipel, som garantert kjem til å vinne ei etappe, minst.
Dernest skal dei satse på Van Den Brock, som har ein fjerdeplass fra i fjor, som om nokon hugsar det. Van Den Brock er veldig bra i fjella, men laget hans er ikkje all verda.
Klarar Lotto nokre sigrar i Greipel, og ein topp fem i Van Den Brock, så skal dei være veldig glade.
Og det bør for øvrig nesten alle andre lag være også, dersom dei klarar noko såpass.

Movistar er laget med feltets flottaste drakter, utan tvil. Også har dei vunne Grand Tours meir enn noko anna lag i form av Indurain, Delgado, Valverde og kva dei nå heiter alle desse spanske ryttarane. Problemet med spanske syklistar er sjølvsagt at dei har ei mørk side av seg, og deira noværande kaptein, Valverde, er ikkje noko unntak.
Men Valverde er ein påliteleg syklist. Han vinn og vinn, år etter år, hvis han ikkje er utestengt da.
I år skal han vel hente inn enda ein etappe, men det spørst om ikkje det vert colombianske Quintana som endar øverst på lista i Paris av Movistarryttarane.
Movistar er eit veldig godt lag, og kan eigentleg hevde seg over alt, sjølv om Rojas aldri vil bli bedre enn nr. 5 i ein einaste massespurt.

Omega Pharma-QuickStep.
Mark Cavendish. Fire-fem etappesigrar.
Dette laget har kun eitt formål, og det er at Cav skal håve inn sigrar, og det kjem han sjølvsagt til å gjere. Håpet er at han skal havne i grønt i Paris, men dessverre så skal Sagan være med, og han vil håve inn poeng på tyngre etappar  som Cavendish aldri kan ta att.
Ja, og så vil Tony Martin såklart vinne dei to tempoetappane. Canvellara er jo ikkje med, så den konkurransen er for så vidt avgjort.
Årets tour vil antagleg by på mengder av turar på podiet for dette laget, men samanlagt er dette laget hjelpelause til dei grader.
Kanksje Kwiatkowski kan klare eit eller anna, men ellers blir det null i fjella.
Og så har dei Chavanel. Han klarar sikkert ein utbrotssiger eller to.

Orica Greenedge fra Australia debuterte i fjor, og var eigentleg heller anonyme. Nokre topp fem plasseringar var alt.
Dei satsar på Goss i spurtane, men problemet er jo at Kittel, Cav og Greipel er minst like bra.
Samanlagt har dei ingen som kan minne om ein brukbar plassering. Albasini er vel det næraste ein kjem ein samanlagtryttar, og han klarer kanskje ein topp 30.
Så her er det utbrot og etappesigrar som tel.
Heldigvis har dei med Gerrans, som kan klare å lure til seg ein etappesiger, så lenge han ikkje er i brot med Luis Leon Sanchez fra Blanco da, som også er ein brotspesialist. Berre enda bedre.

RadioShack stiller vel opp med gamleheimen sin i år også. Dei har i utgangspunktet feltets største Grand Tour talent i form av Andy Schleck, men han slit enormt med å komme tilbake dit han var. Rett nok  har det vore positive tegn i California og i Sveits for Andy, men at han skal hamle opp med Froome og Contador er som å tru på nissen.
Ellers stiller dette laget opp med ei mengde rutinerte ryttarar vil eg tru. Zubeldia, Kloden, Voigt, kanskje endatil Horner??? Desse fire er vel ca. 200 år til saman, og deira beste dagar som syklist er forlengst forbi. Kanskje vert det etappesigrar som vert målet her også, og eg ser faktisk ikkje kven på laget som skal klare det eingang, ja unnateke Voigt da.

Saxo-Tinkoff. Her er det kun ein konge. Alberto Contador. Den beste Grand Tour syklist sidan Miguel Indurain for 20 år sidan.
Men er han så bra som han var for eit par år sidan?
OK; han vant Vueltaen på ein strålande møte i fjor haust, og har no fått eit godt lag i ryggen. I fjor var SaxoBank hjelpelause, og det dårlegaste laget på WorldTouren heilt fram til Contador kom tilbake etter utestenginga.
Riis har pussa opp laget kraftig sidan i fjor sommar, og har fleire nye ryttarar som kan støtte Contador laaaangt opp i fjella. Kreuziger vart nr. 3 i Sveits i helga, og Michael Rogers og Nicholas Roche vil også støtte godt opp.
I spurtane vil laget holde seg borte. Den einaste som KUNNE ha blanda seg inn, Bennati, har nesten slutta å produsere gode spurtresultat.
Men dei har uansett ein av to store førehandsfavorittar på laget.

For det er Sky som har den største favoritten av alle lag i årets tour. Og det er ikkje fjorårsvinnar Wiggins, for han skal ikkje eingang delta. Sjukdom og skader har øydelagt sesongen for den regjerande meister, men det er ingenting å frykte. I Chris Froome har Sky arvtakaren klar. I fjor var han den beste ryttar i feltet, men stallordrar gjorde at han berre vart nr. 2.
Froome har eit superlag i ryggen. Vi vil nok sjå Sky mose dei andre laga oppover fjellsidene, og Porte slepp laus Froome dei siste kilometrane.
Ja, og Edvald er med. Det er ein prestasjon berre å få være med på Tourlaget til Sky, for her boblar det over av talent. Berre vent til Kiryienka set på turboen....
Edvald kan kanskje være med i spurtane, men har ikkje kapasitet til å slå dei beste lenger. Men, han vil garantert køyre spurtarane av lasset i fjella. Kanskje vi ein dag kan få sjå han i ei kapteinsrolle i ein Grand Tour???

Vacansoleil var eit heller anonymt bekjentskap i fjor, men vi hugsar dei godt fra to år tilbake, da Hoogerland gikk i piggtråden med Flecha.
I år stiller nederlendarane opp med Thomas de Gendt som vart nr. tre i fjorårets giro, etter eit monsterutbrot opp Stelvio. I fjor kunne han ikkje delta i touren, da han skulle gifte seg, og det spørs om han er god nok til å henge med i tre veker i Frankrike.
Ellers er det utbrot som tel for dette laget. Dei har heller ikkje med Kenny van Hummel, som vart kåra til den verste syklist i heile touren i 2009. Van Hummel vart nemleg køyrt av lasset i alle stigningar, og køyrde gjerne ti mil heilt åleine, dag etter dag. Han har nå uttalt at ein grand tour ikkje er for han, og det har han nok rett i.


Så til wildcardlaga.

Cofidis er med i år også, som dei har vore i nå 15 år er det vel.
Dei har eit par spennande syklistar i Coppel og Taramae, men det er kanskje nykommar Navarro som vil gjere det best. Den tidlegare Contadorhjelparen ville køyre for sine eigne sjansar, og fekk gå til Cofidis i fjor. Rett nok er han berre 30 år, og han var brukbar i Criterium Dauphine for eit par veker sidan.
Noko topp 10 kandidat er han dog ikkje.
Eg ser heller ikkje nokon storspurtar i Cofidis, men TV-tid vil dei nok få. Berre vent til første etappa, dei er garantert i brot når TV-sendinga startar.

Europcar har Thomas Voeckler, og da er dei garantert resultat. Han har hatt to svært gode tourar dei siste åra, og det verkar som formen kjem sigande i år også.
Dessutan har dei Rolland, ein av dei spennande franske unge ryttarane som kjem nå. Dessverre gjorde han seg mektig upopulær i fjor da resten av feltet var utsatt for stiftsabotasje og det var punkteringar deluxe. Og da, Rolland, angrip du ikkje. Ikkje så smart det der.

Til sist har vi Saur Sojasun, det minste laget i årets  tour. Dei får satse på TV-tid, for i spurtane og i fjella vert dei nummeret for små. Ein del gode ryttarar, men ikkje på nivå med dei andre laga.
Får dei ein etappesiger så er sesongen redda.

mandag 17. juni 2013

Sommar i Norge....

Såg ein artig facebukkstatus i dag:

-Pappa, har du vottar?

Det er 17. juni og som så ofte på denne årstid langt fra varmt.


Tok ein liten kveldstur på terrengsykkelen, og angra nesten på at eg ikkje hadde buff på øyrene og ikkje minst: Hanskar. Det var kaldt.
Litt regn, sur vind og 12-14 grader, jotakk. Sommaren er her.

Og mens eg trilla sakte på veg heim, så oppdaga eg denne daude bjørka, som har stått her eit par år nå.
Er det nokon som har ansvaret for å fjerne store daude tre langs vegen?


Og mens eg filosoferte over denne bjørka, som kom eg på dagens grisemelding.
Satt på kontoret mitt på Pyramiden, da ein mann fra nabokontoret kom inn og spurde etter senterleiaren.
Nei, han var ute eit ærend, så eg visste ikkje kor han var, men var det noko spesielt?

Ja, det var det. Ein eller annan luring hadde besøkt eine dassen på Pyramiden, og funne ei slags glede av å bruke driten som maling på utsida av dassen, og på vegger og golv....

Senterleiaren kom inn rett etterpå, og han var kjend med saka. Dassen måtte derfor stengast, for det såg (og lukta) litt.... ekkelt....
Og det verste var: Det var ikkje første gang dette hadde skjedd, men nå var det rett nok ei stund sidan.

Ein eller annan kødd må ha seriøse problem.

Uansett om dette er kjentfolk eller ei, har nemleg ingen aning om kven som finn det for godt å kline bæsj utover, du bør finne på noko meir nyttig å drive på med.
Ta ein tur til hodelegen.


Det er solsnu om nokre få dagar.

søndag 16. juni 2013

Tour de France, del I

Da er det faktisk berre to veker til årets desidert største sykkelhappening.
Nei, det er ikkje snakk om VM eller Styrkeprøven.

Den 100. utgåva av Tour de France går av stabelen, og vi kan allereie no glede oss til tre veker sykkelsirkus gjennom Frankrike.

For min eigen del er det også eit lite jubileum, for det er 20 år sidan eg følgde med på Touren på TV første gang. På Eurosport den gang, og der har eg stort sett forblitt. Til tross for TV 2 og fyldige sendingar derfra. Årsaka skal eg komme tilbake til.

Årets utgåve av Touren er ikkje noko stor revolusjon i høve til dei seinare års utgåver.
Rittdirektør Prudhomme har funne sitt spor å sette traseen i, og har på sine få år som sjef satt eit særpreg på løypa, samstundes som han følgjer tradisjonar fra tidlegare.


Tour de France i 2013 er noko heilt anna enn Tour de France i 1903 da den første utgåva gjekk av stabelen. Det er snakk om to heilt ulike verdnar på alle vis.
Det historiske tilbakeblikket skal eg ta ein annan gang, i dag vil eg bruke tid på årets trase.
Lag og ryttarar, trøyer og premiar skal eg også ta for meg seinare ein gang.
Det er ikkje noko fasit, kun mitt personlege syn på Touren 2013.


Årets Tour startar på Korsika, og det er jo hyggeleg, for Touren har aldri starta der før. Giroen har starta på naboøya Sardinia, og Vueltaen har vore på Mallorca, så kanskje arrangør ASO innsåg at det omsider var på tide?
Tre etappar skal gå av stabelen på denne langt fra flate Middelhavsøya, før dei flytter over på fastlandet.
Det er ingen prolog eller kort tempo dette året. 1. etappe er såpass lang som 212 kilometer, og er stort sett flat. Kun ein 4. kategoristigning etter 45 km, og nokre småbakkar her og der som syklistar på dette nivået ikkje vil ha noko problem med. Det høgste punkt over havet er 147 meter.
Starten går i Porto-Vecchio langt sør på øya, og målgang er i Bastia langt nord. Løypa går stort sett langs kysten. Så kva vil skje på ei slik etappe?
Antaglegvis eit brot med tre-fire franske ryttarar får gå etter fem-seks mil. Dei blir tatt att ca. 15 km. før mål, og i massespurten får vi sikkert ein velt, og til slutt vinn Mark Cavendish.
Gjesp.

Men alt neste dag kan Cavendish komme i trøbbel med å henge med feltet inn til mål. Starten går i Bastia, og dei skal krysse øya over nokre fine stigningar, totalt 156 km. med målgang i Ajaccio.
OK; det er ikkje Alpane akkurat, men totalt fire kategoriserte stigningar, to kat 3, og to kat 2, kan sile ut dei meir reindyrka spurtarane. Den siste kat 2 stigninga ligg ca. seks mil før mål og er på nesten 1200 m.o.h.  Deretter går det nedover i fem mil, før det er lagt inn den siste kat 3, berre 12 km. før mål. Eg tippar at eit redusert felt kjem til mål, og da vinn vel Peter Sagan. Kanskje vi kan håpe at Boasson og Kristoff får være med også?

Siste etappe på Korsika er fra Ajaccio til Calvi nord på øya. No skal ryttarane være på den motsatte kysten av to dagar før, og det er også her lagt inn nokre småpkneiker som kan få bort dei meir reindyrka spurtarane. Totalt 145 km, og fire kategoriserte stigningar, ein kat 4, ein kat 3 og to kat 2.  Den siste kat 2 stigninga har topp 13 km. før mål. og her vil Cannondale garantert sette av Cavendish, Goss, Kittel og Greipel slik at Sagan vil vinne igjen.

Omsider skal vi over på fastlandet, og vi er komen til fjerde etappe. Dette er i Nice, byen med faste båtturar til Korsika. Og vi startar på fastlandet med ein lagtempo, 25 km. med start/mål på Promenade des Anglais.
Prudhomme legg altså opp til adskillig kortare lagtempoetappar enn forgjengaren hadde. Da var lagtempoetappar gjerne på 70 km.
I.o.m. at etappa er såpass kort, så vil det ikkje bli så veldig store tidsdifferansar. Her vil det neppe skille meir enn maks to minutt fra beste til dårlegaste lag. Kven vil vinne?
Nja, Garmin kanskje? Sky? Det kjem sjølvsagt an på vær og vind, men eg gamblar på at Sky tek denne. Og dermed får vi Boasson i gult, for han har nemleg komen med feltet inn dei tre dagane på Korsika:-)
Lagtempo er spektakulært å sjå på. Det går fort, og eit veldrilla lagtempolag er imponerande å følge med på.

Etappe 5 og 6 ganske flate etappar som eg finn heller kjedelige. Nesten garanterte massespurtar, men vi kan jo håpe at vinden kan spele ei rolle? Sidevindskøyring er taktikk på høgt nivå, og den samanlagtfavoritt som er sløv her, kan faktisk tape heile touren.

Eg har heller ikkje enorme forventningar til etappe sju, sjølv om her er eit par kat 2 stigningar. Den siste er over 100 km. før målgang i Albi. Antaglegvis massespurt her også.

Men laurdag 6. juli, dvs. samme dag som vi skal sykle Sognefjellsrittet, så vert det garantert ingen massespurt. Feltet er no kome inn mot Pyreneane, og da kan det skje litt av kvart. Rytmen i feltet blir heilt annleis, og vi får vite kven av samanlagtfavorittane som IKKJE kjem til å vinne.
Etappa er på totalt 195 km. og har målgang oppe i Ax 3 Domaines. Dette er den første 1. kat stigninga i årets tour, 7,8 km. med 8,2% stigning i snitt.
Men det er berre avslutninga. Før dette har dei nemleg vore over HC-stigninga Col de Pailheres. Denne er 15,3 km. og stig jamnt og trutt med ein snittprosent på 8. Toppen her er berre tre mil før målgang, så denne dagen vert viktig.
Skal vi satse på at Joaquin Rodriguez vinn? Trur ikkje avslutninga er skarp nok til han, men vi kan jo
ikkje tippe Froome og Contador kvar gang det er toppavslutning heller.

Neste etappe er også i Pyreneane, og kunne vore eit fyrverkeri. Men ASO har her gjort det samme som irriterer meg år etter år: Dei øydelegg ein potensiell kanonetappe med å legge målgang tre mil etter siste topp. For toppar er det denne dagen. Fire 1. kat stigningar, og ein 2. kat burde sørge for ei viss spenning. Istaden får vi eit utbrot, med ubetydlege samanlagtryttarar, som vil gjere opp seg imellom. Hovedfeltet, der alle favorittane sit, vil ta det med ro, for det er jo tre mil fra siste topp til mål...
Knappe 170 km. skal dei gjennom denne dagen, og som sagt kunne dette vorte ei avgjerande etappe, men slik som det er nå: Neppe.
Og det er litt kjedeleg. Slik meiningslaus bruk av gode fjell har det vorte litt for mange av dei siste åra.

Så er vi ferdige med Pyreneane for i år.
Nå står ei flat etappe for tur, 193 km. oppe i Bretagne. Kanskje kan litt vind skape litt spenning??

Spennande vert det iallfall neste dag, da står nemleg 33 km. tempo på menyen. Tony Martin kjem sjølvsagt til å vinne, men samanlagtfavorittane må her vise kva dei vil. Froome er ein habil temporyttar, men for øvrig vert det neppe så enorme tidsdifferanser her, 33. km. er da tross alt ikkje såååå langt.

Vi er komne til etappe 12 og 13 som er typiske transportetapper, og anten vert det massespurt, eller muligens eit brot kan holde heilt inn.  Etappane er på h.h.v. 218 og 173 km.
Gidd ikkje bruke meir tid på desse.

Etappe 14 har "utbrot" skreve over heile seg.  191 km, og med klassikarprofil, dvs. ei rekkje små stigningar som sjølvsagt er altfor korte til å riste av seg ein samanlagtfavoritt, men som er tøffe nok til å sette av dei reine spurtarane. Målgang i Lyon, for øvrig for 16. gang i Tourhistoria. Sju kategoriserte stigningar, og ellers ei rullande løype denne dagen.

Og så, etappe 15. Flatt mykje av dagen. Berre nokre 4. kat og ein 3. kat etter 143 km. av dei i alt 242 km. som ryttarane skal tilbakelegge. Det er den franske nasjonaldagen, og heimeryttarane vil gå amok for å vinne, for om det er flatt mykje av dei første 20 mila, så er avslutninga den kanskje tøffaste i årets tour, nemleg 20 km. opp til Mont Ventoux. Fra 330 m.o.h til 1912 m.o.h. på knappe 21 km.
Dei siste kilometrane er i månelandskapet på toppen. Her er det ikkje ein busk, kun forblåst fjell og stein. Og garantert vind.
Det vil spennande å sjå om brotet kan holde unna favorittane heilt til mål, slik som dei gjorde sist det var målgang her, i 2009. Garate slo Tony Martin i ein tomannsspurt og redda den gang heile touren for Rabobank. Det blir garantert ikkje noko stort felt som kjem samla til topps, og gruppettoen vil tape eit kvarter på dei siste to mila.

På etappe 16 vil vi så smått nærme oss Alpane, men hold an eit par dagar til. Før den tid er det 168 km. inn til Gap, med tre kat 2 stigningar. Den siste har topp 8 km. før mål, og nedstigninga er ein smule teknisk, så her kan dyktige nedoverryttarar dra fordel. Nå er ikkje Nibali og Samuel Sanchez med, ellers så hadde dei garantert tatt sjansen her.
Tippar at eit brot held inn. Og at Robert Gesink ramlar.

Ny tempo neste dag. Denne gang med to innlagde 2. kat stigningar, over totalt 32 km. Altså ingen utprega tempoetappe for spesialistane. Hvis Tony Martin ikkje er heilt tom etter å ha drassa på Cavendish dei siste dagane, så vinn han vel her også.

Så er det endeleg klart for Alpane, og på den 18. etappa var det kanskje på tide?
Avslutning på Alpe d`Huez, som rett nok er ein tøff stigning, men det fins langt verre fjell i både Giroen og Vueltaen.
I år skal dei opp her to ganger. Det er første gang det skjer, og på denne 168 km lange etappa skal dei også over tre 2. kat og ein 3. kat stigning.
Ein ting er sikkert: Her blir det ENORMT med folk. Vi snakkar fleire hundretusen opp til Alpe d`Huez. Får håpe arrangøren har satt opp nok gjerder.....
Og forresten vil Contador vinne denne dagen.

Etappe 19 byr på to HC-stigningar på dei første åtte mila. Dei første ryttarane, dvs. Marcel Kittel, vil falle av alt opp til den første, Col de Glandon. For gruppettoen er det berre snakk om å komme i mål innafor tidsgrensa, noko som kan bli travelt nok dersom du dett av i det første fjellet. Col de Madeleine er topp nr. to, men turen går ikkje vidare til Galibier dette året. Det er nemleg ein kat 2, og to kat 1 stigningar som ventar seinare på den 204 km. lange etappa. Den siste stigninga, 1. kat fjellet Col de la Croix Fry, har topp ti km. før mål nede i Le Grand Bornand.
Tippar Igor Anton vinn, men det er verkeleg eit skot i mørket....

Har Prudhomme spart det beste til slutt?
Etappe 20 er berre 125 km. lang, men på dei første fem mila er det fire kategoriserte stigningar. Sidan etappa er såpass kort, så vert det garantert liv og røre fra start av. Og på dei siste seks mila ventar ein 1. kat stigning, og eit HC-fjell, den siste er opp til Annecy-Semnoz, med målgang på toppen.
Her vil touren 2013 bli avgjort, om det så ikkje har skjedd før.
Og tidsgrensa får vi håpe blir overholdt denne dagen. Likar lite at ryttarar som kjem inn etterpå, likevel får starte neste dag.

Siste dagen er paradetur inn til Paris, der det er fotosessions og sakte sykling heilt fram til rundløpa i sentrum. Der går det avsindig fort, og dei lag som ikkje har gjort noko vesen utav seg så langt, vil iallfall prøve det her.
Dei siste åra har Cavendish vunne her, og det er vel ikkje noko bombe om det skjer enda ein gang. Så sant han har holdt seg innafor tidsgrensa dagen før....


Så langt om etappane.

Neste kveld skal eg ta for meg lag og samanlagtfavorittane.

tirsdag 11. juni 2013

Kort

Av og til, faktisk veldig sjeldan, kan ein sykle i kort trøye. Utan å fryse.
Slik som i kveld.

Seks mann på tur til Gjerde, der vi tok ein velfortjent pause.
Fantastisk vær, sol (men køyrde i ein del skugge), vindstille, varmt og godt.

Det er slike dagar ein ventar på heile vinteren når ein gampar på i spinningsalen. Eller når ein trakkar på innover langs ein islagd fjord i april i fire pluss og plaskregn.
Alt dette er gløymt nå.

mandag 10. juni 2013

På sykkeltur til Leirdalen

Dersom ein har lite tid til overs (og det har ein stort sett), så er det eit godt alternativ å sykle oppi Leirdalen ein tur. Det tek ikkje så lang tid, og ein får slite ganske bra på den korte tida.
Ein tur opp dit, og ned att, er gjort på halvannan time, og det er bedre enn ingenting. Mykje bedre faktisk, for sjølv om det er under 15 km. opp, så er det ein heil del høgdemeter som skal forserast.

Eg har tatt to turar opp denne våren, ein gang åleine, og i går saman med ein av mine sykkelvenner.
Første gangen kunne eg hatt behov for ein ambulanse oppi bakkane, og det var ikkje så mykje lettare i går heller.

Fra Leirmo og opp til dei siste husa stig det ca 300 høgdemeter, på litt over tre kilometer. Snittstigninga blir da på i underkant av 10%, noko som ikkje er heilt grusomt, men dei tørre tal fortel ikkje alt.
For her er det strekningar som er bortimot flate, og på slutten stig det knapt 3-4 %.
Det betyr at det må være brattare andre plassar, og det er det. til gangs.

Det er første halvannan kilometeren som er verst. Utan at eg har målt nøyaktig, så vil eg tippe denne biten til å ha ein snittprosent på 12-13. Og det er tungt for gamle feite menn.
Vegen er smal, og det er altfor få hårnålssvingar som ein kan få slappe av ein smule, faktisk berre ein før den nye vegomlegginga fra nokre år tilbake.

Men opp kjem ein alltids, det er berre det at det er så tungt, og det går så seint....


Tidlegare har vi gjerne køyrt inn til dammen, slik at vi kan få enda nokre bratte kneiker. Vi har skippa dette sålangt i år, for min eigen del er det hestar og kyr i området som gjer at eg helst vil unngå turen. Hestar er skumle.

Men når ein er komen opp, så er det i det minste moro ned att. Berre pass på at bremsene virkar. Godt. Og at det kan være litt fin grus i einskilde svingar.... Ja, og så er det høgt ned utanfor rekkverket einskilde stader. Veldig høgt.





LustRabalder

Fort det går ei helg.
Og i Parken har det vore ei hektisk helg vil eg tru.
Der var det nemleg rabalder både fredag og laurdag. Slikt musikkrabalder som vart arrangert i fjor for første gang.

Hyggeleg at arrangørane tok på seg å lage rabalder ein gang til, no med kanskje enda bedre program???

Var i grillbua på fredag, som ein del av den årlege dugnadskvelden.
Som vanleg åt folk som hestar når det nærma seg natta. Vi var fem stk. som jobba på høggir ein periode, men det gjekk rimeleg greit.

Musikken var for meg stort sett ukjent, men eg fekk iallfall med meg at ein svensk gjeng med lokalt innslag var på scena. Kanskje ikkje det enorme publikumet akkurat da, men dei hadde iallfall ein låt som heitte Youngblood, og som minna meg om Gluntan sin "Trondhjæm Trondhjæm at æ reist i fra dæ".

Det var iallfall full fyr da Sirkus Eliassen var på scena. Ja, og så fekk eg med meg ein sang om ein supernova. Men har ingen aning om kven som sang.

Dette er nemleg aberet med å grille: Ein får liksom ikkje ta så mykje del i det som skjer på scene og blant publikum.
Uansett; Det viktigaste var at det var brukbart vær, masse folk og god stemning.

Laurdag kveld skulle headliner Plumbo avslutte heile gildet, og eg vart sendt ned denne kvelden også.

Etter å ha stått i grillbua i fem år(dog ikkje samanhengande...), så var det på tide å prøve noko nytt, så kvifor ikkje  være scenevakt??

Som sagt, så gjort. Saman med andre av bygdas fremste(?) kvinner og menn skulle vi gjere scena trygg for artistane. Nå var det faktisk høve til å få høyre litt musikk også, samt sjå på stemninga.
Som forventa vart det ein del folk i ølavdelinga, noko som kanskje ikkje er så rart, og som skuldast eit molboregelverk av ei anna verd. Men det skal vi komme tilbake til.

Første innslag på scena, framfor ein tom sal,var dei lokale representantane i forsterka utgåve.
Både slekt og nabolag var med, og fin fengande musikk med eigen vri. Folk kom det også etterkvart. Ein hyggeleg time var det.

Neste band vart den første positive overraskinga denne helga, nemleg Tyyl fra Sogndal. Gitarbasert eigenkomponert (så vidt eg oppfatta det) rock som eg fekk verkeleg sansen for. Imponerande forestilling framfor lite folk, men dei som var der likte openbart det som skjedde.
Full guffe heile tida, og desse skal eg få med meg meir. Verkeleg bra var det.
Einaste aberet var at eg nesten ikkje forstod eit ord av det som vart sunge, det var jo sogndalsdialekt må vite. Musikken var uansett kanon.

Og så, Plumbo. Har hatt ei forestilling om at dette er eit slags rølpeband, og det er det kanskje. Men folk var tidleg framfor scena for å få ein god plass. Det nye sikringsgjerdet var veldig bra, og det var ingen fare for at noko ille skulle skje. Det einaste måtte være at ein eller annan ramla over til oss, eller at det vart trangt på nokon.

Og rølpemusikk var det kanskje med refreng som gjekk på drikking og bilar, og generelt lett gjenkjennlege tema for publikum.
Plumbo har hatt ein hit i Møkkamann, og den kom som ekstranummer. Da hadde dei holdt på i nesten halvannan time, og da var det bra kok i salen.

Plumbo vert kanskje sett på som eit harryband av nokre, kanskje spesielt sine musikarkollegaer. Men dei fortjener ros for si framferd i Parken denne kvelden, iallfall så vidt eg har fått med meg. Etter konserten så kom dei ned til oss framfor scena, og småprata med publikum. Eit glass vin i handa og hyggeleg avslappa prat med fansen, samt at nokre fekk komme inn på det grønne rommet utpå natta. Her i huset er vi t.d. dei stolte eigarar av skjorta til vokalist, gitarist og frontfigur i bandet. Samt ein del bilder såklart. Det er jo ikkje kvar dag vi møter rockestjerner, den siste var Hanken i Turboneger sommaren 2009. Har bilde av det og :-)

Plumbo vart dermed den andre store positive overraskina denne kvelden. Deira framferd til fans kan tjene som eksempel for mange band. Da føreset eg at det ikkje har skjedd noko som eg ikkje veit om. Våre to ungdomsrepresentantar i huset var iallfall veldig nøgde kl. 0300 om natta.


Så må vi gi litt skryt til dei som står bak dette.
Det er antaglegvis masse arbeid som vi ikkje ser, berre det å få tak i alle artistar må være ein kjempejobb.
Forhåpentlegvis har arrangøren eit overskot etter helga også, og vi kan kanskje byrje å glede oss til neste Rabalder??

Til slutt nokre ord om ølserveringa. Gudbedre for noko tull. Her må publikum betale for å komme inn på eit lukka område, for så å måtte inn på ENDA eit lukka område for å kjøpe øl eller cider. Det blir som å være delvis levande eller litt gravid: Anten serverer du alkohol, eller så kan det kuttast ut. Og mitt forslag er: Ølservering over alt inni Parken. Det er ingen problem å kontrollere kven som kjøper, og dersom ein eller annan underårig får i seg Parkenkjøpt alkohol? So what. Dei drikk jo som svampar utanfor Parken, rundt omkring i busker og hagar.

Eit latterleg regelverk som må være påkomme i byråkratisk tåketenking. Spesielt med tanke på at det under Sogn Gamaldansfestival er ølservering på heile området. Forstå det den som kan.

onsdag 5. juni 2013

Du skal ikkje stjele sykkelen min.

I gamle dagar, dvs. på 70-talet, hadde vi eit fag på barneskulen som heitte "Bibelsoge".
Det historiske aspektet med kart og greier syntes eg var litt spennande, men det åndelege greiene fall på steingrunn. (Eg var 10-12 år og hadde sett måneferd på TV)
På den tid var ein del av undervisninga at vi skulle lærast opp i Den Rette Tru, som jo var slik som lærarane sjølve hadde lært, ca. 100 år tidlegare.
Bl.a. skulle vi pugge dei ti bod, desse påboda som Moses fekk på Sinaifjellet hvis eg ikkje hugsar heilt feil.
Dei tre første boda skulle være om Gud, medan dei sju siste var om vårt tilhøve til andre menneske, "Du skal ikkje slå ihjel" og slike sjølvsagte ting.
Forutan desse påboda skulle vi pugge tolkinga av boda, nemleg dei etterkvart berykta "Det er:"

Og dette måtte vi kunne. På rams. Men vi pugga også salmevers, noko som eg heller ikkje har hatt så mykje nytte av i ettertid.

Nåvel.

Dei ti boda bør supplerast med eit nytt.
Årsaka er den fantastisk morsomme statusen eg såg ein av mine FB-venner hadde her ein dag.
Vedkommande var åpenbart ein smule.....øh....indignert (?).... over at ein eller anna sullik hadde reist med sykkelen hans/hennar.
Sykkelen vart seinare funnen att.
Eg oppdaga denne statusen i går, og måtte le godt.

Så derfor vil eg føreslå eit nytt bod, dog ikkje i steintavleform, men på eit såkalla sosialt nettverk:

"Du skal ikkje stjele sykkelen min"
Det er: Du skal lata andre sine syklar stå i fred, og ikkje røra ved dei, eller burtta dei, eller på noko vis gjere sykkelen skade. Likeeins skal du halde din eigen sykkel fri for støv og rusk, og du skal nytte sykkelen din så ofte du kan, slik at du kan ha det godt og får leva lenge i landet.


Så det så.
Sykkel er viktig.

Prøve...

Etter utallige oppfordringar vil eg prøve ein ny plattform, igjen.
Prøvde wordpress for nokre veker sidan, og det vart for knotetet for ein enkel sjel.

Blogg.no er prega av rosablogging, og er derfor litt utanfor det eg driv med....

Så eg er tipsa om blogspot, så får vi sjå om dette funkar.