fredag 15. januar 2021

"1917" - Filmomtale

 Bedre seint enn aldri. Nesten to timar drama fra første verdskrig, omsider fikk eg somla meg til å sjå den britiske storfilmen 1917.
Laga i 2019, og kan finnast på noko så enkelt som TV2Sumo i dag.


Alle har sett filmar med handling fra andre verdskrig, men dei færraste av oss har vel eigentleg noko særleg kjennskap til den første store krigen, no over 100 år seinare.
Imidlertid har vi fått viktige bidrag seinare år, bl.a. i form av Peter Jacksons "They shall not grow old", og dersom du vil vite litt meir om denne meiningslause skyttergravskrigen, så kan den franske TV-serien "Apokalypse; 1. verdenskrig" anbefalast. Den er i fem delar, og ligg ute på NRK sine nettsider.

Men tilbake til 1917, filmen altså.

Handling:
To unge soldatar, visekorporalar no less, vert henta inn av ein britisk general. Den eine av dei to er flink til å lese kart, og nå må han og kameraten utføre eit svært viktig oppdrag. Dei må nemleg varsle ein oberst om at avdelinga hans for all del ikkje må angripe til tidlegare angitt stad og tidspunkt, da det heile er ei felle som tyskarane har laga. Hvis dei ikkje får gitt beskjeden i tide, så risikerer dei at heile avdelinga på 1600 mann går tapt, deriblant kartlesarens bror.
Dei to unge soldatane har såleis eit stor og viktig oppgåve føre seg.

Med papir og kart på plass begir dei seg ut på den mildt sagt farlege ferda. Dei må gå igjennom nærast uutholdlege prøvelsar, i form av miner, underjordiske eksplosjoner, tyske soldatar, rotter, og ikkje minst; Eit totalt øydelagt landskap, overstrødd med ihelrivne soldatar og dyr, eit sant "hell of the north".


Det skal ikkje seiast om oppdraget vert utført her og nå, men det som vi derimot MÅ nevne er filminga.
Den er superb.
LAAAAAAANGE takningar, slik at det ser ut som heile filmen går i kun to deler, med samanhengande filming heile tida. 
Kontrasten fra opningsscena, der vår eine visekorporal nyter ei fredleg stund, og fram til dei eine pausa i kameraføringa som er registrerbar, ein time seinare, er noko av det beste eg har sett på film.
Rett og slett briljant laga.

1. verdskrig må ha vore eit sant mareritt for dei mange ungdommane som vart sendt ut som kanonføde. Gamaldagse taktikkar mot moderne våpen medførte eit ufatteleg blodbad. I over fire år låg millionar av menn og skaut på kvarandre i skyttargravene i Nord-Frankrike og Belgia, under tilhøve som vi ikkje hadde satt husdyr inn i nå til dags.
1917 skildrar på ein heilt unik måte kor ille dette må ha vore, klaustrofobisk, blodig, meiningslaus krig.

Nesten to timar lang altså, men dette er ein av dei desidert beste krigsfilmar eg har sett. Eit must for einkvar filmnerd.





"The Lighthouse" - filmomtale

 Sidan det akkurat har vore jul, nyttår og greier, så har mange kveldar og netter gått med til diverse filmar som skulle vore sett før, men som ein ikkje har fått tid til før nå. Det er jo vinter må vite. 

Den kritikarrosa grøssaren "The Lighthouse" fra 2019 er ein av desse, funnen på Viaplay nå i romjula.



La det være sagt med ein gang; Sjølv om dette er ein kritikarrosa film, så er det lysår fra å være ein film for kven som helst. Ein må antaglegvis ha meir enn middels interesse av film for å finne underholdning i denne. 

Handling:
Vi skal tilbake til byrjinga av 1900-talet, da det framleis var haugevis med bemanna fyrtårn rundt om i verda. På ein slik forblåst og værhard utpost, utanfor kysten av New England, vert vi kjent med den gamle, og langt fra hyggelege forvoktaren Wake (Willem Dafoe). Wake har vore på denne vesle øya som fyrvoktar i mange år, og skal no ut att på post. 
Med seg får han ein tidlegare tømmerhoggar, Winslow (Robert Pattinson), som hjelpar. Wake hundsar og nærast plagar den yngre assistenten sin dei første dagane, som bit det i seg, da dei tross alt berre skal være der nokre veker.

Dagane går, Winslow utfører den ein drittjobben etter den andre, men får til slutt ein smule anerkjenning av den gamle, sure mannen.
Dei største problema oppstår imidlertid når vannforsyninga stoppar opp, grunna hauger med døde måker i vanntanken. Kva må dei gjere da? Jo, drikke sprit.
I stadige uvær, og med eit etterkvart enormt alkoholkonsum, byrjar forstanden å spele dei to det eine pusset etter det andre. 
Og ikkje puss som i hyggelege spøkar mot kvarandre. Nei, dette er eit dykk ned i galskapen.


Over 100 minuttar, med omtrent berre to personar, i kvadratisk filmformat, og svart/kvitt, kan det bli noko tess?

Joda, det kan det. Skodespelarane gjer ein praktprestasjon. Dei drikk sprit som gale, med null tanke på alle dei uhyggelege konsekvensar det kan få (og får). Isolasjonen, uværet og fantasien fører dei enda fortare mot avgrunnen, og på toppen får vi gamle sjøfolks overtru.

Filmen er oppgitt å være eit psykologisk horrordrama, og ein meir passande beskriving skal være vanskeleg å finne.
Kombinert med dei nevnte skodespelarane, i knallform, så fortjener denne ein femmar. Vel verdt å gi "The Lighthouse" ein sjanse, hvis ein ikkje skal på ei avsidesliggande hytte med kompisen og masse drikke i næraste framtid da.







"Breslaus plager" - filmomtale

 Etter å ha humra meg igjennom min først polske skrekkfilm for nokre veker sidan, så fikk eg også ta sjansen på enda ein av sorten, "Breslaus plager" fra 2018.
Dette er den norske tittelen, slik som den ligg på Netflix, den polske originaltittelen vil eg ikkje eingang forsøke å skrive, enda mindre uttale.


Filmen skal visstnok være (svært) laust basert på ei samling krimromanar, og "Breslau" henviser til det gamle navnet på byen Wroclaw. For nokre hundre år sidan skal området ha vore åstad for ei rekkje groteske drap, og desse skal da ha vore ein slags inspirasjon til ei moderne utgåve, som ein eller annan luring har funne ut kunne være god(?) filmunderholdning.

Handling:
Vi vert kjent med etterforskar Helena Rus, som er alt anna enn ein A4-politi. Ho har sine eigne utfordringar her i livet, er eigenrådig, og arbeider på ein avdeling med komplett uduglige politifolk. Spesielt er leiaren, ein statsadvokat, mest oppteken av å ta selfies og å komme på TV, såsant han ikkje smugdrikk vodka.

Midt i dette lite motiverande miljøet dukkar det opp eit underleg drapsoffer; Ein mann vert funnen død, innsydd i eit okseskinn. Dette skjedde medan mannen var i live, og som ein ekstra bonus så fekk han svidd inn bokstavar i huda, deretter kvalt i innsydd kuskinn.
Så skjer det  eit mest like barbarisk drap neste dag, til samme klokkeslett. Til alt hell får Helena hjelp fra ein om mogleg enda meir uortodoks etterforskar fra Warzawa, og saman må dei prøve å finne ut kven den hensynslause drapsmannen kan være. Etter nitidig etterforskning, som varer i fleire minuttar, finn dei ut at det vil skje liknande hevndrap kvar dag resten av veka, til samme klokkeslett. 
Alle drap vert ganske så kjapt og kløktig kopla saman med middelalderdrapa som herja byen nokre hundre år før, derav filmtittelen, sant?


Og slik går no resten av veka. Det eine meir makabre drapet enn det andre. Maltrakterte lik som vert obdusert av kjeksspisande patologar og kjederøykande politifolk som tek selfies med nevnte maltrakterte lik. 

Joda.

Dette er ikkje filmen som skal redde kloden. Knapt nok kan den redde noko som helst, utanom at vi kan få med oss nokre oppfinnsomme drap som ei slags underholdning på ein januarkveld.
Faktisk var eg på nippet til å gi filmen ein skral toar på terningen, fram til ein småfiffig plot-twist på slutten heva filmen ein hakk.

INGENTING i denne filmen har eit snev av å framstå som truverdig eller sannsynleg. Politifolka er dumme som brød, med eit unntak av Helena. Til gjengjeld ser ho ut som, og oppfører seg som alt anna enn ein lovens utøvar.

Er det ein god film?
Nei.

Ingenting er skummelt. Kun usannsynleg groteske og oppfinnsomme drap hevar dette opp fra gjørma, saman med  den nevnte plottwisten. "Breslaus plager" er ikkje utan underholdningsverdi, men hjernedødt er det jo. Til dei grader.

Så, hvis du liker heilt blåste og grotesk krimrør fra Polen, så da er dette noko for deg. For den meir "normale" filmtittar; Styr unna.

Ein svak trear, kun berga grunna slutten.







mandag 28. desember 2020

Lustrabakkar 2021

 Ja, da er 2020 snart fortid, og vi kan omsider byrje å tenke på alle dei flotte Lustrabakkane som ligg og ventar på oss som likar å sykle dei.

Seks nye bakkar er funne, og her kjem dei enklaste først, før eg avslutter med ein ekte godbit.


Nr. 6: "Bolstadvegen climb"
Ikkje den mest brukte bakken i kommunen, 72 forskjellige syklistar har tatt turen.
1,25 km, og 85 høgdemeter gir eit snitt på 6,8%, der det er brattast dei første 400 m, 10% i snitt, samt ein knekkar på slutten der vi kjem opp i 11%

Rekorden er satt i 2017 og lyder på 3:12.


Nr 5: "Høyheimsvik climb"
Våre aktive syklistar på Nes brukar denne som "morotrening" har eg forstått, så kvifor ikkje innvie den for oss andre også? Kun 17 syklistar har tatt turen til nå.
1,4 km, 150 høgdemeter, gir eit snitt på 10,6. Brattaste parti ser ut til å ligge på over 12%, lokalkjende får gjerne korrigere meg. 
Rekorden er fra 2015, 5:02.


Nr. 4: "Solvorn climb"
Vi må ha nokre bidrag fra dei ytre delar av kommunen også, og da velgjer eg ein av dei mest kjende og kjære, nemleg såkalla "Solvorn climb" (Ikkje spør kven som lagar navn på dei ulike segment).
2,85 km, og 185 høgdemeter gir oss eit snitt på 6,5%
Forøvrig har heile 481 syklistar testa seg her, og nokon kanskje litt meir enn andre??
Rekorden er fra 2020, og lyder på 7:15.
Bakken tør være såpass kjend for alle av oss, at noko meir detaljert er unødig.



Nr. 3: "Fruli - Krossen"
Denne går for det meste på god grusveg, og vil være mogleg å la landevegsdoningen teste seg på.
2,3 km, 200 høgdemeter, gir 8,6% i snitt. Litt ujamn stigning, der dei brattaste delane er på ca. 12%
100 syklistar har funne vegen opp hit, og rekorden er fra 2020 og lyder på 8:12.




Nr. 2: "Røneid - Jordamyrknubben"
Da har vi komne til ein langt meir krevande sak, opp Røneidsmarki. Det lokale namnet er Jordamyrknubben som endepost, eg anbefaler å granske segmentet ein smule på førehand.
Bakken er knappe fire km. lang, stig 392 høgdemeter, noko som gir eit snitt på 9,8%
Kun 11 personar har gidda å sykle opp denne grusvegen, som neppe er egna for landevegssykkel.
Rekorden opp er satt i 2016, og lyder på 21:31.
Brattaste parti nærmar seg 15% på det verste.



Nr. 1: "Fortun-Turtagrø-Tindevegen_1200 m"
Ein skikkeleg godbit til slutt altså. Ikkje la dykk lure av "1200", det er feil, det er kun namnet på segmentet som er viktig her.
Kanskje ein av landets tøffaste stigningar, vi skal opp 17,1 km, og heile 1253 høgdemeter. 
Snittstigning er på 7,3%, med parti på ca. 14%
123 personar har vore gale nok til å ta denne turen, og rekorden er på 57:41, satt i 2020.
Det høyrer med til historia at proffsyklist Carl Fredrik Hagen, antagligvis landets beste klatrar, brukte ca. ein time og 10 minutt på turen, men da var han også nesten oppe til Oscarshaug...etter å ha sykla fra Årdal og til Skjolden først....



















søndag 27. desember 2020

Seriesnakk, desember 2020/januar 2021

Oppdatert, 15.1.2021:

Tre nye seriar er ferdigkikka, ein kort omtale av dei høyrer med.

Den mest familievennlige først.

"Alice in Borderland", er ein japansk sci-fi thriller som kom ut på Netflix nå i desember. Totalt åtte episodar, der kvar av dei er på 45 minutt +/-
Serien bygger på ein japansk tegneserie, ein såkalla manga.



Vi møter gameren Arisu, som saman med to venner dreg ned til Tokyo sentrum for å ha det litt gøy. Denne verdensmetropolen er som vanleg full av folk, iallfall fram til dei tre gøymer seg inne på ein offentleg dass. Brått går lyset, og alt blir stille.

Ute i det til vanleg myldrande bylivet er nå ALT endra. Dei har havna inne i ei slags alternativ verd, der gaming-kunnskapane til Arisu er det som kan hjelpe dei vidare.

Basert på ein sann historie?

Neppe.

Men fantasifullt er det, til dei grader. 
Vi vert kjent med ein ei rekkje figurar etterkvart, men stadig med nevnte Arisu som hovedperson. Stadig meir avanserte oppgåver, stadig nye plot, og ikkje minst: Ein soleklar sesong to i vente.

"Alice in Borderland" duger som lettvint underholdning, men det er ein fordel å følge med ein smule. Og sjølv om dette kan være ein serie for dei i tidleg tenåra, så er den også brutal og skummel nok til å underholde dei litt meir garva også.

Eit greit tidtrøyte.



"Sweet Home"

Adskillig meir brutal og ikkje så passande for dei unge, er den sør-koreanske serien Sweet Home. 
10 episodar vart lagt ut på Netflix nå i desember, kvar på ca. 50 minuttar.
Her møter vi hovedpersonen Hyun-soo, ein deeprimert og suicidal ungdom i slutten av tenåra.
Han har mista resten av familien sin i ei bilulukke, og må flytte inn i ei ganske så forfallen bustadblokk i utkanten av ein storby. Husværet hans er lite, trist og dagane går for det meste med til gaming og å spise nudlar.

Alt vert imidlertid snudd på hovudet da byen, og verda forøvrig(?) vert ramma ein ein alvorleg sjukdom. Folk vert til ......monster. Ikkje slike små og hyggelege som i "Monsterbedriften", men ekle figurar i alle tenklege og utenklege variantar. Dei få overlevande må forskanse seg i blokkomplekset, så godt som det let seg gjere. 

Etterkvart viser det seg at det ikkje er berre monstra som er farlige.

Mest underholdande dei første episodane, da monstra var mange og fantasifulle. Etterkvart forsvant dei meir i bakgrunnen, og vi møter istaden dei vanlige bandittane.
Sesong to er nok også her på menyen.

Men som med Alice in Borderland; Grei tidsbruk og underholdning.



"Equinox"

Heimover igjen, til Danmark, og den overnaturlege thrilleren "Equinox". Seks episoder, kvar på ca 45 minuttar, utgitt på Netflix nå 30. desember.
Serien sin hovedperson er Astrid, som i 1999 mister storesøster si i ei mystisk bilukukke. Saman med resten av klassekameratane forsvant ho, og nesten alle dei andre som satt i bussen.
Hendinga har følgt med Astrid heilt fram til vaksen alder, der vi nå treffer ho igjen, som voksen gravejournalist med eige radioprogram.

Diverse hendingar gjer at Astrid tek fram dei tunge minna, og finn stadig ut meir om søstra si mystiske forsvinning.
Ei rekke hopp mellom 1999 og 2019, men merkleg nok er det ikkje vanskeleg å følge med. Dette er ein forholdsvis enkel og venleg sak, men også med mystiske og meir traumatiske hendingar innimellom. Ingen serie for dei aller minste av oss dette heller. 

Noko seier meg at vi også her vil få ein sesong to.

Heilt grei underholdning også her.



*********************************************************************


Snakk og snakk. Monolog da.

Tre nye TV-seriar nå i jula, og dei fortjener litt omtale.

Den første, The Stand, er på ni deler, og det er kun dei to første som er lagt ut enda. Det er HBO som har rettane til å sende her i landet.





Hvis du synes tittelen høyres kjent ut, og tenker "Hmmm...har eg ikkje sett denne før....?", så har du oppnådd fem poeng. The Stand er basert på Stephen Kings bok av samme navn fra slutten av 1970-talet, og  den vart omgjort til ein mini TV-serie i tre deler i 1994. Den var spennande og bra den gang, men eg såg den igjen for nokre år sidan, og den har IKKJE tålt tidens tann. 

Den nye versjonen derimot.. den ser kanon ut. Så langt.

The Stand tar for seg dei overlevande etter at eit farleg virus kom laus fra eit militært laboratorium. Det smittar lett, er svært dødleg, og minner først om ei slags influensa. Det er nesten nifst aktuelt, sjølv om vår dagsaktuelle covid-19 er svært snill samanlikna med Stephen Kings skrekkvirus.
99% av befolkninga døyr, og dei få overlevande må nå velge mellom det gode, eller onde. Altså, dei må velge side, "The Stand".
Det gode er representert ved ei 108 år gamal afroamerikanske dame i maisåkeren i Colorado, spelt av Whoppi Goldberg. Det onde viser seg i form av dongerikledde Randell Flagg, i Alexander Skarsgårds tolkning. Foreløpig ser svensken kuuuulast ut.

Dei to første episodane har vore knall, og eg ser virkeleg fram til å følge denne vidare. Nye episodar kvar torsdag. 



Neste serie eg følger med på er spanske 30 coins, også på HBO.
Normalt synes eg slike seriar blir litt teite, men vi gjer eit unntak her.
30 Coins har sålangt kome med fire episodar, av totalt åtte. Vi skal her til ein avsidesliggande spanske småby, der vi vert kjent med ein driftig veterinær, spelt av den alltid opplagte Megan Montaner. I den aller første scenen må ho bistå med ei kalving, som viser seg å være mildt sagt uvanleg. 
Som hennar partner in crime møter vi byens ordførar, og ellers har vi spart det beste til slutt, presten Vergara, som er sendt til denne landsbyen, nærast i eksil av den katolske kyrkja.




30 coins spelar på den eldgamle og ikkje akkurat hyperaktuelle myta om gnostisisme. Dette er eit sett av religiøse verdiar, gjerne som ei motvekt til det eksisterande. Eksempelvis betyr deler av Jesu kors mykje for gnostikarane, men det viktigaste av alt er likevel å få tak i dei 30 sølvmyntane som Judas fekk etter å ha svikta Jesus. Den som får tak i desse, vil nemleg tilegne seg stor makt. Kan den forviste presten ha noko å gjere med desse myntane tru?

Ein overraskande god serie, litt ekkel og overnaturleg. Nokre BØ!scener strategisk plassert, og ein dyrlege som alltid er nysminka og velstelt.
Etter fire episodar ser serien så lovande ut at denne vil eg ha med meg heile pakken av. Den er av såpass kvalitet at einkvar grøssarfantast bør finne denne underholdande.



Da skal vi til tredje og siste serie i denne omgang, den går også på HBO, kom ut nå i høst, men siste episode kom ikkje på nettet før nå i jula. 
Vi snakker om Raised by wolves, ein sci-fi grøssar plassert eit par hundre år fram i tid, og vi skal til den jordliknande planeten Kepler 22b. 




Kepler 22B er ein eksisterande eksoplanet, som det potensielt KAN være liv på. Den ligg nokre hundre lysår borte fra jorda, men det har likevel ikkje hindre oss i å sende menneske dit. Iallfall ikkje på film.
Hit kjem så eit romskip fra jorda, med sitt androidemannskap "Mother" og "Father", samt nedfrosne spirer som skal forhåpentligvis bli til ekte barn ein dag.
Kvifor reiser dei hit? Jo, jorda er øydelagt etter ein langvarig religionskrig med ateistar og tilhengarane av guden Sol. Planeten vår er derfor ikkje beboeleg lenger, og nokre få overlevande har altså klart å karre seg til Kepler 22B, for kanskje kan dei klare seg der?

Men livet på framande planeter kan være hardt. Klimaet er tøft, biologien er mildt sagt skral, og det som skulle bli seks barn, er til slutt kun ein oppegåande gut, samt dei før nevnte androidane. 

Dramaet går mot nye høgder da det nærmer seg nye, og adskillig større koloniskip fra jorda, denne gang befolka av tilhengarar av guden Sol. Det skapar snart konfliktar, ettersom androidane og borna var utsett til å leve ateistisk.

På den karrige delen av planeten, skal desse svært motstridande kreftene holde hus, alt medan det dukkar opp indisiar på at planeten kanskje ikkje er så død likevel....


I utgangspunktet syntes eg dette var ein døll serie, iallfall det første kvarteret. Men den tok seg kollosalt opp. Kepler 22B ser ut til å være ein plass ingen vil flytte til, frivillig, og mykje av utendørsscenane er innspela i Sør-Afrika. Gode CGI-effektar hever serien enda meir.

Men det som verkeleg hevar Raised By Wolves fra den grå massen, er framstillinga av "Mother". Aldri før har vi vel sett ein slik androide, her spelt av danske Amanda Collin. Øm, omtenksom og kjærleg i det eine minuttet. Ei formidabel einmanns krigsmaskin i det neste.

Ein serie som er dyster, litt nifs og ganske så truverdig, merkeleg nok. 
Anbefalast på det sterkaste!

Ein knallsterk




torsdag 17. desember 2020

Paranormal - serieomtale

 Av alle sære filmar og TV-seriar ein skulle havne borti, så var vel ein egyptisk grøssar, plassert på slutten av 1960-tallet, noko av det siste ein skulle bruke TV-nettene på. Serien er basert på ein bokserie, og eg kan nesten garantere at det kjem ein sesong to, såsant Netflix gidd. 



Den seks episodar lange saken, fra 2020, og gitt ut på Netflix nå i november var mitt første møte med film/TV fra dette på mange måtar urgamle og mytiske landet. I utgangspunktet ville eg berre teste det ut, men eg kom igjennom alle seks episodane forholdsvis greit, og med eit positiv inntrykk, dog med einskilde glippar her og der.

Handling:
Vi møter akademiker Refaat, ein kjederøykande  professor på universitetet, som kjenner seg.... ja....mislykka. Det burde han imidlertid ikkje være, for han har ei ung og vakker trulova, ein god jobb, og nyter stor respekt som den vitterleg kloke mannen han er. 
Men han synes sjølv han er uheldig i det meste han føretek seg.

Ekstra "flaks" blir det når han treff att Maggie, sin gamle flamme fra studietida i Skottland. Ho har openbart interesse av å bli bedre kjent med Refaat, men med sin vanlege "flaks", så klarer han vel neppe å ro det i havn? Han er jo trulova og alt mulig.

Førebels høyres dette ikkje så veldig grøssande ut, men det skal ikkje så mykje til for at så skjer. Egypt har ein svært lang og rik historie, med pyramidebygging og avanserte samfunnsstrukturar samstundes som dei første nordmenn budde i grotter. Utfra dette rikholdige arkivet er det også ein del mystiske og skremmande fenomen som skjuler seg, gjerne i Refaats eigen fortid, eller i hans nære omgangskrets.

Vi får bl.a møte dritekle og smånifse barnespøkelser, mystiske og onde skapningar, heile tida kopla opp mot Refaats eige liv, kombinert med  stadige tilbakeblikk.

Serien er plassert på slutten av 1960-talet, med stadige truslar fra krigsmaskina i øst, Egypts næraste nabo og erkefiende på den tida. Men vi får også være med til mellomkrigstida, og endatil på byrjinga av århundret for å få klarlagt dagens hendingar.

Er det ein god serie?
Tja, slett ikkje verst faktisk. Superskummelt var det ikkje, men det å få eit slags innblikk i ein heilt anleis kultur var meir givande enn ein skulle tru. Dette er milevis fra glossy Hollywood-produksjonar, og eg veit ikkje kor stort budsjett serien har hatt, men det såg for det meste ganske greit ut. Motebildet og dei små samfunnsglimta vi får sjå, ser truverdige ut. Refaat røyker som ein gal, noko jo stort sett alle menn gjorde på 1960-talet. Det høyrer da også med til historia at skodespelaren, Ahmed Ahim, ikkje røyker til vanleg, og måtte lære seg dette....

Det som IKKJE ser bra ut er dei få CGI-effektane, spesielt i episode tre. Kvar episode har kvart sitt møte med eit fordums mysterium, og er knytta saman på eit vis, men i episode tre, går det skeis. Eit i utgangspunktet spennande plot blir øydelagt av eit "monster" som ser like truverdig ut som ein snøball i Sahara. Samanlikninga er ikkje tilfeldig, da denne episoden føregår for det meste i Sahara.

Men dette er likevel unntaket.

Stort sett fungerer Paranormal greit. Ja, det fins nokre BØ!-scener her og der, men mest ei slags kjensle av noko udefinertbart og ukjent, vi snakkar tross alt om totalt ukjend filmlandskap her. 

Var det verdt tida eg brukte på det?
Ja, det vil eg da sei. Eg innser jo at egyptisk grøss og gru kanskje ikkje har det største publikummet for dei som leser denne bloggen, men for meg var det interessant å få sjå noko nytt, og ikkje minst; Totalt anleis enn det vi får servert fra i første rekkje USA.
Så, hvis du er ein smule film og TV-nerd, så kan dette anbefalast. Hvis du derimot synes at Hollywood er dei einaste som produserer kvalitet her i verda, så vil du slite BIG time.

Kva var bra?
Paranormal var noko heilt nytt og faktisk litt lærerikt.

Kva var dårleg?
Dei før nemnde CGI-effektane i episode tre. Jøssenavn...




torsdag 10. desember 2020

The Call - Filmomtale

 I mørketida må ein få dei altfor lange kveldane til å gå på eit slags vis. Og ein god måte å fikse kveldshyggen på, er å sette i gang Netflix for å sjekke om det skulle være noko spennande der.


Enter: The Call, Sør-Koreansk grøssar med hint av det overnaturlege, og som tittelen fortel oss; Gjennom ein telefon.



Denne 110 minuttar lange saken er ein nyinnspeleing av ein britisk/puerto ricansk grøssar fra 2011, som eg ikkje har sett.
Vi er slett ikkje ukjende med nyinnspelingar, men det pleier liksom å være motsatt veg; Asiatiske filmar som blir laga på nytt i USA.
The Call kom ut på Netflix nå i slutten av november, men var ferdig alt i 2019. Grunna covid-19 har kinodistribusjonen vore heller skral, så da det baud seg ein sjanse på strømmegiganten sine vilkår, så vart det omsider høve for folk å få ein titt.


Handling:
Vi skal til det herrens år 2019, der vi møter 28 år gamle Kim som mister mobiltelefonen sin etter eit besøk hos si mannevonde mor. Mora er enke, og av skral helse, og mor/dotter-forholdet er mildt sagt haltande.
Kim reiser heim til deira tidlegare så staslege hus, som no har stått tomt i mange år, noko det ber preg av.

Utan mobiltelefonen har ho inga kontakt med omverda, men i det gamle huset kjem ho over ein slik bærbar fasttelefon som gjerne fantes rundt om i heimane på slutten av 1990-tallet. Dette var jo før alle hadde sin eigen mobiltelefon.
Denne gamle telefonen virkar faktisk, og det er endatil nokon som ringer i den også!

Telefonane er av det svært merklege slaget til å byrje med, og Kim blir nødt til å finne ut kvar, eller rettare, NÅR desse telefonoppringingane kjem fra.
For, og dette er den småmorsomme tvisten her, oppringaren er ei fortvila jente fra.... 1999.....

Dei to vert etterkvart bedre kjent med livet til kvarandre, og oppdagar, nærast ved eit tilfelle, at framtida kan endrast. Ikkje berre framtida heller, nåtida også. Det gjeld berre å utføre dei rette og (U)ønska handlingane i fortida.
Og som vi alle kan tenke oss: Det kan koste dyrt å fikle med tida.


I motsetnad til andre asiatiske grøssarar og skrekkfilmar eg har sett, så er vi forskåna for meir eller mindre truverdige monster fra verdsrommet, forhistoriske og forvokste dinosaurar fra det indre av jorda, eller spøkelser fra loftet.
Nei, dette er langt meir jordnært, til tross for elementet med 20 års forskjell i tid. Ein skulle også tru at dette kunne bli forvirrande og uoversiktleg, men det funker forbausande bra. Greit, det er kanskje ikkje det lettaste filmen å være med på, så eg vil anbefale å være ein smuuuuule konsentrert om det som skjer.

For The Call er ein god grøssar. Litt vold her og der, nokre skremmescener innimellom, men ikkje så mange at det blir dumt, det er rett og slett ein fin film som passar godt nå i vinternatta. Det at filmen ikkje kjem fra Hollywood er heller ikkje noko ulempe.


Kva var bra? 
"Og mobiltelefoner i dag er som en liten datamaskin du kan bære med deg"
"Nei? Du tuller!"

Kva var dårleg?
Stemmen fra fortida vart litt for gal på slutten.

Alt i alt eit godt tidsfordriv ein vinterkveld!




tirsdag 1. desember 2020

Minneverdige sykkelturar 2020

 1. desember, og det er på tide med den årlege oppsummeringa av dei fem mest minneverdige sykkelturane fra eit høgst uvanleg år.

2020 har ikkje berre vore året da den vestlege verda fikk smake på følgene av ein verdsomspennande pandemi, som jo er den negative storhendinga vi har hatt.
Av gode ting som skjedde, kan vi og hugse at den nyare tids mest uduglege amerikanske president også fikk fyken.

Men over til noko laaaangt viktigare; Sykkelturar.


Av pandemiske årsaker, så fikk eg faktisk ikkje på plass ein einaste av dei turane eg planla for året, eksempelvis over Vikafjellet fra Gudvangen.



OPPDATERT MED NYE FRAMTIDIGE TURAR NEDERST I POSTEN!


Tur nr. 1:

Skjolden-Nørstedalseter-Skjolden

Da er det på tide og offentleggjere årets mest minneverdige tur, kun dryge seks mil lang, men likevel ein tur eg burde tatt lenge før, og som eg definitivt skal ta fleire ganger.

15. juli var dagen for denne turen, og sidan det var ettermiddag, og eg var i det smådovne hjørnet, så juksa eg litt. Med sykkelen på biltaket køyrde eg inn til Skjolden, og starta sykkelturen derfra. Hadde ein liten sekk med drikke og klesbytte, for Nørstedalseter ligg i villaste fjellheimen, og eg måtte opp på over 950 moh for å komme dit. Da kan det være smart å skifte til ein skal nedatt, med sola bak fjella og kjøligare temperatur.

Innover til Bjørk har eg vore mange ganger på sykkel, men det pleier å stoppe der. Derfra er det nemleg grusveg inn til dei siste gardsbruka, eit par km. lenger inne i dalføret. Og der som det ikkje bur folk, er det kun ein mindre vedlikehalden, tidlegare anleggsveg, som Hydro vel står som eigar av. Vegen fra Øyane og innover i dette ville dalføret er eit kapittel for seg. At det i det heile teke er bygd veg for bilar og anleggsmaskiner i eit slikt landskap skulle ein ikkje tru var mogleg. Det fortel oss også kor viktig den store kraftutbygginga var i si tid. 
Det er bratt, smalt, tildels så ymse med vegdekket, og for nokre stup vi skal forbi....hoi!!!

Eg har køyrt masse bil rundt om i landet, men eg tør påstå at vegen fram her er noko av det mest ekstreme som fins her til lands. Dette er ikkje ein strekning for den som er redd for høgder.

Vel, bilvegen er ei historie, på sykkel derimot.... er dette kanskje den villaste og flottaste turen ein kan ta. Fortunsdalen er trang, bratt og nesten skummel opp Bakligjelet, den første skikkelege store utfordringa innover. Det stig ca. 350 høgdemeter på 5 km. noko som ikkje høyres så ille ut. Det er lettast i byrjinga, men det endrar seg gradvis oppover, og vegdekket er lysår fra å være god asfalt. 

Noko som er heile poenget med å reise inn hit.

Det var i tillegg lagt på ny grus ikkje så lenge før eg var der, noko som ikkje akkurat gjorde det lettare å sykle. Mine grus-dekk måler berre 32 mm framme og 35 bak, så da seier det seg sjølv at i laus grus, så vert det problematisk i 8-10% motbakke.

Det var ikkje så nøye. Eg tok meg berre ein stopp før neste kneik, såg litt på utbetringa etter at vegen hadde rasa ut i fjor, tok nokre bilder, litt drikke, såg på naturen, og sjølvsagt måtte eg ta ein titt ned i juvet, der elva brusa nokre hundre meter lenger nede....
Altså; Den som køyrer utover her, den får seg ein luftetur av dei sjeldne. Her er det eit par hundre meter rett ned i fossane....
Men Hydro har nå satt opp aluminiumsrekkverk innover, slik var det ikkje før i tida. Eg har aldri høyrt om nokon som har køyrt eller sykla utover, og det er like greit.

Etter det bratte og tunge partiet var vegdekket fastare og eg trilla vidare innover dalføret. Eg tok framleis nokre stopp, berre for å ta fleire bilder av høge fossar t.d. 
Få i dag veit at nokre av verdas høgste fossar fins innover her. Dessverre er mange (alle?) av  dei tørrlagde, men denne sommardagen var det fin vannføring fleire stader. Sein sommar, og mykje snø sytte for det.

Det er nokre bruer ein skal krysse på veg innover, og dei er greie å bruke som landemerke. Den første er ca. fem km. før ein kjem inn til turisthytta, og den neste ca. 4 km. før. 
Så blir det påny bratt. På 3,5 km. skal ein opp nye 270 høgdemeter, og her er det adskillige bratte kneikar innimellom. Tungt er det!

Det tok meg to timar og 16 minutt fra Skjolden til eg var inne i krysset over turisthytta. Her kan ein sykle inn mot Fivlemyrane eller nokre av dei andre anleggsvegane som går herfra. Ein er nemleg langt fra endepunktet enda!
Men eg hadde ikkje høve til meir denne kvelden. Eg sykla ned til hytta, der det stod mange bilar parkert, og utanfor låg det ein mann og sov på ein benk. Dette var nok ein sliten fjellvandrar som hadde slokna etter dei to ølboksane som han openbart hadde innteke etter turen sin.

Eg drakk opp colaboksen min, slappa av med eit medbrakt lite kakestykke, og såg heimover dalføret der eg hadde kome opp. Ein strålande flott kveld, på 900 moh, med sola som var på veg ned, snø som framleis låg att, ein av landets villaste grusvegar og lengste samanhengane unnabakkar og nokre heilt spektakulære stup venta....

Klesbytte, og så bar det ned att. Eg tok det med ro, for sjølv om det er lite bilar innover her, så betyr ikkje det BILFRITT. Og er ein så dum at ein sykler tulling nedover her, og møter ein bil i ein av dei tallause svingane, ja da bør du velge rette sida å køyre av vegen på....
Eg møtte da også to-tre bilar på veg ned, slik at det er sagt. I eit område med null mobildekning, så var det derfor smart å sykle forsiktig.

Også denne gang gikk det mykje fortare ned enn opp, det er visst ein vane blitt.


Så; For den som framleis ikkje har sykla inn til Nørstedalseter; Dette er ein tur de MÅ ta før de døyr. Bruk den tida som trengs, det er garantert ein tur de vil hugse, men for all del; bruk vettet når de skal heim igjen, og køyr på rett side av vegen. Du vil ikkje sykle over rekkverket i Bakligjelet.

Dryge seks mil fra Skjolden og retur altså, og tre timar og 45 minuttar sykling. Ikkje fort, men det kan ein heller ikkje forvente, og kva hadde vel vore poenget med det?

Men konklusjonen må iallfall bli; Dette var årets mest minneverdige tur, og eg skal love at sjølv om det var første gang eg var innover på tohjuling her, så blir det ikkje siste. 

Eit MUST for einkvar tohjulsentustiast!


Det ser kanskje ikkje så høgt ut bak meg, men det skal eg love det er. Eg står innafor rekkverket og i midten der nede, eit par hundre meter eller så, renn altså elva. 



Sommarkveld på Nørstedalseter. Som vi ser var det mykje bilar der denne dagen, men den einaste personen eg møtte låg altså og sov. Utandørs. Med to tomme ølboksar ved sidan av seg. 


På veg nedover så måtte eg jo stoppe å ta bilde av dette skiltet. Rasfaren byrjar altså ETTER skiltet, og dermed vart det ikkje så mange stopp herfra og ned nei.


Rett etter dei siste gardsbruka i Fortunsdalen, så er det Hydro som overtek eigarskapet av vegen, og det er herfra og innover i to mil at moroa byrjar. 



Tur nr. 2:

Hafslo-Tungestølen-Hafslo

19. juni var siste skuledag før ferien, og klassen til 12-åringen skulle markere den med ein tur på badestranda i Solvorn. Eg var sjåfør for denne muntre gjengen, og da barna var levert i solsteiken, så var det klart for ein trilletur.
Oppatt på Hafslo, parkerte, kjøpte litt drikke og ein banan og så; Strondi next!

Det er eit par år sidan eg var der sist på sykkel, og med den nye flotte turisthytta på Tungestølen klar til å ta imot coronafrie gjester, såg eg fram til dette.
Ein makelaus fin dag var det!

Som vanleg var det litt motvind framover langs vatnet, men eg var der for turens skuld, heilt åleine. Og når eg triller åleine i slik fin natur, så gidd eg ikkje stresse. Eg ser på naturen, fossar her, fuglar der...og sjølvsagt den noko spesielle vegen. Det er til tider smalt, svingete og fjellvegg på ei side, og rett ned i det iskalde (og over 150 meter djupt på det meste) Veitastrondsvatnet. Det betyr at også at biltrafikken er liten, iallfall føør folk finn ut kor fint det er der framme om sommaren.
Som sykkeltur synes eg dette er ein av dei finaste vi kan ta her i kommunen. Slike vegar er så utruleg morsomme å sykle på, og nå som eg var åleine, så sykla eg også utanfor alle tunnelane. Mine medsyklistar vil helst sykle i dei svarte hola grunna smalare og tynnare dekk som er meir utsatt for punktering enn mine grovare grusdekk.
Men eitt pussig fenomen må jo likevel nemnast; Det er berre eit par år sidan det opna ein ny tunnel på denne rasutsatte vegen. Dette er ein moderne og flott tunnel, som det ikkje er lov å sykle igjennom.
Det kan eg forsåvidt leve godt med, men da må vi også forvente at vegeigaren syter for å halde gang/sykkelvegen på utsida så nokolunde i stand. Da eg var forbi der, så hadde det gått eit ras som hadde øydelagt vegen skikkeleg i nokre meter. Her var det ikkje farbart, og her måtte eg pent gå av tohjulingen, trakke over øydelagt rekkverk, og store steinar.
Seinare på sommaren vart dette utbetra, såvidt meg bekjent, og slik må det sjølvsagt også være, når tunnelen er stengt for oss.

Eg har aldri sykla fram til Tungestølen før, og eg visste at dei siste fem-seks kilometrane var på grus, noko som gjorde det heile ENDA bedre. Framover her var det nå så utruleg fint at eg MÅTTE stoppe for nokre bilder. Godt og varmt var det også, om enn ikkje kokande varmt mellom snøkledde fjell og brear på alle kantar.

Framme på turisthytta så var det ingen andre gjester enn meg denne formiddagen. Det passa sikkert bra, så svett og ekkel som eg følte meg etter den siste bratte kneika opp. Inne i hytta traff eg ein hyggeleg mann, og han hadde nystekt sjokoladekake til salgs. Eit stort stykke fikk eg kjøpt, og saman med ei nykjøpt  Cola gikk eg for å sitte på ein benk utanfor, .........og nyte livet.....det har ikkje alltid vore så lett siste åra. 

Medan eg satt der ute, så forstod eg brått at nå hadde eg det faktisk bra. Ei slags kjensle som har vore altfor sjeldan heilt sidan 2015. Ein sykkeltur i solskinnet i fantastisk natur, ei god sjokoladekake og ein kald cola. Eg fant ut at stort bedre enn dette gikk det ikkje an å ha det.

Så der er svaret på kvifor denne turen måtte med som minneverdig tur; Den gjorde meg godt, både på opplevingar og i sinnsstemning. 
Sidan den gang har det sjølvsagt vore mange tunge dagar att, men det er iallfall heilt sikkert at slike fine turar hjelper på alle dei tunge stundene som ein dessverre er belasta med.


Når kaka var fortært, og colaen tom, så var det berre å trille til Hafslo att. Nå kom det enda eit stort pluss med å sykle til Veitastrondi; Medvind. Det er ALLTID ein hjelpande trekk heimover att. Det set vi pris på.

Tre timar og 20 minuttar brukte eg på dei 75 km. denne strålande dagen. Fort gikk det langtfra, men eg hadde iallfall hatt ein flott dag, det betyr mykje. 

Til den som ikkje har sykla fram til Veitastrondi enda; Det er ein makelaus flott tur, men hugs å ha med godt lys hvis du velgjer å sykle tunnelane, ja unntatt den store flotte, nye da. Der er vegen utanfor framleis god, og ikkje minst bilfri. 


Det blir knapt flottare enn dette.




Flagget var oppe også. Neppe fordi at eg kom forbi, men fint var det nå likevel.



Tur nr. 3:

Gaupne-Styggevatnet-Gaupne

8. juli var dagen for den lengste og mest krevjande av "Lustrabakkar 2020". Det vart avtalt ein slags fellestur, med avreise kl. 1200. Været var litt smårufsete, så eigentleg håpte eg vel på at det ikkje kom nokon andre....men det gjorde det sjølvsagt....
Så, framover Jostedalen bar det, i forholdsvis vettugt tempo. Og O lykke; Vi skulle ikkje lenger enn fram i sandtaket før regnet forsvant og sola kikka fram. JU-HUUU!

Med sekk på ryggen trilla vi vidare i finværet, for Styggevassdammen ligg på over 1200 meter, og den vinterstengte vegen var akkurat brøyta. Der oppe var det garantert mykje snø att enda. Klesbytte var eit must.

Ein ting er at vi skal opp fra havnivå til 1200 meter, ein annan ting er at det går meir opp og ned framover Jostedalen enn ein merkar med...ja...bil....
Spesielt bakken i Elvekrok etter 35 km. er merkbar. Rett nok er den ikkje så lang, kun ein km. med den stig 100 høgdemeter.
Likeeins er bakken opp til den noko pussige tunnelen etter Fåberg er seig nok. 1,4 km. og nye 100 høgdemeter etter ca. fire mil. 

Likevel vert desse to som juniorbakkar å rekne samanlikna med strekninga fra Øy og opp til Styggevatnet. 
Stravasegmentet seier at dette er ein kat 2 bakke, men tidlegare starta segmentet noko før, dvs. der som stigninga faktisk byrjar, og ikkje fra brua, og da var det ein kat 1 stigning. 
For den som ikkje veit det, så er kat 1 klassifisert som ein hardare bakke enn kat 2.


Uansett er segmentet ca. 8 km. og vi skal opp nesten 600 høgdemeter. Eg visste at eg ikkje hadde sjanse til å halde følge oppover rettstrekkene, så her var det berre til å ta sitt eige tempo.
Hvis det fins gudar ein stad, så var dei plassert nede på Øy denne dagen, for vi hadde ein god medvind oppover, noko som jo gav meg ny personleg rekord på alle segment oppover.
Til tross for medvind, så var eg ganske så sliten på toppen, etter nesten 5 mil med stadig brattare motbakke.
Her oppe var det ikkje eit snev av sommar. Kun to-tre grader, brøytekantar på seks-sju meter og masse snø. For ikkje å snakke om sjølve magasinet som var totalt dekka av is.
Jo, det er dette som er norsk høgfjell. I byrjinga av juli er det som ein middels vinter nede i låglandet.

Da vi hadde fått tatt nokre bilder, og skifta til tørt fra den medbrakte sekken, så fikk vi selskap av den kvinnlege amazonsyklisten i klubben også. Vi vart einige om å sykle samla ned att alle tre, og eg tenkte i mitt stille sinn at dette ville bli ei tøff økt heim. Slike trekkhestar som desse to er ikkje å spøke med.

Turen ned til Øy tok merkleg nok mykje kortare tid enn dei 48 minuttane eg brukte opp, rart det der. Der nede var eg også sjeleglad for å endeleg komme ned i litt meir levlege temperaturar. Unnabakke i 3-4 grader er ikkje spesielt...varmt....

Fra Fåberg og til Gaupne gikk det som det kosta. Dei to gale eg hadde med meg sykla ganske så heftig etter min smak, så eg tok mi siste føring i Fossøyadn, og låg deretter som nr. to eller tre stort sett heile vegen heim. Det var slitsomt nok.

Så; Det minneverdige her er fleire ting: Årets høgaste punkt (1215 moh), årets lengste både i tid og avstand (nesten fem og ein halv time, og over 11 mil), samt eit fint selskap på turen som rett nok holdt på å ta knekken på meg fra Haukåsgjelet og heim.

Gøy var det. Enda så langt, høgt og slitsomt det var.


Oppe på Styggevassdammen var det fint lite som minna om juli-månad denne dagen.
Det kjem ikkje fram av bildet, men her var det to grader og ein kjølig trekk fra brrrrreen......



Oppe fra toppen kan vi kikke ned på vegen som snirklar seg opp. Det ser kanskje ikkje så bratt ut, men vegen held jamnt 8-10% heile vegen.


På veg ned att fikk eg tatt eit bilde av mine to medsyklistar, som gav meg bakhjul mang ein gang på turen heim. Eg er dei to ein stor takk skuldig for ein fin, men også for meg ein rimeleg tøff tur. Dei to andre løyste vel knapt svetten.  
I bakgrunnen ser vi litt av dammen som dei to føregåande bilda er tatt fra. 



Tur nr. 4:


Matre-Åkra-Matre

Tur nr. 4 vert også ein solotur, denne gang fra midten av august, og ein av kun to turar som var utanfor kommunen i 2020.
Vi pleier å ta oss ein årleg ferietur til Kvinnherad kvar sommar, for fisking og avkopling. Og fins det bedre avkoplingsmåtar enn å trille ein tur? Neppe.

Matre er ikkje nokon storby akkurat, og heller ikkje nabogrenda Åkra kan seiast å være av metropolstorleik.

Noko som jo er heile gleda med å feriere og ikkje minst, sykle der.
Biltrafikken er minimal, og vegen er av typisk vestlandsstandard, dvs. ca. fem meter brei, svingete, nokre små tunnelar her og der samt: Bakkar.
Her i Luster har vi ein heilt annan geografi, med høgare fjell og trangare fjordar, men det vi ikkje har i samme grad som på denne turen er altså bakkar. Ikkje fjell altså, men bakkar. 
På den knappe fem mil lange turen vart det sju gode bakkar og nesten 1100 høgdemeter. Høgaste punkt var berre 212 moh, og det er jo ingenting, men når ein ikkje akkurat er skapt for klatring, og når dei kjem såpass tett, så vart det heftig nok. Kun eit par kilometer av heile turen gikk på flat veg, ellers var det opp og ned heile tida. Ein km. opp her, tre km. ned der, fire km. opp att, ned, opp, opp, ned....
Det er nettopp derfor dette er ein minneverdig tur. Ja, naturen er fin, været var bra, ein idiot som køyrde gris som holdt på å kollidere med traktoren bak meg, men likevel er det dei sju bakkane og følgeleg også utforkøyringane som gjer dette "minneverdig". 
Skikkeleg grov asfalt, som skapt for min "gravel-bike".

Ikkje gikk det så fort at det gjorde noko, eg stoppa for fotografering og utsyn fleire ganger. Ein kan unne seg slikt på avkoplingsturar.

Ein trase som kan anbefalast!


Det er ikkje traseen langs fjorden som er det mest interessante, men dei forholdsvis korte bakkane.
Litt sånn "hai-kjeft" :-)



Vegen er som sagt ikkje av den beste, for billistar. For oss som syklar derimot er det reine paradiset.
Eg likar slike vegar veldig godt! 


Dette bildet er tatt fra kaien i Åkra, og eg meiner at vi ser over mot Kyrping eller kva det no enn heiter på andre sida av fjorden. Uansett: Fint er det!


Tur nr. 5:

Gaupne-Brunestegen-Gaupne

Så da får vi nøye oss med noko enklare, og på femteplass over minneverdige turar, så kjem turen opp til Brunen.
Ikkje fordi den var så lang, eller gikk på nye og ukjende vegar, neida.
Årsaka til at den kom med, er at det nok var den turen i år som fikk opp pulsen mest, iallfall over eit såpass langt tidsrom.

"Col d`Brunestegen" var ein av våre seks Lustrabakkar, den uhøgtidlege bakkekonkurransen, som eg sjølv har komponert. Opp dit er det seks km. og med pene 640 høgdemeter gir det like pene 10,6% i snitt, iflg. Strava.  Men snitt er ein ting. Sidan det er adskillige parti med lågare stigningsprosent, og endatil nesten flatt før siste kneika, så veit vi jo kva det betyr: Det MÅ være vesentleg brattare nokre stader.
Dei stadene startar med den siste kneika opp til vegkrysset i Engadalen (Vegaskjølet for oss lokale), og vidare opp forbi hårnålssvingane. Dette er ikkje meir enn 1,2 km, men det stig altså 170 høgdemeter. 
Og det merkast særs godt når ein har først har komen seg opp i Engadalen, det er tross alt nesten 10% i snitt dei fire km. før det brattaste partiet også..

Nemnde eg at det er grusdekke oppover her? Ikkje? Neivel. Det er grus. Noko som gjer at ein står i fare for å spinne dersom ein reiser seg på sykkelen, iallfall når ein velgjer å bruke noko anna enn ein terrengsykkel med knastedekk.
Eg satsa på grusdoningen oppover, og låg eigentleg bra an, heilt fram til foten av det aller brattaste partiet. Grussykkelen har ei lettaste utveksling på 32 krank og 34 på kassetten, noko som gjer at normalt kjem ein opp dei langt fleste bakkar.
Da var eg så gåen at blodsmaken kom, og farten var så låg at eg holdt på å velte. Eller kanskje det var utmattinga som gjorde at vegen gjekk i bølgjer...


Det var såleis inga veg utom; Eg måtte stå av og gå (forsøk på "løp" oppover her er fånyttes) nokre meter for å komme til hektene att ein smule. Fikk satt meg på sykkelen att før første sving, og trilla, stadig godt over den teoretiske makspulsen på 165, inn i veggen rett etter siste sving. Da måtte eg gå av ENDA ein gang. Så, medan sveitten rant (dette var 22. juni og ein fin og mild sommarkveld) og med tunga hengande som eit 17.mai slips, så stavra eg meg vidare oppover. Tenkte for meg sjølv at "Håpar ingen ser meg nå", for det synet var garantert ikkje mykje pent. 

OMSIDER. Oppe forbi dei to hårnålssvingane, og det første "flate" partiet som kun har 8-10% før det faktisk er flatt og ein smule unnabakke i knappe 500 meter. Det er forøvrig dette partiet som trekker ned snittprosenten på heile bakken til dei før omtala 10,6%. Men det varer ikkje lenge, for siste kneika er kanskje ikkje meir enn 400 meter lang, men stig nye 50 høgdemeter. Og den svir.

På eit eller anna forunderleg vis kom eg meg opp på parkeringsplassen, og til alt hell var det ingen personar der. Alle lydane eg hadde laga litt nedi bakkane hadde også jaga vekk sauer og småvilt, så plassen var heilt for meg sjølv.
Like bra eigentleg.

Totalt utkøyrd.


Litt drikke på dei naturskjønne betongbenkene som er satt opp, og så ned att. 

Det gikk mykje fortare enn turen opp.

Satte ny pers i det minste, det var jo bra. Pleier å ta ein tur opp her kvart år, den årlege sjølvplagarturen som eg kallar den. Og i år var sjølvplaginga verre enn før, men det var jo liksom heile vitsen.


Etter å ha kome til hektene att, så rakk eg sanneleg å ta eit bilde på toppen også.




Engadalen er ei lita perle, og denne fine vesle fossen er ikkje noko unntak.
Måtte jo ta ein snue forbi her, når eg først var oppi likevel.


********************************************************

Da er det også på tide å legge inn tre nye framtidige turar, som kanhende blir realisert ein gang i framtida. Turane eg håpte på i år, vart det ingenting av, men så har 2020 vore eit spesielt år på alle vis. Kan liksom ikkje reise rundt og tenke på sykkelturar slik som det har vore nå.


Men det er lov å drøyme.


Framtidig tur nr. 1:


Lom-Juvasshytta-Lom

Kvifor? Fordi det er landets høgtsbeliggande vegstrekning, heilt opp til 1841 meter moh. Slike høgder må vi til Alpane for å finne ellers.
Det er 34 km. fra Lom til Juvass, og omtrent heile vegen er motbakke, men det er sjølvsagt der vi tek av fra Sognefjellsvegen det blir moro. 13,1 km. med 10% i snitt.
Det vert rekna som landets kanskje tøffaste stigning, antaglegvis med rette. Det er kanskje ikkje like bratt som Stalheimskleiva, men dette er ein stigning som hadde blitt klassifisert som HC i dei store etapperitta også.

Sikkert skøy nedatt.







Framtidig tur nr. 2:

Sykle i 12 timar samanhengande.
Kvifor? For å sjå kor langt ein kjem på 12 timar såklart! Start på Lom, og deretter på alle dei sidevegar vi kan finne ned mot Otta, og vidare ned Gudbrandsdalen. 
Har sykla i 24 timar, og det var da greit nok.
Må ha mat og drikkepausar innimellom, men opp att til Fagernes burde da være råd å få til?



Framtidig tur nr. 3:

"Molding"
Den nye store trenden nå under covid-19, var såkalla "Everesting", eller variantar av denne mildt sagt spesielle øvinga.
"Everesting" er kort forklart å sykle opp og ned samme bakke samanhengande heilt til ein har sykla like mange høgdemeter som Mount Everest, dvs. 8848 m.
Ein slik prestasjon kjem eg aldri til å klare, men det fins variantar, eksempelvis "Mont Blancing" eller "Galdhøpigging", der prinsippet er det samme; Opp og ned samme bakke til nevnte fjells høgde er oppnådd. Det fins også ein enda verre variant som heiter "Trenching", men la oss ikkje gjere dette meir innfløkt enn det er.

Kvar?
Fra Tangaflati og opp på Lambhaug.
Kvifor akkurat der?
Fordi det er ein lite trafikkert veg, med lite svingar slik at vi heller ikkje brukar så lang tid ned att.
Andre fordeler?
Ja, dersom vi kunne gjort eit arrangement ut av det, eksempelvis skaffe kroner til eit veldedig formål, kunne vi kanskje hatt skulen midt i bakken som utgangspunkt og base.




Stravasegmentet er laga, men eg har holdt det personleg fram til nå. Det er nesten likt det mykje brukte segmentet opp Indre Hafslo, men byrjar litt nærare krysset til FV 55, slik at ein skal få bruke alle høgdemetrane.

Og kor mange ganger må du sykle opp/ned her?

"Molding", 1118 m. det må syklast opp sju ganger, vi rundar oppover. Totalt 37 km. opp og ned.
"Galdhøpigging",  2469 m, det må syklast opp 15 ganger. Totalt 84 km opp og ned.
"Mont Blancing", 4808 m, det må syklast opp 29 ganger. Totalt 194 km opp og ned.
"Everesting", 8848 m, det må syklast opp 53 ganger. Totalt 296 km. opp og ned.


Det hadde jo vore moro å få til eit eller anna....




mandag 30. november 2020

Voces - filmomtale

 Ny spansk grøssar vart slept laus på verda nå i slutten av oktober, inneholdande det vanlege nifse huset, den like vanlege nifse guten og ikkje minst, sikkert nokre jump-scares innimellom.


Den norske tittelen er "Stemmene", noko som jo høyres langt mindre skummelt ut enn det spanske ordet "Voces" eller det som eg vil anta er den engelske tittelen; "Voices".
Spania har produsert ei rekkje glimrande grøssarar sidan årtusenskiftet, og dette er ikkje noko unntak.
Såvidt eg har funne ut er filmen laga i fjor, utanfor Cordoba ein plass, men dette tør eg ikkje garantere 100%.

Men det spelar forøvrig mindre rolle.

Handling:
Vi møter ein liten familie beståande av mor, far og åtteåringen Eric. Dei kjøper gamle hus, pussar dei opp og selgjer dei vidare. Nå har dei kome over eit heller falleferdig murhus utanfor ein middels stor spansk by. Det byr på store utfordringar å ruste opp det gamle erverdige bygget, bl.a. i form av ekle fluger som surrer ut fra eit hol under trappa.
Guten er ellers sterkt interessert i det noko uappetitlege svømmebassenget i hagen, og da veit vi jo alle at dette bassenget vil få ei eller anna form for innverknad på livet til denne familien.

Guten får etterkvart problem med den vesle walkie-talkien som han stadig tar med seg og samtaler med foreldra via. Det dukkar nemleg opp ukjende....ja, du gjetta det......stemmer i den. Ikkje nødvendigvis av den hyggelege sorten heller, men skremmande.
Etterkvart vert det ikkje berre lydar, men også fleire og fleire skremmande syn rundt om i huset. 


Ein ikkje spesiell original bakgrunn vert etterkvart spennande og grøssande for oss som liker slikt. Her var det ikkje alt som såg like opplagt ut fra start, slik som i altfor mange dusinvarer av sorten. Neida, ein meir og meir krypande og ekkel stemning seig inn, før det på slutten vart kanskje litt for mange opplagde BØ!!!-scener som rett nok fungerer heilt ok.

"Stemmene" er kanskje ikkje Oscar-materiale, men den har kvalitet nok til å få grøssarfans til å humre småleikent, og den er skummel nok til å skremme brokk på den som ikkje kjenner genren.

Det kan ellers være verdt å nevne at filmen for all del må sjåast på originalspråket, og at det med fordel kan være verdt å sjå gjennom HEILE rulleteksten.

Vi ventar nå berre på del to.


Høgdepunkt:
Mamma som leiter under og over senga.

Lavmål:
Litt for mange jump-scares siste kvarteret.


Alt i alt; Ein meir guffen grøssar  enn dei vanlige dusinvarene til Netflix.






mandag 23. november 2020

DES - serieomtale

 I 1982 vart vi nærast rysta over nyhenda fra England om ein Dennis Nilsen. Dette var ein mann som hadde begått fleire drap, noko som var forsåvidt ille nok i seg sjølv. Men han hadde ikkje berre tatt livet av kanskje 15-16 menn, han hadde oppbevart dei i husværet sitt, i månadsvis, deretter partert dei og brunne opp restane. Dei restane som ikkje vart med i bålet, vart forsøkt spyla ned i dass, og det var nettopp dette som gjorde at han vart oppdaga.


Makabert i 1982. Minst like makabert å lese detaljane nå.

Snart 40 år etter så kom altså miniserien om denne norskætta seriedrapsmannen, ein av Englands mest omtala av sorten nokon gang.



Serien er i tre deler, og vart tilgjengleg på TV2 Sumo nå i november. 

Handling: 
Vi startar med Nilsens pågriping, rett etter at ein røyrleggjar har vore å staka opp dei tette kloakkrøyrene i bygningskomplekset der Nilsen bur. 
Vi vert derfor spart for det som kunne overgått dei villaste splatterfilmane sine blodorgiar, noko som jo er heile poenget med denne briljante serien. Vi får nemleg ikkje sjå blod nesten i det heile teke, og parterte kroppsdeler vert vi også spart for, med unntak av nokre kjøttslintrer som den før omtala røyrleggjaren viser fram i eitt sekund.

Men til tross for at vi altså ikkje SER noko som helst, så kan vi likevel godt forestille oss korleis det har vore i Nilsens husvære, gjennom den stadige trangen politietterforskarane har til å dekke for luftvegane....

Det er altså ikkje utføringa av dei mange drapa som er hovedfokus her. Tross alt; Vi snakkar ikkje om SAW eller Hostel.
Det er politiets etterforskning som er hovedtema, samt eit dykk ned i ein svært farleg mann sine tankar. Nilsen nektar nemleg å snakke med politiet etter ei tid, og hyrer heller inn ein kjend forfattar. Boka er forøvrig ekte, og er ein av mange bøker om seriedrapsmenn som forfattar Brian Masters har skreve.

Politiet slit med manglande håndfaste bevis, tiltross for at Nilsen vedgår altså 15-16 drap.
I ein rettsstat skal det heldigvis meir til enn berre ei vedgåing. 
Leiaren for etterforskninga møter stadig juridiske utfordringar, samt at han må inngå ei rekkje kompromiss for i det heile teke å få Nilsen tiltala for overlagde drap.


Det er sjølvsagt inga spenning om kva utfallet blir, for det kan vi alle finne ut. 
Men likevel er dette er sjeldant engasjerande og drivande god TV-serie, lysår fra alle dei lettliva krimseriane som TV-kanalane spyr ut til dagen. 
Og ingen er bedre enn hovedperson Dennis Nilsen himself, fantastisk spela av skotske David Tennant, sist sett som ein av Voldemort sine dødseetarar i Harry Potter-filmane.

Som Nilsen er han laaaangt skumlare enn Voldemort nokon gang kunne bli. Her har vi ein intelligent, bebrilla byråkrat som styrer mykje av etterforskninga slik han vil. Ein intelligent mann, som også kunne oppbevare lik under golvplankane i huset sitt i månadsvis, samt småkoke eit hode i mange timar slik at kjøttet kunne spylast ned i dass.

Ein engasjerande, skremmande og knakande god TV-serie som alle med eit snev av sans for realistisk, britisk krim bør sjå. Om ikkje anna, så er tidssnittet perfekt: Folk røyker som besatt, det vert brukt fasttelefonar og skrivemaskiner, og alle menn går med slips.

Glad dei dagane er over.


Ein soleklar